Zona sur (sør-sona) er ein av dei fem naturlege regionane som Corporación de Fomento de la Producción i Chile delte det kontinentale Chile inn i i 1950. Zona central svarer til det chilenske territorium mellom Bío-Bío-elva (37° S) i nord og omtrent Chacao-sundet (42° S) i sør. Regionen har ei nordleg grense mot Zona central, i vest ligg Stillehavet, mot aust Andesfjella og Argentina, og i sør Zona austral. Medan Chiloé-øygruppa etter denne avgrensinga geografisk høyrer til austral-sona, ligg ho nærare sør-sona med omsyn på kultur og historie.

Geografi endre

Denne regionen femnar om innsjødistriktet i Chile, her er sentraldalen mellom Andesfjella og kystområdet nærare havnivået, og eit mangfald av elver frå Andesfjella dannar innsjøar når dei når dei lågare høgdene. Elvesystema drenerer mot vest og ut i havet. Elva Calle-Calle, som renn mot byen Valdivia er farbar med båtar i nedre delen. Den sørlegaste delen av den chilenske sentraldalen er under havnivå og dannar Ancudbukta-Corcovadobukta. Chiloé-øya med bølgjande åsar gjer ut for delar av kystfjella.

Klimaet i Sør-Chile er regnfullt med eit middelhavsnedbørsmønster. Fjellskråningane ved det chilenske kystområdet og Andesfjella får opptil 3000–5000 mm nedbør årleg.

Næring endre

Beitemarkene i den nordlegaste delen rundt Osorno er brukte til storfedrift med mjølk, ost og smør som vektige produkt. Alle typar bær veks i området, nokre av dei blir eksporterte, og ferskvassoppdrett av aure og laks har utvikla seg med kultivatorar som utnyttar den rikelege tilgangen på reint rennande vatn. Trelastindustrien er også viktig. Ei rekkje turistar, hovudsakleg chilenarar og argentinarar, vitjar området om sommaren.

Flora og fauna endre

Den naturlege vegetasjonen i Sør-Chile er hovudsakleg i økoregionen av dei tempererte valdiviske regnskogane. Desse skogane er prega av store tre, hovudsakleg eviggrøne Nothofagus og bartre. Underskogen inneheld vinranker, hengande vinstokkar, buskar, små tre, mose, døydde trestammar og nedbrytande stoff. Sjølv om dei stort sett er eviggrøne, inneheld dei tempererte valdiviske regnskogane ei rekkje lauvtreartar. Andre vegetasjonstypar i det sørlege Chile inkluderer Fitzroya-skogar, Araucaria-skogar og våtmarker kalla ñadi.

Ei rekkje små pattedyr lever i Sør-Chile, inkludert puduar, sumpbever og chiloerev.

Kjelder endre