(You Make Me Feel Like) A Natural Woman

(You Make Me Feel Like) A Natural Woman
Singel av Aretha Franklin
frå albumet Lady Soul
B-side

Baby, Baby, Baby

Utgjeve September 1967
Innspelt 1967
Studio American Sound Studio i Memphis i Tennessee
Sjanger soul
Lengd 2:45
Selskap Atlantic
Tekstforfattar Gerry Goffin
Låtskrivar(ar)
Produsent Jerry Wexler
Aretha Franklin-kronologi 
«Baby I Love You»
(1967)
(You Make Me Feel Like) A Natural Woman «Chain of Fools»
(1967)


«(You Make Me Feel Like) A Natural Woman» er ein song frå 1967, gjeven ut på singel av den amerikanske soulsongaren Aretha FranklinAtlantic. Teksten var skriven av Gerry Goffin etter ein idé av produsenten Jerry Wexler i Atlantic, og musikken var komponert av Carole King. Songen vart skriven for Franklin og singelen vart ein stor hit som nådde åttandeplassen på Billboard Hot 100, og vart ein av signaturlåtane hennar. Han laga historie i Storbritannia då han gjekk inn på den britiske singellista ei veke etter ho døydde, nesten 51 år etter at songen først kom ut. Han nådde då 79. plassen. Franklin gav òg ut eit konsertopptak av songen på albumet Aretha in Paris in 1968.

Carole King sjølv spelte inn songen i 1971 på albumet sitt Tapestry. Blant dei mange andre versjonane av songen finst versjonar av Mary J. Blige og Celine Dion, som begge kom ut i 1995. På Kennedy Center Honors i 2015, framførte Aretha Franklin songen til ære for prismottakaren Carole King.

Originalinnspeling endre

Songen vart skriven av Gerry Goffin og Carole King og var inspirert av Atlantic Records-medeigaren og produsenten Jerry Wexler. Wexler fortalte i sjølvbiografien sin at han studerte afroamerikansk musikkultur og hadde fundert på konseptet om «det naturlege mennesket», då han køyrde forbi King i ei gate i New York. Han ropte til ho at han ønskte ein «naturleg kvinne»-song for det neste albumet til Aretha Franklin. Goffin og King drog heim og skreiv songen same kvelden.[1] Som takk gav dei Wexler rolla som medlåtskrivar.

Cash Box sa at «songmessig er songen utan sidestykke; og med glimrande produksjon og akkompagnement vert summen ei knusande framferd» og at songen byggjer seg til «nye kjenslemessige toppar» frå ein «formidabel» start.[2]

Medverkande endre

Salslister endre

Liste (1967) Plassering
Australia 36
Canada RPM 11
U.S. Billboard Hot 100 8
U.S. Billboard R&B 2
U.S. Cash Box Top 100 12
Liste (2018) Plassering
Sweden Heatseeker (Sverigetopplistan)[3] 12
U.K. Top 100 79

Salstrofé endre

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[4] Sølv 200 000^

xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Seinare versjonar endre

(You Make Me Feel Like) A Natural Woman
song av Carole King
frå albumet Tapestry
Utgjeve 1971
Innspelt Januar 1971
Sjanger Softrock
Lengd 3:49
Selskap Atlantic Records
Tekstforfattar Gerry Goffin
Låtskrivar(ar)
 
Carole King framfører «(You Make Me Feel Like) A Natural Woman» i 2010.

«Natural Woman» vart gjeven ut av Peggy Lipton i 1968 på det sjølvoppkalla albumet hennar på Ode Records, av Freddie Hughes i 1968 som «Natural Man» (Wand Records 1192), og av George Benson på albumet hans Goodies i 1968 (Verve Records V6-8771).

Peggy Lee gav ut ein versjon i 1969 på albumet A Natural Woman.

Han vart spelt inn av Carole King på albumet hennar Tapestry i 1971. Celine Dion spelte inn songen i 1995 for Tapestry Revisited: A Tribute to Carole King, og gav han ut på singel. Mary J. Blige spelte òg inn songen det året for New York Undercover.

Rod Stewart spelte inn songen på albumet sitt Smiler i 1974.

Joyce Sims spelte inn ein versjon av songen i 1989 på albumet All About Love.

Tami Roman si R&B-gruppe frå 1990-åra Female, spelte inn ein versjon av songen for filmen Panther i 1995.

Beccy Cole spelte inn eit konsertopptak av songen i 2007 på albumet sitt Live @ Lizotte's.

Carole King og Gloria Estefan framførte songen i mai 2009 på She's Got a Friend-konstarne i Foxwoods Resort Casino i Connecticut. Lydopptak frå framføringane kom ut på somme utgåver av Estefan-albumet The Standards i 2013.

I 2012 spelte Christine Anu inn songen på albumet sitt Rewind: The Aretha Franklin Songbook.

I 2014 song Amber Riley songen i den femte sesongen av Fox-serien Glee.

I desember 2015 framførte Aretha Franklin songen på Kennedy Center Honors til ære for Carole King. Framføringa vart høgt akta.[5][6][7][8]

Songen kom ut på debutalbumet til gruppa Leading Ladies, framført av musikalskodespelaren Cassidy Janson, som hadde spelt hovudrolla i Beautiful: The Carole King Musical.

Mary J. Blige-versjonen endre

Salslister endre

Liste (1995–96) Plassering
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[9] 36
Nederland (Mega Single Top 100)[10] 46
New Zealand (RIANZ)[11] 15
Skottland (Official Charts Company)[12] 61
UK Singles (Official Charts Company)[13] 23
UK Dance (Official Charts Company)[14] 7
UK R&B (Official Charts Company)[15] 4
US Billboard Hot 100[16] 95
US Hot R&B/Hip-Hop Songs (Billboard)[17] 39
US Rhythmic (Billboard)[18] 40

Celine Dion-versjonen endre

«(You Make Me Feel Like) A Natural Woman» kom ut som ein promosingel for Celine Dion i november 1995 i Nord-Amerika og Storbritannia.[19] Han var på eit hyllestalbum til Carole King, kalla Tapestry Revisited: A Tribute to Carole King, utgjeve 24. oktober 1995. Seinare inkluderte Dion dette sporet på dei fleste utgåvene hennar av albumet Falling into You i 1995. Songen var produsert av David Foster. Dion sin versjon fekk moderat suksess på adult contemporary-listene, og nådde fjerdeplassen i Canada og 31. plassen i USA. I 2008 var songen nytta på den amerikanske versjonen av My Love: Ultimate Essential Collection. Då Falling Into You vann Grammyprisen for årets album i 1997, var songen den første som kom ut på to årets album - etter at Tapestry vart årets album i 1971.

14. april 1998 framførte Dion, Aretha Franklin, Mariah Carey, Shania Twain, Gloria Estefan og Carole King songen i lag under ein konsert for VH1 Divas i Beacon Theatre i New York. Dei seks vokalistane vart henta inn av VH1 for å samle inn pengar for Save the Music. VH1 gav seinare ut konsert på plate den 6. oktober 1998. Versjonen vart òg gjeven ut som radiosingel.

Medverkande endre

Format endre

1995 promo CD-singel (Celine Dion)

  1. «(You Make Me Feel Like) A Natural Woman» – 3:43

1998 promo CD-singel (Divas)

  1. «(You Make Me Feel Like) A Natural Woman» (Live) – 5:15
  2. «You've Got a Friend» (Live) – 5:29

Salslister endre

Vekeslister endre
Liste (1995–1996) Plassering
Canada Top Singles (RPM)[20] 47
Canada Adult Contemporary Tracks (RPM)[21] 4
UK Airplay Chart (Official Charts Company)[22] 79
US Adult Contemporary (Billboard)[23] 31

Årslister endre
Liste (1996) Plassering
Canada Adult Contemporary (RPM)[24] 53
US Adult Contemporary (Radio & Records)[25] 94

Kjelder endre

  1. Remnick, David «Soul Survivor: The revival and hidden treasure of Aretha Franklin», The New Yorker, 4. april 2016.
  2. «CashBox Record Reviews» (PDF). Cash Box: 26. 23. september 1967. Henta 12. januar 2022. 
  3. «Veckolista Heatseeker, vecka 34, 2018» (på svensk). Sverigetopplistan. Henta 24. april 2021. 
  4. «British single salstrofé – Aretha Franklin – (You Make Me Feel Like) A Natural Woman». British Phonographic Industry.  Enter (You Make Me Feel Like) A Natural Woman in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
  5. Miller, Matt (13. mai 2022). «Aretha Franklin Just Brought the Leader of the Free World to Tears». Esquire. Henta 16. mai 2022. 
  6. Greer, Carlos (9. desember 2015). «Aretha Franklin stuns at Kennedy Center Honors». Page Six. Henta 16. mai 2022. 
  7. Hattenstone, Simon (13. mai 2022). «Obama cries as Aretha Franklin proves why she's the queen of soul». the Guardian. Henta 16. mai 2022. 
  8. Kreps, Daniel (13. mai 2022). «Watch Aretha Franklin Bring Obama to Tears at Kennedy Center Honors». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 13. mai 2022. Henta 16. mai 2022. 
  9. "Nederlandse Top 40 – week 8, 1996" (på nederlandsk). Nederlandsk Topp 40 Stichting Nederlandse Top 40. Henta 16. mai 2022.
  10. "Dutchcharts.nl – Mary J Blige – (You Make Me Feel Like A) Natural Woman" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 16. mai 2022.
  11. "Charts.org.nz – Mary J Blige – (You Make Me Feel Like A) Natural Woman". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 16. mai 2022.
  12. "Archive Chart". Scottish Singles Top 40. Official Charts Company. Henta 16. mai 2022.
  13. "Chart Stats – Mary J Blige – Natural Woman" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta 16. mai 2022.
  14. "Archive Chart" UK Dance Chart. Official Charts Company. Henta 16. mai 2022.
  15. "Archive Chart" UK R&B Chart. Official Charts Company. Henta 16. mai 2022.
  16. "J. Blige?f=379&g=Singles Mary J. Blige Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Mary J. Blige. Prometheus Global Media. Henta 16. mai 2022.
  17. "J. Blige?f=367&g=Singles Mary J. Blige Album & Song Chart History" Billboard R&B/Hip-Hop Songs for Mary J. Blige. Prometheus Global Media. Henta 16. mai 2022.
  18. "Mary J. Blige Chart History (Rhythmic)". Billboard. Henta 16. mai 2022.
  19. Glatzer, Jenna (2005). Céline Dion: For Keeps. Andrews McMeel Publishing. ISBN 0-7407-5559-5. 
  20. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 16. mai 2022.
  21. "RPM Adult Contemporary Tracks." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 16. mai 2022.
  22. «The UK Radio Airplay Chart». Radiomonitor. 4. november 1995. Henta 16. mai 2022. 
  23. "Dion?f=341&g=Singles Celine Dion Album & Song Chart History" Billboard Adult Contemporary Songs for Celine Dion. Prometheus Global Media. Henta 16. mai 2022.
  24. «RPM Year End Top 100 Adult Contemporary Tracks». RPM 64. 16. desember 1996. Henta 28. september 2014. 
  25. «Top 95 of 1995». Radio & Records: 53. 22. desember 1995. ProQuest 1017285440.  templatestyles stripmarker in |id= at position 1 (hjelp)