Zhaotong
Zhaotong (kinesisk skrift 昭通, pinyin Zhāotōng) er eit byprefektur heilt nordaust i provinsen Yunnan i det sørlege Kina. Byprefekturet grensar til provinsen Sichuan i vest og i nord, og til provinsen Guizhou i aust. Zhaotong har eit areal på 23 192 km² og eit folketal på om lag 5,46 millionar.
Zhaotong | |||
byprefektur | |||
Land | Folkerepublikken Kina | ||
---|---|---|---|
Provins | Yunnan | ||
Areal | 22 439 km² | ||
Folketal | 5 092 611 (2020) | ||
Zhaotong 27°19′58″N 103°42′52″E / 27.33284°N 103.71445°E | |||
Plasseringa av Zhaotong i Yunnan
| |||
Wikimedia Commons: Zhaotong |
Geografi
endreByprefekturet Zhaotong omfattar eitt distrikt (区 qū) og ti fylke (县 xiàn).
Næring
endreHovudnæringar er gruvedrift, tobakksdyrking og sementproduksjon. Prefekturet har eit av dei største lignitt-reservoara i Kina. Zhaotong er eit av dei fattigaste byprefektura i Kina og styresmaktene har oppmoda yngre folk om å søke arbeid i det søraustlege delane av landet.
Samferdsle
endreRiksveg 213 i Kina går gjennom området. Han tek til i Lanzhou i Gansu og fører via Chengdu og Kunming til byen Mohan ved grenseovergangen til Laos.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Zhaotong» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juni 2012.