Ørskog kyrkje er ei langkyrkje frå 1873 på Sjøholt i Ørskog kommune, Møre og Romsdal fylke.

Ørskog kyrkje
kyrkje
Orskogkyrkje2-Sjoholt-HH.jpg
Foto: Halvard Hatlen
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Sokn Ørskog
Stad Sjøholt
Type langkyrkje
Material Tre
Innvigd 1873
Tårn klokketårn over våpenhus
Kyrkjegard ved kyrkja
Preikestol ja
Sitjeplassar 650
Wikimedia Commons: Ørskog kyrkje

Byggverket er i tre og har 650 plassar.

Det tidlegare kyrkjebygget på staden, ei åttekanta tømmerkyrkje, vart seld for 750 spesidalar og flytta til LeikongGurskøya.[1] J.F.L. Dreiers bilete frå 1826 viser det tidlegare kyrkjebygget på Sjøholt.

Ørskog kyrkje.
Foto: Halvard Hatlen

Fram til 1673 omfatta Ørskog prestegjeld heile austre Sunnmøre det som no er kommunane Norddal, Stranda, Stordal, Sykkylen og Ørskog.. I 1673 vart Norddal med Geiranger og Sunnylven skilt ut som eige prestegjeld, fram til 1673 var presten i Norddal formelt «residerande kappellan». I 1759 vart Stranda med Stordal skilt ut som eige prestegjeld.[2]

Det er kyrkjegard ved kyrkja. Nokre hundre meter aust er prestegarden.

PrestarEndra

Lista[3] er ikkje fullstendig.

  • Ibe Hansen Rafnsberg 1707-1719
  • Hans Jakob Hjort 1720-1758
  • Niels Astrup 1759-1792 (son til fut Niels Astrup, bror av presten Otto Finde Astrup i Norddal[4])
  • Nicolai Astrup 1792-1802 (son av førre presten)
  • Joachim Frederik Kielstrup 1802-1817
  • Lars Jessen 1818-1829 (svigerson av presten Nicolai Astrup)

Bakgrunnsstoff og kjelderEndra

  1. Ekroll, Øystein (2012): Sunnmørskyrkjene - historie, kunst og arkitektur. Bla: Larsnes.
  2. Lampe, J.F. (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen. Redigert av D. Thrap. Kristiania: Cammermeyer.
  3. Lampe, J.F. (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen. Redigert av D. Thrap. Kristiania: Cammermeyer.
  4. Lampe, Johan Fredrik (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen: Biografiske Efterretninger. Kristiania: Cammermeyers Boghandel