You Won't See Me
You Won't See Me Song av The Beatles frå albumet Rubber Soul | ||
Utgjeve | 3. desember 1965 | |
Innspelt | 11. november 1965 Abbey Road Studios | |
Sjanger | Poprock[1] | |
Lengd | 3:22 | |
Selskap | Parlophone | |
Komponist | John Lennon, Paul McCartney | |
Tekstforfattar | John Lennon, Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Lennon/McCartney | |
---|---|---|
Produsent | George Martin |
You Won't See Me Singel av Anne Murray frå albumet Love Song | ||
A-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | april 1974 | |
Innspelt | januar 1974 | |
Sjanger | Pop, country | |
Selskap | Capitol Records 3867 | |
Komponist | John Lennon, Paul McCartney | |
Tekstforfattar | John Lennon, Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Lennon/McCartney | |
Produsent | Brian Ahren | |
Anne Murray-kronologi | ||
«A Love Song» (1974) |
You Won't See Me | «Son of a Rotten Gambler» (1974)
|
«You Won't See Me» er ein song av The Beatles, frå albumet Rubber Soul. Han er tilskriven Lennon/McCartney, men vart i røynda skriven av Paul McCartney. Dette er ein av få songar der McCartney syng lågare harmoni, medan Lennon og Harrison syng den høgare harmonien i lag.
Historie
endreSongen er om ei krise i forholdet til den dåverande kjærasten til McCartney, Jane Asher. Ho slutta å ringe attende til han og ignorerte han ein periode. Den meir bitande tonen i songen markerer ei endring frå tidlegare, lykkelegare kjærleikssongar. «You Won't See Me» vart innspelt under den siste innspelingsdagen for Rubber Soul. Med ei lengd på 3:22 var songen den lengste The Beatles hadde spelt inn til då og markerte ein trend Bob Dylan og andre starta på denne tida med å skrive lengre songar.[2]
Mal «Organ» Evans (ein av roadieane til Beatles gjennom heile karrieren deira) spelte hammondorgel på denne songen.[2]
Medverkande
endre- Paul McCartney – Solovokal, bass, piano
- George Harrison – korvokal, sologitar
- John Lennon – korvokal
- Ringo Starr – trommer, tamburin
- Mal Evans – Hammondorgel
Annne Murray-versjonen
endreI 1974 vart «You Won't See Me» ein stor hit for Anne Murray, og nådde 8. plass på Billboard Hot 100 og førsteplassen på Billboard Easy Listening singles-lista.[3] Lennon fortalte Murray at versjonen hennar av «You Won't See Me» var hans favoritt av coverversjonane av Beatles-songar.[4]
Salslister
endre
Vekeslisterendre
|
Årslisterendre
|
Andre versjonar
endreSongen vart spelt inn av Bryan Ferry på albumet These Foolish Things i 1973. Robert Palmer spelte òg inn ein versjon av songen.
The Bee Gees spelte songen i Australia i 1966 og vart sidan gjeven ut på albumet Inception/Nostalgia i 1970, som berre vart gjeven ut i Tyskland, Frankrike og Japan.
Billy Joel nytta ein kort del av songen i hans «All You Wanna Do Is Dance».
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «You Won't See Me» frå Wikipedia på engelsk, den 11. april 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- (2010) Plateomslagstekst for The Best...So Far. Capitol (ASIN: B000002TU5).
- MacDonald, Ian (2005). Revolution in the Head: The Beatles' Records og the Sixties (Second Revised utg.). London: Pimlico (Rand). ISBN 1-84413-828-3.
- «You Won't See Me». The Beatles Bible. 2009. Henta 15 april 2009.
- ↑ Olivier Julien, "Sgt. Pepper and the Beatles: it was forty years ago today", (Ashgate Publishing, Ltd., 2008), ISBN 0754667081, s.27.
- ↑ 2,0 2,1 The Beatles Bible 2009.
- ↑ Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 176.
- ↑ Capitol 2010.
- ↑ «Image : RPM Weekly - Library and Archives Canada». Bac-lac.gc.ca. Henta 10. oktober 2016.
- ↑ «Image : RPM Weekly - Library and Archives Canada». Bac-lac.gc.ca. Henta 10. oktober 2016.
- ↑ «flavour of new zealand - search listener». Flavourofnz.co.nz. Henta 10. oktober 2016.
- ↑ Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-1990 - ISBN 0-89820-089-X
- ↑ «Image : RPM Weekly - Library and Archives Canada». Bac-lac.gc.ca. Henta 10. oktober 2016.
- ↑ «Top 100 Hits of 1974/Top 100 Songs of 1974». Musicoutfitters.com. Henta 10. oktober 2016.
- ↑ «Archived copy». Arkivert frå originalen 19. oktober 2014. Henta 16. juli 2015.