You've Got Another Thing Comin'

You've Got Another Thing Comin'
Singel av Judas Priest
frå albumet Screaming for Vengeance
B-side

«Exciter» (live)

Språk engelsk
Utgjeve August 1982
Innspelt 1982 i Beejay Studios i Coconut Grove i Florida
Sjanger Heavy metal[1]
Lengd 5:07
Selskap Columbia
Komponist Glenn Tipton, Rob Halford, K. K. Downing
Tekstforfattar K. K. Downing, Rob Halford, Glenn Tipton
Låtskrivar(ar) Rob Halford
K.K. Downing
Glenn Tipton
Produsent Tom Allom
Judas Priest-kronologi 
«Hot Rockin'»
(1981)
You've Got Another Thing Comin' «(Take These) Chains»
(1982)


«You've Got Another Thing Comin'» er ein song av det britiske heavy metal-bandet Judas Priest. Han vart gjeven ut i 1982 på albumet Screaming for Vengeance og same året på singel. I mai 2006 rangerte VH1 songen på femteplassen på lista si over dei 40 beste metal-songane gjennom tidene.[2] Det vart ein av signaturlåtane til Judas Priet og i lag med «Electric Eye» og «Breaking the Law» faste nummer på konsertane deira. «You've Got Another Thing Comin» vart først framført på opningskonserten under the Vengeance-turneen i Stabler Center i Bethlehem i Pennsylvania, den 26. august 1982 og har blitt spelt kring 673 gonger i alt til og med Epitaph-turneen i 2012.

Songen nådde 67. plassen på Billboard Hot 100 den einaste Judas Priest-singelen som gjekk inn på singellista i USA.[3]

«You've Got Another Thing Comin'» nådd òg 66. plassen i Storbritannia.[4] På den amerikanske Billboard rock-lista nådde songen fjerdeplassen.

Mottaking endre

Wayne Parry i Associated Press kalla han i lag med «Hell Bent for Leather» og «Living After Midnight» ein av «standardane som andre metal-songane vart målt opp mot».[5] Greg Prato i AllMusic skreiv at songen vart det store gjennombrotet til Judas Priest i USA.[1]

I andre media endre

Songen er nytta i fleire videospel, som til dømes Prey; i Grand Theft Auto: Vice City's, Rock Band og Guitar Hero.

Songen er blitt nytta i komediefilmen Bad Teacher frå 2011. Songen er òg nytta i ein episode av Californication.

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Judas Priest: You've Got Another Thing Comin'». Allmusic. Henta 19. september 2016. 
  2. "VH1 40 Greatest Metal Songs", 1–4 May 2006, VH1 Channel, reported by VH1.com Arkivert 2009-02-26 ved Wayback Machine.; henta 19. september 2016.
  3. White, Emily (18 July 2014). «Judas Priest Debut At No. 1 On Top Rock Albums». Billboard. Henta 19. september 2016. 
  4. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 291. ISBN 1-904994-10-5. 
  5. Parry, Wayne (26 July 2002). «Five Questions With Rob Halford». Associated Pres. Arkivert frå originalen 21. september 2014. Henta 19. september 2016 – via Highbeam Research. (krev abonnement (help)). 

Bakgrunnsstoff endre