Wyandotar
Wyandotor, wendat eller huronar, er eit indianarfolk i Nord-Amerika som opphavleg var busett i områda som ligg i det som i dag er Ontario og Québec i Canada. Dei første franske oppdagingsreisande kalla medlemmane av wyandotføderasjonen for huronar; det er omstridd kva det namnet kjem av. Kjernelandet deira vart kalla Wendake.
Språka deira høyrde til den irokesiske språkfamilien, men er i dag utdøydd. Det finst om lag 8000 etterkommarar spreidd over Nord-Amerika. I Québec er det ca 3000 som har fransk som førstespråk, medan ca 4000 med engelsk som førstespråk lever i Kansas og Oklahoma. Ei lita gruppe lever stadig i det sørlege Ontario og Michigan.
Før 1900
endreI likskap med andre stammar av irokesergruppa organiserte wyandotane seg i ein konføderasjon med nært nærskylde stammar. Denne nasjonen bestod primært av:
- Arendarhonon
- Tahontaenrat
- Attigneenongnahac
- Attignawantan
- Ataronchronon
Allereie lenge før engelskmennene og tilkoma til franskmennene hadde wyandotane vore i konflikt med irokesarane mot sør. Då dei europeiske kolonimaktene vart involvert vart denne konflikten intensivert. Dei franske handelsfolka allierte seg med wyandotane, medan engelske nybyggjarar gjekk i forbund med irokesarane. Europeisk våpenteknologi gjorde kampane særs blodige, og omkring 1650 hadde irokesarane nesten utsletta wyandotane. Deretter flykta den vestlegaste gruppa av dei mot vest, og slo seg ned i Ohio og Michigan. Størstedelen av denne gruppa vart på 1800-talet forflytta til indianarreservat i Kansas og Oklahoma.
Wyandotane var på 1500-talet jordbrukarar som budde i forskansa landsbyar som vart forlatne når jorda var utpint. Dei beherska lagerteknologiar og vart med det relativt velståande. Overskotet vart brukt på handel med nabostammer, blant anna tobakk.
På 1700-talet allierte wyandotane seg først med britane og så med franskmennene i den lange rekkja av kolonikrigar som prega Nord-Amerika i denne perioden. Under den franske og indianske krigen var wyandotane allierte med franskmennene og kom etterpå til å få ansvaret for massakren på dei angloamerikanske krigsfangane etter slaget ved Fort William Henry.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Wyandotar» frå Wikipedia på bokmål, den 8. november 2010.