Åge
mannsnamn
(Omdirigert frå Åke)
Åge og Aage er opphavleg danske mannsnamn avleidde frå det norrøne namnet Áki, som er ei kjæleform av *anuR og tyder 'far'/'liten far'. Aki er ei gammaldansk form av namnet. I Danmark var Aage eit svært populært namn på gutebarn fødde på fyrste halvdel av 1900-talet. Åke er den svenske forma av namnet.
Bruk
endreNamnet har vore kjent i Noreg sidan 1200-talet. I 2009 var det 4559 menn som heitte Åge og 1699 menn som heitte Aage i Noreg.
Historisk utvikling av bruken av Aage i Danmark.[1] |
Kjende namneberarar
endrePersonane på lista er ordna kronologisk etter fødselsår.
- Aage Niels Bohr (f. 1922), dansk fysiker
- Åge Storhaug (f. 1938), norsk turnar
- Tor Åge Bringsværd (f. 1939), norsk forfattar
- Åge Danielsen (f. 1942), norsk sosialøkonom
- Åge Starheim (f. 1946), norsk politikar (FrP)
- Aage Hauken (f. 1947), norsk prest og forfattar
- Aage Kvalbein (f. 1947), norsk cellist
- Åge Tovan (f. 1947), lokalpolitikar i Lørenskog
- Åge Aleksandersen (f. 1949), norsk rockeartist
- Aage Andersen (f. 1949), norsk forretningsmann
- Åge Hareide (f. 1953), norsk fotballtrenar
- Åge Simonsen (f. 1959), norsk biolog
- Aage Langhelle (f. 1959), norsk fotograf og målar
- Per Aage Pleym Christensen (f. 1966), norsk redaktør
- Åge Sten Nilsen (f. 1969), norsk rockeartist
Kjelder
endre- Denne artikkelen byggjer på «Åge» frå Wikipedia på bokmål, den 14. februar 2009.
Fotnotar
endre- ↑ «Populære fornavne fra 1900 til 2005». Københavns Universitet.