Else Ernestine Neuländer-Simon (26. januar 19001942), kjend under pseudonymet Yva, var ein tysk fotograf. Ho laga motebilde, portrett og aktstudiar, og er kjend for bruk av dobbelteksponering.

Yva

Fødenamn Else Ernestine Neuländer
Pseudonym Yva
Statsborgarskap Deutsches Reich
Fødd 26. januar 1900
Berlin
Død

31. desember 1942 (42 år)
Sobibór

Yrke fotograf, motefotograf
Språk tysk
Yva på Commons

Yva var blant dei første som såg det kommersielle potensialet i fotografering. Ho blei ein av dei leiande fotografane i Berlin under Weimarrepublikken.

Etter at nazistane kom til makta i 1933 fekk ho yrkesforbod på grunn av sin jødiske bakgrunn. I 1942 blei ho teken av Gestapo og send til konsentrasjonsleiren Majdanek i Polen. Der blei ho truleg drepen. Tidspunktet for kva tid ho døydde er ukjend, men ho blei offisielt erklært død den 31. desember 1944.

Bakgrunn endre

Else Ernestine Neuländer blei fødd 26. januar 1900 i Berlin som det yngste av ni barn. Faren var kjøpmann og mora var modist, eller hattemakar.[1] Då ho var tolv år døydde faren, og mora blei eineforsørgar for barna.[2]

Karriere endre

 
Yva og bilethoggaren Hugo Lederer i 1930.
 
Kvinne som les avis, ca. 1932

I 1925 opna Neuländer eit fotostudio nær Kurfürstendamm[3] under pseudonymet Yva.[4] I 1926 hadde ho eit kortvarig samarbeid med målaren og fotografen Heinz Hajek-Halke, men samarbeidet enda etter ein tvist om opphavsrett.[4] Bror hennar, Ernst Neuländer, var medeigar av modellbyrået Kuhnen, og hyra henne til å fotografera modellane. Ho fekk gjeve ut ti fotografi i Die Dame i 1927, noko som gav henne eit gjennombrot i dei store moteblada på den tida.[5]

Ho hadde ei modernistisk tilnærming der ho nytta teknisk komposisjon og eit bildespråk påverka av avant-gardekunst.

I 1927 var Yva blitt kjend for motefotografi, aktstudiar og portrett. Ho hadde også merka seg den kommersielle bruken fotografi kunne ha,[4] og var ein av dei første profesjonelle fotografane til å verka i reklamebransjen.[6] I ein reklamekampanje for Amor Skin nytta ho dobbelteksponeringar for å skapa draumeaktige, surrealistiske bilde.[7]

I løpet av kort tid etablerte ho eit ry for eit nyskapande bildespråk og byrja bidra til magasin, tidsskrift og fotoblad[4] som Berliner Illustrirte Zeitung, Die Dame, motebladet Elegant Welt og Novum. Ho tok også del i internasjonale utstillingar, mellom anna Film und Fotos i Stuttgart i 1929,[2] Das Lichtbild i München i 1930,[8] den første Biennale Internazionale d'Arte Fotografica i Roma i 1932 og både den årlege utstillinga av aktstudiar, La Beauté de la femme, i Paris og Royal Photographic Society si The Modern Spirit in Photography i London i 1933.[2]

Frå 1929 gav Yva ut fotografiske forteljingar i Ullstein Verlag sitt blad Uhu.[8] Ho hadde kontrakt på å laga 27 slike montasjar, men berre 20 av dei blei prenta før bladet blei nøydde til å leggja ned.[2][4] Fotoseriane brukte handlingssekvensar til å fortelja soger om unge kvinner frå provinsane som kom til metropolen Berlin for å søkja lykka. Dei representerte eit teknisk steg mellom statiske og levande bilde, eller film.

Nazist-tida endre

 
Motefotografi av Karin Stilke (Braune Filzkappe – Modell Gurau-Friedrichs) frå rundt 1938.
 
Snublestein ved Schlüterstraße #45 for Else «Yva» Neuländer-Simon.

Sjølv om nazistpartiet byrja stenga jødiske verksemder og sette namnet hennar på ei liste over uønskte personar i 1933, utvida Yva likevel verksemda si det året. Ho hadde truleg ei falsk tryggleikskjensle på grunn av dei blanda signala frå nazistane, sin eigen assimilasjon i den ikkje-jødiske delen av det tyske samfunnet[8] og det at ho hadde ti ikkje-jødiske arbeidstakarar.[2] Ho opplevde heller ikkje antisemittisme frå reklame- og moteklientane sine.[6]

Yva flytta først til eit større studio ved Bleibtreustraße og flytta det påfølgjande året til Schlüterstraße,[2] kort tid etter at ho hadde gifta seg i 1934. Ektemannen hennar, Alfred Simon,[1] gav opp sin eigen karriere for å leia forretningsdelane av verksemda til Yva.[3]

I 1936 hyra Yva ein ung assistent, Helmut Neustädter, som seinare skulle bli den velkjende motefotografen Helmut Newton. Dette året tredde dei antisemittiske Nürnberglovane i kraft, og Yva såg seg nøydd til å overføra eigarskapen for selskapet sitt til ein ven, kunsthistorikaren Charlotte Weidler, for å kunna driva vidare. Yva la planar om å emigrera etter å ha fått eit jobbtilbod frå det amerikanske bladet Life om å jobba i New York.[2] Ho blei overtydd av ektemannen om å gje opp planane og bli verande i Tyskland med håp om at tilhøva skulle bli betre,[6] ettersom han ikkje kunne sjå for seg å byrja på nytt på ein stad der han ikkje eingong snakka språket.[2] I staden for å betra seg blei stillinga verre. I 1938 blei Yva forboden frå å utøva fotografi etter innføringa av ei ny rekkje reglar,[6] og måtte stenga studioet sitt. Ho arbeidde som assistent i radiografi eller røntgenavdelinga ved det jødiske sjukehuset i Berlin fram til 1942.[8] Paret må ha gjort forsøk på å forlata Tyskland på denne tida, ettersom 34 kassar med eigedelane deira, for det meste fotografisk utstyr, blei funne ved hamna i Hamburg etter at dei var blitt arresterte. 21 av desse kassane blei øydelagde i eit bombeåtak. Dei gjenverande 13 blei selde for å dekka kostnadane knytt til lagringar.[9]

Ekteparet Simon blei arrestert av Gestapo den 1. juni 1942. 13. juni blei dei sende med 15 Osttransport til utryddingsleirane. Det var meininga at toget deira skulla gå til Sobibór utryddingsleir, men undervegs blei det flytta til eit sidespor ved Lublin i Polen. 1030 fangar blei valde ut til å fortsetja til Sobibór, medan dei gjenverande, eit ukjend tal, blei sende til Majdanek konsentrasjonleir. Ein har ikkje funne transportlister for denne deportasjonen som har klargjort kva som hende med ekteparet, men det jødiske registeret ved Yad Vashem viser at Alfred Simon blei drepen ved Majdanek. Yva sin død verker ikkje å ha vore registrert nokon stad. Truleg blei begge to drepne etter at dei kom til leiren, i 1942. Dei blei offisielt erklært døde 31. desember 1944, og snublesteinar blei lagde ned i bakken utanfor den siste heimen deira i Schlüterstraße #45 den 29. november 2005.[9]

Ettermæle endre

Yva var ein forgjengar både gjennom å bli profesjonell fotograf på 1920-talet, då norma var for menn å vera kunstnarar og kvinner passive modellar.[10] Både teknisk og kunstnarisk brukte ho modernistisk inspirasjon til å avbilda den seksuelle revolusjonen i samtida og til å avbilda kvinneforma på ukjønna måtar.[8]

I 2001 blei det halde ei retrospektiv utstilling av verket til Yva ved Det løynde museet, Das Verborgenes Museum, i Charlottenburg.[11] Året etter blei fotografia hennar stilte ut ved Stadtmuseum Berlin.[3] I 2002 kom biografien Yva: Photographies 1925-1938 ut, som også tok for seg verket hennar og bidraga hennar til fotografifaget.[12]

Yva er minna ved ei lita utstilling i Schlüterstraße 45 der ho budde og hadde atelier.

Gata Yva-Bogen i Berlin (postkode 10623) er kalla opp etter henne.

Utstillingar endre

Bilde endre

Kjelder endre

Fotnotar
Bibliografi

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Yva
Litteratur
  • Ira Buran: Else Neuländer-Simon (Yva) - Leben und Werk, unveröffentlichte wissenschaftliche Hausarbeit, Berlin 1992.
  • Marion Beckers, Elisabeth Moortgat: Yva. Photographien 1925–1938. Ausstellungskatalog Das Verborgene Museum 2001. Ernst Wasmuth Verlag, Berlin 2001, ISBN 3-8030-3094-3. Engelsk utgåve Yva: Photographies 1925-1938
  • Yva. Else Neulaender. Modephotographie der Dreißiger Jahre Edition Fischer, Berlin 2009, ISBN 978-3-937434-27-8
  • Beate Soitzmüller: Yva. I: Ursula Ahrens: Aufbrüche. Frauengeschichte(n) aus Tiergarten 1850–1950. Weidler, Berlin 1999, ISBN 3-89693-138-5