Opna hovudmenyen

Østre Romerike prosti er eit tenestedistrikt i Borg bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner kommunane Aurskog-Høland, Fet, Nes og Sørum i Akershus fylke. Prosten har sete på Årnes.

prostiet vart oppretta i 1998 vart prostesetet lagt til Nes prestegjeld/Vormsund som også tidlegare har vore kyrkjeleg sentrum i Nes. Etter at dåverande sokneprest Hovde i Nes fekk nytt kall i Stranda på Sunnmøre i 2001 vart prostestaden flytta til Årnes.

SoknEndra

Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.

Sokn Kyrkje Kyrkjeleg fellesråd
Auli sokn Auli kyrkje
Klodsbodding kapell
Nes
Aurskog sokn Aurskog kyrkje
Mangen kapell
Aurskog-Høland
Bjørkelangen sokn Bjørkelangen kyrkje Aurskog-Høland
Blaker sokn Blaker kyrkje Sørum
Dalen sokn i Borg Dalen kyrkje på Romerike Fet og Dalen
Fenstad sokn Fenstad kyrkje Nes
Fet sokn Fet kyrkje på Romerike Fet og Dalen
Frogner sokn i Borg Frogner gamle kyrkje
Frogner kyrkje i Sørum
Sørum
Ingeborgrud sokn Ingeborgrud kyrkje Nes
Løken sokn Løken kyrkje Aurskog-Høland
Nes sokn i Borg Nes kyrkje på Romerike Nes
Setskog sokn Setskog kyrkje Aurskog-Høland
Søndre Høland sokn Søndre Høland kyrkje Aurskog-Høland
Sørum sokn i Borg Sørum kyrkje på Romerike Sørum
Udenes sokn Udenes kyrkje Nes
Årnes sokn Årnes kyrkje Nes

PrestegjeldEndra

Sjå ògEndra

BakgrunnsstoffEndra