Zona central (den sentrale sona) er ein av dei fem naturlege regionane som Corporación de Fomento de la Producción i Chile delte det kontinentale Chile inn i i 1950. Zona central svarer til det chilenske territorium mellom Aconcagua-elva (33° S) i nord og Bío-Bío-elva (37° S) i sør. Regionen har ei nordleg grense mot den naturlege regionen Norte chico, i vest ligg Stillehavet, mot aust Andesfjella og Argentina, og i sør den naturlege regionen Zona sur. Det inkluderer den sørlege halvleiken av Valparaíso-regionen medrekna Juan Fernández-øygruppa, Santiago metropol, O'Higgins, Maule, den nordlege delen av Biobío og det ytste nord for Bío-Bío-elva i kommunen Lonquimay i Araucanía.

Regionen er heimen til omtrent tre fjerdedelar av den totale folkesetnaden i landet. I tillegg konsentrerer han den høgaste prosentdelen av den økonomiske produktiviteten i landet, på grunn av gunstig middelhavs- og kontinentalt klima i den chilenske sentraldalen i innlandet. I streng forstand er det ikkje ein dal, men snarare ei slette med mindre dalar, flankert i aust av Andesfjella og i vest av Cordillera de la Costa, dei chilenske kystfjella. Dei tre hovudbyane i landet ligg i dette området: Santiago, Valparaíso og Concepción. Andre viktige byar er Quillota, Los Andes, San Antonio, Rancagua, San Fernando, Curicó, Talca, Linares, Cauquenes, Chillán, Los Angeles og Viña del Mar. Santiago og Valparaíso er dei politisk viktigaste byane i landet. Den utøvande og dømmande makta er lokalisert i Santiago og den lovgivande makta i Valparaíso.

Zona central har eit temperert klima med nedbør frå 350 til 1000 mm per år.

Kjelder endre