Opna hovudmenyen

Bjørn Sortland (fødd 1. mai 1968 på Svortland) er ein norsk forfattar.

Bjørn Sortland
B Sortland.jpg
Bjørn Sortland
Nasjonalitet Norsk
Fødd 1. mai 1968 (51 år)
Bergen
Yrke Forfattar
Periode 1992 -
Debut Det er ikkje natta
Nettstad bjornsortland.no
Bjørn Sortland på Commons

Han er utdanna sosionom og har studert ved Skrivekunstakademiet i Bergen. Sidan 1998 har han arbeidd som forfattar på heiltid.

Etter debutboka Det er ikkje natta frå 1992 har han gitt ut mange barne- og ungdomsbøker, han er omsett til ei rekke språk og har motteke fleire norske og internasjonale litteraturprisar. Karakteristisk for Sortland sine bøker er den lette, humoristiske stilen - samtidig med at han tek borna sine univers og problem på alvor. Vi møter dei merkelegaste typar, alle skildra med eit lite snev av ironi - og dei vanskelegaste dilemma, som korleis vere i byrjinga av tenåra. Bjørn Sortland har i heile sitt forfattarskap jobba med kunstformidling på ulikt vis. Gjennom fiksjonen formidlar han kunnskap om og glede over kunst - i ungdomsbøker og barnebøker, romanar, biletbøker og i reine spenningsbøker som Kunstdetektivene.

Innhaldsliste

BibliografiEndra

  • 1992: Det er ikkje natta
  • 1993: Raudt, blått og litt gult, biletbok saman med illustratøren Lars Elling
  • 1994: Himmelkyss
  • 1995: Forteljinga om jakta på forteljinga, bildebok saman med Lars Elling
  • 1996: Love light
  • 1997: Den solbrente mammaen som blei bytta mot ti kamelar
  • 1997: Fallskjermhopparen og togføraren løyser kryssord
  • 1997: Tu Ducs skatt
  • 1998: Ulvenatt i Berardenga
  • 1998: Å venta på regnbogen
  • 1999: Den solbrente mammaen som blei bytta mot ti kamelar
  • 1999: St. Michaels løyndom
  • 1999: Den solbrente mammaen som kledde seg naken for å bli kunst’
  • 1999: 24 i sekundet, biletbok saman med Lars Elling
  • 2000: Den blå, blå himmelen
  • 2000: Venezia-mysteriet
  • 2001: Luxormysteriet
  • 2001: 12 ting som må gjerast rett før verda går under
  • 2002: Angkormysteriet
  • 2003: Tu Ducs skatt
  • 2003: Ulvenatt i Berardenga
  • 2003: New York-mysteriet
  • 2003: St. Michaels løyndom
  • 2004: On the road again, again
  • 2004: For så høgt har eg elska
  • 2004: Kirkeboka
  • 2004: Sydney-mysteriet
  • 2004: Kyrkjeboka
  • 2006: Den gongen eg liksom-døydde
  • 2005: Oslo-mysteriet
  • 2005: Ærlighetsminuttet
  • 2006: Triks
  • 2006: London-mysteriet
  • 2007: Paris-mysteriet
  • 2008: Alle har eit sultent hjerte
  • 2008: Jenta med heilt jamne, mjuke augenbryn
  • 2008: 12 ting som må gjerast rett før verda går under
  • 2008: Barcelona-mysteriet
  • 2009: Halleluja
  • 2009: Det hjertet husker
  • 2009: Bergen-mysteriet
  • 2010: Alt det som er
  • 2010: Ikke bøll med benkesliterne
  • 2010: Stavanger-mysteriet
  • 2010: Et kyss for et mål
  • 2011: B-laget lager b-film
  • 2011: Istanbul-mysteriet
  • 2012: Mexico City-mysteriet
  • 2013: Det blir pinlig uansett, sammen med Tyra Tronstad

Mange av titlane har komme i fleire opplag og er også utgitt som lydbøker.

PrisarEndra

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra