Opna hovudmenyen

XYZ var ei kortliva supergruppe. Namnet XYZ kjem frå eX-Yes-&-Zeppelin sidan gruppa bestod av tidlegare Led Zeppelin-gitarist Jimmy Page, i lag med tidlegare Yes-medlemmar Chris Squire (bassgitar, vokal, klaverinstrument) og Alan White (trommer). Squire var den viktigaste låtskrivaren for gruppa.[1] Page meinte at bandet trong ein sterk vokalist og høyrte med tidlegare Led Zeppelin-songar Robert Plant. Plant møtte opp på ei øving med XYZ den 28. februar 1981, men valte å ikkje bli med i gruppa, fordi han ikkje likte den komplekse musikken.[2] Utan Plant og med kontraktsproblem om kven som skulle styre gruppa[3][4] vart prosjektet skrinlagt kort tid etter.

XYZ
Chris squire 1978.jpg
OpphavLondon i England
Aktiv1981
SjangerProgressiv rock, hardrock
Tilknytte artistarLed Zeppelin, Yes, The Firm
PlateselskapSwan Song
MedlemmerJimmy Page
Chris Squire
Alan White

MedverkandeEndra

KjelderEndra

  1. «Chris Squire of Yes talks about the band's legacy, current tour and future». 
  2. «Led Zeppelin :: Achilles Last Stand». 
  3. Welch, Chris (2003). Close to the Edge: The Story of Yes, Revised Edition. London: Omnibus Press, s. 202. ISBN 0-7119-0509-5
  4. Alan White de Yes: el batero que tocó con todos