You Belong in Rock n' Roll

You Belong in Rock n' Roll
Singel av Tin Machine
frå albumet Tin Machine II
B-side

«Ampalura» (indonesisk versjon)

Språk engelsk
Utgjeve August 1991
Innspelt Sydney september – oktober 1989; april 1990; september – oktober 1990; Los Angeles, mars 1991
Sjanger Rock
Lengd 3:33
Selskap London
LON 305
Låtskrivar(ar) Bowie, Gabrels
Produsent Tin Machine, Tim Palmer
Tin Machine-kronologi 
«Prisoner of Love»
(1989)
You Belong in Rock n' Roll «Baby Universal»
(1991)


«You Belong in Rock n' Roll» er ein song av Tin Machine, gjeven ut på Tin Machine II i august 1991. Songen vart skriven av David Bowie og Reeves Gabrels og var den første singelen dei gav ut på Victory Records, som vart distribuert av London Records i Storbritannia.

Bakgrunn og innspeling

endre

Songen vart spelt inn i 1989 etter den første turneen til Tin Machin, og Gabrels brukte eitt år på å mikse og legge til fleire lydspor på songen, inspirert av Nine Inch Nails-albumet Pretty Hate Machine (1989). Gabrels sa at «You Belong in Rock n' Roll» i hovudsak starta «som ein bass-song. Eg ønskte å leggje nokre industrielle greier inn der.»[1] Gabrels prøvde å bruke ein elektrisk barbermaskin for å påverke lyden på gitaren sin or songen, men enda opp med å bruke ein vibrerande dildo han kjøpte på ein lokal sex-butikk.[1]

Singelen vart lansert med mykje marknadsføring, mellom anna ei framsyning på Top of the Pops, der Gabrels valde å spele gitar med eit rundstykke, og Wogan, der bandet igjen mima, og denne gongen spelte Gabrels på gitaren med dildoen. David Bowie såg ut til å vere synleg lei småpratinga til programleiaren.[2] Singelen nådde 33. plassen på den britiske singellista, som var skuffande. Det vart likevel den største hitsingelen til Tin Machine.[2]

Innhald

endre

7"-versjon

endre
  1. «You Belong in Rock 'n' Roll» (Bowie, Gabrels) – 3:33
  2. «Amlapura» (indonesisk versjon) (Bowie, Gabrels) – 3:49

12"/CD-versjon 1

endre
  1. «You Belong in Rock n' Roll» (lang versjon) (Bowie, Gabrels) – 6:32
  2. «You Belong in Rock n' Roll» (LP-versjon) (Bowie, Gabrels) – 4:07
  3. «Amlapura» (indonesisk versjon) (Bowie, Gabrels) – 3:49
  4. «Shakin' All Over» (Live) (Kidd) – 2:49

CD-versjon 2

endre
  1. «You Belong in Rock n' Roll» (Bowie, Gabrels) – 3:33
  2. «Amlapura» (indonesisk versjon) (Bowie, Gabrels) – 3:49
  3. «Stateside» (H. Sales) – 5:38
  4. «Hammerhead» (Bowie, H. Sales) – 3:15

Medverkande

endre

Produsentar

Musikarar

Konsertopptak

endre

Salslister

endre
Liste (1991) Plassering
Frankrike (SNEP)[3] 42
Nederland (Mega Single Top 100)[4] 51
UK Singles (OCC)[5] 33

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 O'Leary, Chris (2019). Ashes to Ashes The Songs of David Bowie 1976–2016. Repeater Books. ISBN 9781912248308. 
  2. 2,0 2,1 Pegg, Nicholas (October 2016). «The Complete David Bowie New Edition: Expanded and Updated». Titan Books. 
  3. "Lescharts.com – Tin Machine – You Belong In Rock N' Roll" (på fransk). Les classement single. Hung Medien.
  4. "Dutchcharts.nl – Tin Machine – You Belong In Rock N' Roll" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  5. «Official Charts: Tin Machine», Officialcharts.com, henta 112. september 2021