Åse Michaelsen

norsk politikar
(Omdirigert frå Åse Schmidt)

Åse Michaelsen (fødd 4. juni 1960 i Mandal), tidlegare Åse Schmidt, er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Frå 17. januar 2018 til 3. mai 2019 var ho eldre- og folkehelseminister i regjeringa Solberg.[1][2]

Åse Michaelsen
Åse Michaelsen DF0000063096.jpg
Åse Michaelsen
Foto: FrPMedia
Fødd4. juni 1960 (61 år)
Mandal
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet
Yrkepolitikar
VervNorsk eldre- og folkehelseminister 17. januar 2018–3. mai 2019
EtterfylgjarSylvi Listhaug

Ho vart vald inn på Stortinget frå Vest-Agder fylke i 2005. Valet i 2005 var eit særs jamnt løp mellom henne og Kari Henriksen frå Arbeidarpartiet, der Michaelsen enda med 19 fleire stemmer enn Henriksen. Ved stortingsvalet 2009 stod Michaelsen på førsteplass på lista til Framstegspartiet og vart vald på nytt.

Ho har eitt års høgare utdanning og er også utdanna interiørarkitekt. Ho har yrkeserfaring frå Norges eksportråd, og som handling coordinator og tillitsvalt i SAS.

Michaelsen var medlem av bystyret og formannskapet i Mandal 1995-2003. Ho var medlem av sentralstyret i Framstegspartiet 1998-2005.

Stortingets presidentskapEndra

StortingskomitearEndra

KjelderEndra

  1. «Endringer i regjeringen». Regjeringa.no. 17. januar 2018. Henta 18. januar 2018. 
  2. Vigsnæs, Maria Knoph (3. mai 2019), «Sylvi Listhaug er ny eldre- og folkehelseminister», NRK (på norsk bokmål), henta 3. mai 2019 

BakgrunnsstoffEndra