Opna hovudmenyen

Åse Wisløff Nilssen

norsk politikar

Åse Wisløff Nilssen (fødd 20. juli 1945 i Vingari Hedmark) er ein norsk politikar for KrF. Ho er utdanna sjukepleiar. Ho vart innvald på Stortinget frå Hedmark i 1997.

Åse Wisløff Nilssen
Fødd 20. juli 1945

Vinger

Parti Kristeleg Folkeparti

Frå 1987 til 1991 var ho medlem av fylkestinget i Hedmark. Deretter sat ho i Kongsvinger kommunestyre fram til 1995, før ho hadde ein toårsperiode på fylkestinget att. Ho vart valt inn på Stortinget i 1997 og gjenvalgt i 2001. Ho stilte øvst på KrFs liste i Hedmark òg ved valet i 2005, men vart ikkje attvald. Ho har arbeidd mykje med interessepolitikk, og har vore ein utrøytteleg talskvinne for personar med dysleksi. Ho har vore forbundsleiar i organisasjonen deira, og hovedstyreleder i Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO). Frå 2006 til 2007 var ho medlem av Forsvarspolitisk utval.[1]

StortingskomitéarEndra

KjelderEndra

  1. NOU 2007:15 Et styrket forsvar

BakgrunnsstoffEndra