A Winter's Tale av Queen

A Winter's Tale
Singel av Queen
frå albumet Made in Heaven
B-side

«Thank God It's Christmas» «Rock in Rio Blues»

Språk engelsk
Utgjeve 11. desember 1995
Innspelt 1991-1995
Sjanger rock, softrock, kunstrock, psykedelisk rock
Lengd 3:49
Selskap Parlophone (Europa)
Hollywood (Nord-Amerika)
Komponist John Deacon, Brian May, Freddie Mercury, Roger Taylor
Tekstforfattar Freddie Mercury, John Deacon, Brian May, Roger Taylor
Låtskrivar(ar) Queen
(Freddie Mercury)
Produsent Queen, David Richards, Justin Shirley-Smith, Josh Macrae
Queen-kronologi 
«Heaven for Everyone»
(1995)
A Winter's Tale «I Was Born to Love You»
(1996)


«A Winter's Tale» er ein song av Queen, frå albumet Made in Heaven, som kom ut i 1995 etter Freddie Mercury døydde i 1991. Han vart skriven etter innspelinga av Innuendo var over, og Mercury fekk inspirasjon til songen då han kikka ut vindauga på sjukehuset sitt ved Genfersjøen i Sveits. Songen har ei psykedelisk, draumeaktig kjensle, og skildrar det Mercury såg utafor vindauga.

Mercury skreiv songen og spelte inn vokal og klaverinstrument. I dokumentarfilmen «Queen - Champions of the World» vert det sagt at dette var, om ikkje den første så i alle fall eit av dei særs få gongane Mercury spelte inn heile songen i eit forsøk i studio. Det vart sagt i filmen at Mercury alltid insisterte på å lage musikken før dei byrja på vokalarrangementet, men innsåg at han hadde lite tid att og at det ikkje var tid til å gjere det på noko anna måte.

Songen vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet. I Storbritannia var singelen òg tilgjengeleg i eit avgrensa CD-omslag med grønt papir, som likna ei julegåve.

Medverkande endre

Musikkvideo endre

Musikkvideoen, som vart skapt etter han døydde, var ein epitaf, der dei skriftlege merknadane Mercury hadde til songen, vart vist ved sidan av tidlegare bilete og klipp av Mercury.

Lister endre

Liste Plassering
Australia (ARIA Singles Chart)[1] 71
Den austerrikske singellista 23
Den tyske singellista 62
Den nederlandske singellista 25
Den sveitsiske singellista 28
UK Singles Chart 6

Kjelder endre

  1. Ryan, Gavin (2011). Australia's Music Charts 1988–2010. Mt. Martha, VIC, Australia: månenlight Publishing. 

Bakgrunnsstoff endre