Milk Cow Blues

(Omdirigert frå Milkcow Blues Boogie)
Milk Cow Blues
Singel av Kokomo Arnold
B-side

«Old Original Kokomo Blues»

Språk engelsk
Utgjeve Oktober 1934
Innspelt 10. september 1934
Sjanger Blues
Lengd 3:07
Selskap Decca
Komponist Kokomo Arnold
Tekstforfattar Kokomo Arnold
Låtskrivar(ar) Kokomo Arnold
Kokomo Arnold-kronologi 
«Gitfiddle Jim»
(1934)
Milk Cow Blues «Back to the Woods»
(1934)


«Milk Cow Blues» er ein bluessong skriven og opphavleg spelt inn av Sleepy John Estes i 1930.[1]

Robert Johnson-versjonen

endre

Robert Johnson spelte inn ein versjon av Sleepy John Estes-songen, kalla «Milkcow's Calf Blues», på den siste innspelinga si den 20. juni 1937.[1] Han vart gjeven ut av Vocalion Records i september 1937 som B-sida til «Malted Milk».

Johnnie Lee Wills-versjonen

endre

I 1941 spelte Johnnie Lee Wills (ein yngre bror av Bob Wills) inn ein versjon som kom ut same året på Decca Records som «Milkcow Blues» av Johnny [sic] Lee Wills & His Boys. Han vart sungen av Cotton Thompson.[2]

Bob Wills spelte òg inn songen på Tiffany Transcriptions med vokal av Tommy Duncan. Wills/Duncan-utgjevinga «Brain Cloudy Blues» er kraftig påverka av «Milk Cow Blues».

Elvis Presley & The Blue Moon Boys-versjonen

endre
Milkcow Blues Boogie
Song av Elvis Presley, Scotty og Bill
frå albumet A Date With Elvis
Utgjeve 8. januar 1955
Innspelt November–desember 1954
Sjanger Rockabilly
Lengd 2:39
Selskap Sun, RCA
Komponist Kokomo Arnold
Tekstforfattar Kokomo Arnold
Låtskrivar(ar) Kokomo Arnold

Elvis Presley, akkompagnert av Scotty Moore på gitar og Bill Black på bass, spelte inn ein rockabillyversjon kalla «Milkcow Blues Boogie» på Sun Records i november eller desember 1954. Arrangementet var tettare til Wills-versjonen enn originalen til Arnold.[2] Songen kom ut 8. januar 1955 med «You're a Heartbreaker» som A-side, men kom først ut på album i 1959 på A Date with Elvis.

Eddie Cochran-versjonen

endre
Milk Cow Blues
Song av Eddie Cochran
frå albumet Never to Be Forgotten
Utgjeve 1962
Innspelt 25. august 1959
Sjanger Blues
Lengd 2:40
Selskap Liberty
Komponist Kokomo Arnold
Tekstforfattar Kokomo Arnold
Låtskrivar(ar) Kokomo Arnold
Produsent Eddie Cochran

Eddie Cochran sin versjon av «Milk Cow Blues» vart gjeven ut posthumt på albumet Never to Be Forgotten.

Musikarar:

Andre versjonar

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 The Blues Line: Blues Lyrics from Leadbelly to Muddy Waters, edited by Eric Sackheim, Jonathan Shahn, Da Capo Press, 2003
  2. 2,0 2,1 Russell, Tony (2007). Country Music Originals: The Legends and the Lost. New York: Oxford University Press. ISBN 0-19-532509-5. OCLC 85822512. 
  3. The McGee Brothers rendition of «Milk Cow Blues» can be found on this anthology: [1]. It is described in more detail in both French and English in its online booklet: [2]
  4. We Five, Catch the Wind Henta 29. februar 2012.