A Date with Elvis

A Date with Elvis
Studioalbum av Elvis Presley
Språk engelsk
Utgjeve 24. juli 1959
Innspelt Juni 1954 – april 1957
Sjanger Rock and roll, rockabilly
Lengd 22:58
Selskap RCA Victor
Produsent Sam Phillips (Sun recordings)

Steve Sholes (RCA recordings)

Elvis Presley-kronologi 
For LP Fans Only
(1959)
A Date with Elvis Elvis' Gold Records - Volume 2
(1959)
Singlar frå A Date with Elvis
  1. «I Forgot to Remember to Forget»
    Utgjeve: 20. desember 1955
  2. «Good Rockin' Tonight»
    Utgjeve: 20. desember 1955
  3. «Baby, Let's Play House»
    Utgjeve: 20. desember 1955

A Date with Elvis er det åttande albumet til Elvis Presley, gjeve ut på RCA Victor Records (LPM 2011) i juli 1959. Det består av eit utval av songar som var gjevne ut før og ikkje-utgjevne innspelingar i august 1956 i 20th Century Fox Stage One, to frå Radio Recorders i Hollywood, og fleire innspelingar frå Sun Studio. Albumet nådde 32. plassen på Billboard Top Pop Albums-lista. Det er ikkje lenger i sal på fysisk plate, men finst tilgjengeleg på nettet for nedlasting og strøyming.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[1]
MusicHound4.5/5 stars[2]
Rough Guides3/5 stars[3]

Innhald endre

Etter Presley måtte inn i den amerikanske hæren den 24. mars 1958, ønskte RCA Victor og manageren til Presley, Colonel Tom Parker, å halde namnet hans aktivt hos publikum dei to neste åra då han ikkje kunne halde konsertar eller spele i filmar, og gav ut innspelingar frå kvelvet. Det vart arrangert ei innspeling over to dagar i juni, som gav nok songar til fem singelsider. Singelformatet var det kommersielle fokuset for rock and roll i 1950-åra. Fire av desse songane vart gjevne ut på album i 1958 og 1959 medan han var i militærteneste.

Sjølv etter det som var vanleg seint i 1950- og tidleg i 1960-åra, der albuma ofte berre var kring 35 minuttar lange, var dette eit særs kort album på berre 23 minuttar, og vart eit av dei albuma som nådde lågast på salslistene i dette tiåret. RCA gav ut nok eit album i 1959 med tidlegare utgjevne songar, eit samlealbum men det selde enno dårlegare. Presley kom attende til USA i 1960 og gjekk i studio igjen.

Ein annan versjon av albumet, med seks av dei same songane frå originalutgåva, med med 14 songar i alt, kom ut i Australia i september 1959. RCA gav ut dei originale 10 songane frå albumet på CD i 1989.

I 1986 gav The Cramps ut eit heilt anna album som òg heitte A Date with Elvis.

Medverkande endre

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)InnspeltLengd
1.«Blue Moon of Kentucky»Bill Monroe7. juli 19542:02
2.«Young And Beautiful»Aaron Schroeder og Abner Silver30. april 19572:02
3.«(You're So Square) Baby I Don't Care»Jerry Leiber og Mike Stoller30. april 19571:51
4.«Milkcow Blues Boogie»Kokomo Arnold12. november 19542:38
5.«Baby Let's Play House»Arthur Gunter5. februar 19552:15
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)InnspeltLengd
1.«Good Rockin' Tonight»Roy Brown10. september 19542:12
2.«Is It So Strange»Faron Young19. januar 19572:28
3.«We're Gonna Move»Vera Matson og Elvis Presley24. august 19562:30
4.«I Want To Be Free»Jerry Leiber og Mike Stoller30. april 19572:12
5.«I Forgot to Remember to Forget»Stan Kesler og Charlie Feathers11. juli 19552:28

Britisk, australsk og tysk nyutgjeving endre

Nr.TittelLåtskrivar(ar)InnspeltLengd
1.«Blue Moon of Kentucky»Bill Monroe7. juli 19542:02
2.«Milkcow Blues Boogie»Kokomo Arnold12. november 19542:38
3.«Baby Let's Play House»Arthur Gunter5. februar 19552:15
4.«I Don't Care if the Sun Don't Shine»Mack David11. september 19542:27
5.«Tutti Frutti»Dorothy LaBostrie og Richard Penniman31. januar 19561:58
6.«I'm Gonna Sit Right Down and Cry (Over You)»Howard Biggs og Joe Thomas31. januar 19562:01
7.«I Got a Woman»Ray Charles og Renald Richard10. januar 19562:23
8.«Good Rockin' Tonight»Roy Brown11. september 19542:12
9.«Is It So Strange»Faron Young19. januar 19572:28
10.«We're Gonna Move»Vera Matson og Elvis Presley24. august 19562:30
11.«Blue Moon»Richard Rodgers og Lorenz Hart19. august 19542:31
12.«Just Because»Sydney Robin, Bob Shelton, Joe Shelton11. september 19542:32
13.«One-Sided Love Affair»Bill Campbell30. januar 19562:09
14.«Let Me»Vera Matson and Elvis Presley4. september 19562:08

Kjelder endre

  1. Eder, Bruce. A Date with ElvisAllmusic
  2. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 892. ISBN 1-57859-061-2. 
  3. Simpson, Paul (2004). The Rough Guide to Elvis. London: Rough Guides. s. 113. ISBN 1-84353-417-7. 

Bakgrunnsstoff endre