Heaven for Everyone

Heaven for Everyone
Singel av The Cross
frå albumet Shove It
B-side

«Love on a Tightrope» «Contact» (12" singel)

Utgjeve 1988
Innspelt 1987–1988
Sjanger rock
Lengd 5:08
Selskap Parlophone
Tekstforfattar Roger Taylor
Låtskrivar(ar) Roger Taylor
Produsent Roger Taylor, David Richards
The Cross-kronologi 
«Shove It»
(1988)
Heaven for Everyone «Manipulator"
(1989)


Heaven for Everyone
Singel av Queen
frå albumet Made in Heaven
B-side

«It's a Beautiful Day»

Utgjeve 23. oktober 1995
Innspelt 1987–1995
Sjanger Rock
Lengd 5:36 (album)
4:37 (singel)
Selskap Parlophone (Europa)
Hollywood (Nord-Amerika)
Tekstforfattar Roger Taylor
Låtskrivar(ar) Roger Taylor
Produsent Queen
Queen-kronologi 
«Delilah»
(1992)
Heaven for Everyone «A Winter's Tale»
(1995)


«Heaven for Everyone» er ein song skriven av Roger Taylor. Songen kom opphavleg ut på albumet Shove It av gruppa hans The Cross, med Freddie Mercury som gjestevokalist. Han vart omarbeidd med Queen og gjeven ut i 1995 på albumet Made in Heaven, der han vart gjeven ut som den første singelen. Singelen nådde då andreplassen på UK Singles Chart i Storbritannia.[1] Musikkvideoen inneheld bilete frå Georges Méliès sin stumfilm Reisen til månen frå 1902.[2]

Bakgrunn og låtskriving endre

Somme rapporterer at Roger Taylor skreiv songen i 1986 under innspelinga til Queen av A Kind of Magic, etter at arbeidet med filmmusikken til Highlander var ferdig. Om han gjorde så, så vart ikkje songen nytta då, eller var uferdig då albumet var klart. Då Taylor byrja å arbeide på songar for albumet Shove It, spurte han Freddie Mercury om han kunne syngje korvokal til songen. Det vart spelt inn to versjonar, ein med Mercury på korvokal, medan Taylor song solovokal, og ein annan med Mercury på solovokal. Akkompagnementet for dei to versjonane var òg forskjellig. Taylor-versjonen er kring 20 sekundar lengre enn Mercury-versjonen.

The Cross-versjonane inneheld òg ein munnleg intro av Taylor, og eit munnleg refreng i midten. Refrenget i Taylor-versjonen har ein ekstra tekst som ikkje vert sungen i Mercury-versjonen. Begge versjonar endar med at Taylor seier «And that. Is the end. Of this section.»

Den britiske utgåva av albumet Shove It kom med vokalversjonen til Mercury, medan den britiske singelen hadde Taylor sin versjon. I USA vart Taylor-versjonen gjeven ut på albumet, og ingen av versjonane kom ut på singel der.

Medverkande endre

Den originale Cross-versjonen

Queen-versjonen

Innhald endre

The Cross-versjonen frå 1988 endre

20. mars

UK 7" single
  1. «Heaven for Everyone» (Roger Taylor vokal)
  2. «Love on a Tightrope»
UK 12" single
  1. «Heaven for Everyone» (Roger Taylor vokal)
  2. «Love on a Tightrope»
  3. «Contact»

Etter Freddie Mercury døydde, arbeidde Queen med å fullføre det posthume albumet Made in Heaven, og denne songen vart teken med og omarbeidd som ein Queen-song. Dei nytta solovokalen til Mercury frå 1987 og la på nye instrumentspor og korvokal. Det var ingen munnleg introduksjon, refreng eller avslutning gjort av Taylor på denne versjonen, slik det var på den originale.

Det var den første britiske singelen som kom frå det nye albumet, den 23. oktober 1995, to veker før albumet kom ut. Det var ein planlagt to-delt singel, og den same songen kom ut på ny den 30. oktober 1995, med ei anna B-side.

1995-versjonen til Queen endre

UK CD1
  1. «Heaven for Everyone» (Single Version)
  2. «It's a Beautiful Day»
  3. «Heaven for Everyone» (Album Version)
UK CD2
  1. «Heaven for Everyone» (Single Version)
  2. «Keep Yourself Alive»
  3. «Seven Seas of Rhye»
  4. «Killer Queen»
UK Cassette
  1. «Heaven for Everyone» (Single Version)
  2. «It's a Beautiful Day» (Single Version)
US CD-singel
  1. «Heaven for Everyone» (Single Version)
  2. «Soul Brother» (innspelt 1981)
UK Promo CD / 12"
  1. «Heaven for Everyone» (Single Version)
UK 7"
  • A. «Heaven for Everyone» (Single Version)
  • B. «Heaven for Everyone» (Album Version)

Musikkvideo endre

Det vart laga ein musikkvideo til minne om Freddie Mercury, regissert av David Mallet.[2] Videoen har klipp frå filmane Reisen til månen (Le Voyage dans la Lune, 1902), Den umulige reisen (Le Voyage à travers l'impossible, 1904) og L'éclipse du soleil en pleine lune (1907) av Georges Méliès.[2]

Musikkvideo for The Cross-versjonen bestod av Taylor som songen på ei strand, medan eldre folk gjekk forbi bandet i bakgrunnen og klatra opp stigar for å nå himmelen.

Lister endre

Salslister endre

Liste (1995) Plassering
Australia (ARIA Singles Chart)[3] 15
Den austerrikske singellista[4] 4
Belgia (Flandern)[4] 8
Belgia (Vallonia)[4] 4
Nederlandsk Topp 40[5] 3
Den finske singellista[4] 5
Den franske singellista[4] 8
Den tyske singellista[6] 15
Irish Singles Chart[7] 7
New Zealand - RIANZ[4] 25
VG-lista[4] 18
Den svenske singellista[4] 29
Den sveitsiske singellista[4] 9
UK Singles Chart[8] 2

Årslister endre

Liste (1995) Plassering
Australia (ARIA Singles Chart)[9] 100
Belgia (Flandern)[10] 69
Belgian (Vallonia) Singles Chart[11] 52
Nederlandsk Topp 40[5] 73
Den franske singellista[12] 67

Salstrofé endre

Land Trofé Dato Salstal
Fransk[13] Sølv 1996 125 000
UK[14] Sølv 1. november 1995 200 000

Kjelder endre

  1. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums. London: Guinness World Records Limited
  2. 2,0 2,1 2,2 Queen Promo Videos: Heaven For Everyone Ultimate Queen. Henta 30. juli 2016
  3. «australian-charts.com > Queen – Heaven For Everyone (song)». Hung Medien. Henta 31. juli 2016. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 4,7 4,8 "Heaven for Everyone», in various singles charts Lescharts.com (Henta 29. desember 2008)
  5. 5,0 5,1 «Single top 100 over 1995» (pdf) (på nederlandsk). Top40. Henta 17. april 2010. 
  6. «Queen-singlar, Den tyske singellista» (på tysk). musicline. Arkivert frå originalen 11. februar 2018. Henta 18. april 2010. 
  7. Irish Single Chart Irishcharts.ie (Henta 31. juli 2016)
  8. UK Singles Chart Chartstats.com (Henta 31. juli 2016)
  9. «The ARIA Australian Top 100 Singles 1995». ARIA. Henta 31. juli 2016. 
  10. «1995 Belgian (Flandern) Singles Chart» (på nederlandsk). Ultratop. Henta 18. april 2010. 
  11. «1995 Belgian (Vallonia) Singles Chart» (på fransk). Ultratop. Henta 18. april 2010. 
  12. 1995 Den franske singellista Disqueenfrance.com Arkivert 2009-02-14 ved Wayback Machine. (Henta 31. juli 2016)
  13. French certifications Disqueenfrance.com Arkivert 2009-02-20 ved Wayback Machine. (Henta 31. juli 2016)
  14. UK certifications Bpi.co.uk Arkivert 2011-08-06 ved Wayback Machine. (Henta 31. juli 2016)

Bakgrunnsstoff endre