W.H. Auden

(Omdirigert frå Wystan Hugh Auden)

Wystan Hugh Auden (21. februar 190729. september 1973) var ein britisk-amerikansk modernistisk diktar som er blitt rekna som ein av dei største forfattarane frå 1900-talet. Auden er kjend for tekniske og stilistiske nyvinningar, i verk med ulik tone, form og innhald som gjerne tok opp moralske og politiske spørsmål. Sentrale emne for dikta hans er kjærleik, politikk og borgarskap, religion og moral, og tilhøvet mellom mennskelege individ og den anonyme, upersonlege naturlege verda.

W.H. Auden

W.H. Auden i 1939
Foto: Carl Van Vechten
Pseudonym W. H. Auden
Statsborgarskap Storbritannia, USA
Fødd 21. februar 1907
York
Død

29. september 1973 (66 år)
Wien

Yrke lyrikar, manusforfattar, litteraturhistorikar, skodespelforfattar, skribent, librettist, universitetslærar, litteraturkritikar, essayist, komponist, omsetjar
Sjanger lyrikk
Medlem av American Academy of Arts and Letters, Bayerische Akademie der Schönen Künste
Religion Den anglikanske kirke
Far George Augustus Auden
Mor Constance Rosalie Bicknell
Ektefelle Erika Mann, Chester Kallman
W.H. Auden på Commons

Auden var fødd i York i England og voks opp i Birmingham. Far hans var lege medan mora var utdanna sjukepleiar. Han studerte ved Gresham's School i Norfolk 1920-1925 og ved Christ Church ved Universitetet i Oxford 1925-1928. Etter å ha budd 9 månader i Berlin og delteke som ambulanseførar og reportar for republikanarane i den spanske borgarkrigen kom han til USA i 1939 og blei amerikansk statsborgar i 1946. Auden meinte han hadde islandske aner, og islandske soger fann gjenklang i mange av verka hans.

W.H. Auden debuterte i 1930 med samlinga Poems, som blei vurdert av T. S. Eliot. Dei tidlege dikta hans var intense og dramatiske, og gav han eit rykte som ein venstreorientert diktar og profet. Dette var ei rolle han gjekk vekk frå etter at han busette seg i USA. Dikta hans frå 1940-åra tok for seg religiøse og etiske tema på ein mindre dramatisk måte, ofte i nyskapte former basert på tradisjonelle diktmønster. I 1950- og 1960-åra hadde mange av dikta hans fokus på korleis ord viste og gøymde kjensler. Han hadde ei særskilt interesse i å skriva opera-librettoar, ei form som passa for direkte uttrykk for sterke kjensler.

Auden skreiv også ei rekke artiklar om litterære, politiske, psykologiske og religiøse emne. Han arbeidde også med dokumentarfilmar, lyriske skodespel og andre førestillingar.

W.H. Auden var homofil. Han hadde eit litterært og romantisk tilhøve til Christopher Isherwood, ein forfattar han hadde blitt kjend med under skulegangen. Han gifta seg med den austerrikske forfattaren Erika Mann i 1935, men dette var eit pro forma-ekteskap for at ho skulle få britisk statsborgarskap og sleppa unna nazistisk forfølging i heimlandet. Mot slutten av 1930-talet trefte han diktaren Chester Kallman, som han hadde eit tilhøve til resten av livet.

Auden døydde i Wien. Etter sin død blei særleg dikta hans «Funeral Blues» («Stop all the clocks») og «September 1, 1939», om utbrotet av andre verdskrigen, kjend for eit vidt publikum.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: W.H. Auden