Opna hovudmenyen
Made in Heaven
Studioalbum av Queen
Utgjeve 6. november 1995
Innspelt 1980, 1983, 1984, 1987, 1988, januar - mai 1991, 18. oktober 1993 – tidleg 1995 i Mountain Studios, Allerton Hill, Cosford Mill og Metropolis Studios
Sjanger
Lengd 70:21 (CD)
47:45 (LP, kassett)
Selskap Parlophone (Europa)
Hollywood (Nord-Amerika)
Produsent Queen
Queen-kronologi
Innuendo
(1991)
Made in Heaven The Cosmos Rocks
(2008)
Singlar frå Made in Heaven
  1. «Heaven for Everyone»
    Utgjeve: 23 Oktober 1995
  2. «A Winter's Tale»
    Utgjeve: 18. desember 1995
  3. «I Was Born to Love You»
    Utgjeve: 28. februar 1996 (berre Japan)
  4. «Too Much Love Will Kill You»
    Utgjeve: 26. februar 1996
  5. «Let Me Live»
    Utgjeve: 17. juni 1996
  6. «You Don't Fool Me»
    Utgjeve: 18. november 1996

Made in Heaven er det femtande og siste studioalbumet til det britiske rockebandet Queen, gjeve ut den 6. november 1995 på Parlophone og Hollywood Records. Før utgjevinga av Queen Forever i 2014, var dette det siste albumet med originale songar av den originale besetninga av bandet.

Etter at Freddie Mercury døydde, arbeidde bassisten John Deacon, trommeslagaren Roger Taylor og gitaristen Brian May med vokalen og pianopartia som Mercury hadde spelt inn før han døydde, og la til instrument på innspelingane.

Begge stadia av innspelingane, før og etter at Mercury døydde, vart fullført i studioet til bandet i Montreux i Sveits. Albumet gjekk rett inn på toppen av albumlista i Storbritannia, der det selde 4× platina. Albumet vart ein suksess verda over, særleg i Europa, og selde over fem millionar eksemplar der, og meir enn 7,5 millionar verda over.

Innhaldsliste

HistorieEndra

 
Statuen av Freddie Mercury oppom Genfersjøen i Montreux, som er avbilda på plateomslaget.

Albumet vart spelt inn på ein annan måte enn dei andre studioalbuma til Queen. Tidleg i 1991, då bandet var ferdig med innspelinga av Innuendo, og nokre månader før han døydde, spelte Freddie Mercury inn så mykje vokal som han klarte, og instruerte resten av bandet: Roger Taylor, John Deacon og Brian May, om å fullføre songane seinare. Av songar som vart spelt inn på den tida var «A Winter's Tale», «Mother Love» og det som skulle bli «You Don't Fool Me».

I videoen Champions of the World skildra May desse innspelingane med Mercury:

« Då me spelte inn desse songane etter Innuendo, hadde me hatt diskusjonane, og me visste at me var fullstendig på lånt tid med Freddie, for han hadde fortalt oss at han ikkje kom til å vere her meir når desse songane vart gjevne ut. Eg trur planen var å gå inn der når Freddie kjende seg bra nok. Me budde praktisk talt i studio ei tid og når han ringde og sa 'Eg kan kome nokre timar', så var planen å utnytte denne tida så mykje som mogeleg, og han sa: 'Få meg til å syngje kva som helst, skriv kva som helst for meg og eg skal syngje det og eg vil etterlate dykk med så mykje som eg overhovudet klarar.' »

Etter at Mercury døydde, gjekk bandet inn i studio att i 1993 og byrja å gjere songane ferdige. May har skildra i intervju at Taylor og Deacon hadde byrja på nokre av songane i 1992, medan May var på turné for å marknadsføre albumet sitt, Back to the Light. Då han kom attende i 1993 følte May at dei ikkje var på riktig veg med musikken, og dei byrja meir eller mindre på nytt. Dei tre arbeidde då i lag med produsenten David Richards.

Dei hadde mindre enn eit heilt album å arbeide med og valde å hente inn songar dei hadde spelt inn tidlegare. Bandet diskuterte ikkje om Mercury hadde noko innspel før han døydde på kva songar han ville hatt med. Ideen var å ta eksisterande songar som Mercury song og omarbeide dei som Queen-songar.

I 2013 sa Brian May om albumet at «det er kanskje det beste Queen-albumet me har laga. Det er så mykje vakkert der. Det var ein lang, lang prosess, omhyggeleg sett saman. Eit sant kjærleiksarbeid.»[1]

InnhaldEndra

CDEndra

# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «It's a Beautiful Day»  Queen (Freddie Mercury, John Deacon) 2:32
2. «Made in Heaven»  Mercury 5:25
3. «Let Me Live»  Queen 4:45
4. «Mother Love»  Brian May, Mercury 4:49
5. «My Life Has Been Saved»  Queen (Deacon) 3:15
6. «I Was Born to Love You»  Mercury 4:49
7. «Heaven for Everyone»  Roger Taylor 5:36
8. «Too Much Love Will Kill You»  May, Frank Musker, Elizabeth Lamers 4:20
9. «You Don't Fool Me»  Queen 5:24
10. «A Winter's Tale»  Queen (Mercury) 3:49
11. «It's a Beautiful Day (Reprise)»  Queen (Mercury) 3:01
12. «Yeah»  Queen 0:04
13. «[Namnlaust løynd spor]»  Queen (David Richards, Taylor, May) 22:32
Bonus-EP frå 2011
# Tittel Lengd
1. «Heaven for Everyone» (singelversjon) 4:39
2. «It's a Beautiful Day» (B-side-versjon) 3:58
3. «My Life Has Been Saved» (B-side-versjon frå 1989) 3:16
4. «I Was Born to Love You» (vokal og piano-versjon) (tilskriven Mercury) 2:55
5. «Rock in Rio Blues» (live B-side) 4:33
6. «A Winter's Tale» (cosy fireside mix) 3:49
bonusvideoar med luksusutgåva til iTunes frå 2011
# Tittel Lengd
7. «(Heart-ache) Too Much Love Will Kill You» (promo video, 1995)  
8. «Heaven for Everyone» (promo video, 1995)  
9. «A Winter's Tale» (alternative promo video, 1995)  

Vinyl-utgåve 1995Endra

To spor på vinylversjonen av Made in Heaven måtte redigerast for å passe inn på ei vinlyplate. Desse to spora var «I Was Born to Love You» og «You Don't Fool Me». Versjonen av «Heaven for Everyone» på vinylversjonen er singelversjonen.

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «It's a Beautiful Day»  Queen (Freddie Mercury, John Deacon) 2:32
2. «Made in Heaven»  Mercury 5:25
3. «Let Me Live»  Queen 4:45
4. «Mother Love»  Brian May, Mercury 4:49
5. «My Life Has Been Saved»  Queen (Deacon) 3:15
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
6. «I Was Born to Love You»  Mercury 4:25
7. «Heaven for Everyone» (Single Version)Roger Taylor 4:43
8. «Too Much Love Will Kill You»  May, Frank Musker, Elizabeth Lamers 4:20
9. «You Don't Fool Me»  Queen 4:46
10. «A Winter's Tale»  Queen (Mercury) 3:49
11. «It's a Beautiful Day (Reprise)»  Queen (Mercury) 3:01
12. «Yeah» (Namnlaus)Queen (Mercury) 0:15

I 2015 vart heile albumet gjeve ut på vinyl som eit dobbeltalbum.

SongarEndra

It's a Beautiful DayEndra

Fleire år før Freddie Mercury byrja å spele inn solomateriale, skapte han eit lydklipp der han eksperimenterte på piano i Musicland Studios i München i 1980 under innspelinga av The Game. Seinare vart dette nytta for albumet og songen vart strekt ut til to minuttar og 32 sekund. Den meir klassiske delen, utan improvisasjonen til Mercury, vart sett saman av John Deacon.

Made in HeavenEndra

For meir om dette emnet, sjå songen Made in Heaven .

Opphavleg vart songen spelt inn for Mercury-albumet Mr. Bad Guy, og denne songen, i lag med «I Was Born to Love You», fekk spesialhandsaming av Queen for dette posthume albumet. Bandet omarbeidde musikken slik at han fekk ein «Queen-lyd», og plasserte den tidlegare vokalen til Mercury over den nye musikken.

Let Me LiveEndra

For meir om dette emnet, sjå Let Me Live.

«Let Me Live» er ein livleg rockeballade sungen av Mercury, Roger Taylor og Brian May i lag. Songen vart fullført i 1995 etter at Mercury var død. Songen var opphavleg spelt inn med Rod Stewart under innspelinga i 1984 for albumet The Works.[2] Då han var ferdig i 1995 for Made in Heaven, gjorde Queen ei endring i tolvte time for å unngå å bli saksøkt. Delar av korvokalen inneheldt ein tekst som var særs lik Erma Franklin-songen «Piece of My Heart». Det er ikkje kjent om Queen sjølv gjorde denne endringa eller om dei vart fortalt av plateselskapet om å gjere det. Til slutt vart den potensielt problematiske biten miksa bort og sporet vart gjeve ut. Promokassettar i USA hadde det opphavlege, uendra akkompagnementet.

Mother LoveEndra

For meir om dette emnet, sjå Mother Love av Queen.

«Mother Love» var den siste songen Mercury og May skreiv, og den siste vokalen som Mercury spelte inn.[3] Vokalen til Mercury for «Mother Love» vart spelt inn mellom 13. og 16. mai 1991.[4] Før det siste verset sa Mercury til May at han «måtte gå og kvile seg litt», men at han skulle kome att for å spele inn resten. Mercury kom aldri attende til studio og May måtte derfor syngje siste verset på songen.

Songen vert avslutta med ein sample frå eit konsertopptak frå den kjende konserten deira på Wembley Stadium i 1986, og ein sample frå introen av studioversjonen av «One Vision» og «Tie Your Mother Down». Han inneheld òg ein liten sample frå ein cover av «Goin' Back», ein song skriven av Carole King og Gerry Goffin, som Mercury hadde sunge solovokal på i 1972. Versjonen vart gjeven ut som B-side til «I Can Hear Music», ein Ronettes-coverversjon av Larry Lurex, kort tid før Queen gav ut debutalbumet. Klippa kjem fram mellom allsongen og «Goin' Back»-samplet er visstnok nokre få millisekund av kvar song Queen nokonsinne spelte inn, sett saman og spelt hurtig gjennom.

My Life Has Been SavedEndra

«My Life Has Been Saved» vart byrja som ein akustisk song hovudsakleg skriven av Deacon i 1987-1988. Produsenten David Richards hjelpte han med å lage ein demo med klaverinstrument. Mercury song så songen og seinare spelte heile bandet på songen. Made in Heaven-versjonen skil seg frå 1989-versjonen, som opphavleg vart gjeven ut som B-sida til singelen «Scandal»), men nyttar same vokalen frå Mercury. Deacon spelar gitar og klaverinstrument, i tillegg til det vanlege instrumentet sitt, bassgitaren.

I Was Born to Love YouEndra

For meir om dette emnet, sjå I Was Born to Love You.

«I Was Born to Love You» vart opphavleg spelt inn (piano, vokal, synth) av Mercury den 25. mai 1984, for albumet Mr. Bad Guy. May, Taylor og Deacon spelte inn songen på ny og la til instrumenta sine, og gjorde songen om til ein kjapp rockelåt, hovudsakleg med hardrockgitar frå May. Songen vart populær i Japan i 2004, då han vart nytta som kjenningsmelodi for dramaserien «Pride» (プライド). Denne versjonen inneheld samplingar frå Mercury sin improviserte vokal frå «A Kind of Magic» frå albumet med same namn i 1986, og frå «Living on My Own», frå albumet Mr. Bad Guy. Musikkvideoen for denne versjonen av songen, som òg vart laga i 2004, vart hovudsakleg sett saman av klipp frå Mercury sine solovideoar og frå Queen: Live at Wembley.[5] Det finst òg ein versjon framført av May (som syng introen og spelar 12-strengsgitar) og Taylor (som syng solovokal).

Heaven for EveryoneEndra

For meir om dette emnet, sjå Heaven for Everyone.

«Heaven for Everyone» var ein song skriven av Taylor og prøvd ut med Queen i 1987,[6] men vart i følgje somme kjelder skriven med tanke på at Joan Armatrading skulle syngje han. Om ho avslo songen eller om Taylor trekte han attende er uklårt, men han vart spelt inn med det andre bandet hans, The Cross. Ein kveld Mercury kom for å vitje The Cross i studio og etter somme drinkar gav han dei idear om korleis songen kunne syngjast og enda opp med å syngje solovokal på songen. Mercury deltok på den britiske versjonen av albumet deira Shove It som gjestevokalist på songen, med Taylor på korvokal. Rollene var bytte om på singelen og den amerikanske versjonen av Shove It. Vokalen til Mercury vart så nytta på Made in Heaven med eit par forskjellige linjer og May song korvokal i staden for Taylor, medan Richards la til fleire idear til arrangementet. Songen vart gjeven ut på singel i 1995. Musikkvideoen er til minne om Mercury, og inneheld klipp frå Georges Méliès-stumfilmen A Trip to the Moon frå 1902.[7]

Too Much Love Will Kill YouEndra

For meir om dette emnet, sjå Too Much Love Will Kill You.

«Too Much Love Will Kill You» vart skriven av May, Frank Musker og Elizabeth Lamers ein gong mellom Magic og Miracle-innspelingane.[8] Dei skreiv songen i USA og Mercury song på han. Det vart nokre problem med rettane til songen for Musker og Lamers så dei kunne ikkje gje ut songen på The Miracle. Songen var meint å gå mellom «I Want It All» og «The Invisible Man», men vart fjerna. Det er den einaste songen på Made In Heaven som ikkje vart omarbeidd av dei attverande medlemmane i 1993-1995, men ein nytta i staden den opphavlege miksen frå 1989.

Under The Freddie Mercury Tribute Concert spelte May piano på songen og framførte songen for første gongen, og gav han så ut på soloalbumet Back to the Light. Arrangementet skil seg frå Queen-versjonen med akustisk gitarsolo og ingen trommer. May spelte songen live i 1992-1993, men då i eit liknande arrangement som Queen-versjonen. Songen vart nominert til Ivor Novello-prisen i 1997 for beste song musikalsk og tekstmessig.[8]

Songen vart framført av Queen og Luciano Pavarotti i 2003, og Pavarotti song dei siste delane av versa på italiensk.[9]

You Don't Fool MeEndra

For meir om dette emnet, sjå You Don't Fool Me.

«You Don't Fool Me» var ein av dei siste songane som vart spelt inn for Made in Heaven og kom til på ein uvanleg måte. May har forklart på nettsida si at Richards meir eller mindre skapte rammeverket for songen på eiga hand, og bygde songen frå bitar av tekst som vart spelt inn kort tid før Mercury døydde. May har sagt at før Richards byrja å arbeide på songen så var det ikkje nokon song å snakke om. Men etter Richards redigerte og miksa songen (og tok med bitar av harmonivokal spelt inn for «A Winter's Tale») presenterte han songen for bandet. May, Taylor og Deacon la så på instrument og korvokal og vart overraska over å ende opp med ein ferdig song som hadde byrja som ingenting. Stilen på songen minnar om albumet Hot Space frå 1982.

A Winter's TaleEndra

For meir om dette emnet, sjå A Winter's Tale av Queen.

«A Winter's Tale» er ein ballade skriven og komponert av Mercury i leilegheita si i Montreux i Sveits. Det er den siste songen Mercury skreiv heilt aleine, og det er den einaste songen i Queen-historia som vart spelt inn og gjeve ut der Mercury song vokalen før musikken var ferdig.

Han har sidan blitt rekna som ein av julesongane til bandet. Om dette var intensjonen eller ikkje er ukjent.

It's a Beautiful Day (Reprise)Endra

Ein tyngre rockeversjon av «It's a Beautiful Day» som er same som i byrjinga av albumet. Han inneheld samplingar frå «Seven Seas of Rhye».

YeahEndra

«Yeah» er den kortaste songen på albumet og i katalogen til Queen, med berre fire sekund. Han består berre av Merucury som seier «yeah», teken frå songen «Don't Try Suicide» frå Queen-albumet The Game.

Spor 13Endra

Spor 13 var eit eksperiment av Richards med ein Ensoniq ASR-10-sampler. Han tok opningsakkorden på «It's a Beautiful Day» og laga ein loop, og la så til stemma til Mercury gjennom store mengder ekko. May og Taylor la òg til nokre idear til sporet. Denne finst berre på CD-utgåva og promokasettar av albumet.

MottakingEndra

Made in Heaven fekk generelt positive meldingar då det kom ut. Kritikarane har trekt fram den livlege karakteren og kvaliteten i musikken etter at Mercury døydde i 1991.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic     [10]
The Times(positiv)[11]
magasinet Q(positiv)[12]
Jerusalem Post(positiv)[13]
The Guardian(positiv)[14]
The Sunday Times(positiv)[15]
Entertainment Weekly(B+)[16]

Q skreiv: «Ti nye spor (og ein reprise). Ingen fyllmasse. Inga skam. Eit essensielt kjøpt for Queen-fans, og sjølv utan den spesielle tydinga til albumet er Made In Heaven truleg eit betre album enn Innuendo og ein høvande svanesong for ei av dei mest glødande rockegruppene i historia. Made in Heaven er òg det siste testamentet til ei stjerne som aldri kom til å bli ein helgen, men som med framføringane sine, heilt til den absolutte slutten, alltid var prega av uvøren entusiasme og ei sjeldan generøs ånd.»

The Sunday Times skildra albumet som «essensielt».

Entertainment Weekly skreiv: «Det er den perfekte teatralske gravskrifta til eit liv dedisert til strålande kunstgrep.»

Allmusic skreiv: «Made in Heaven gjekk attende til Queen i 1970-åra med sterke melodiar og hardrockgitar, toppa med Mercury som syng med bravur og somme av koreffektane dei nytta på «Bohemian Rhapsody». Sjølv om ein ikkje visste om at desse songane vart sungen i skuggen av døden, så er temaet openbert. Tekstane omhandlar livet og døden.»

MedverkandeEndra

Andre medverkande

ListerEndra

SalslisterEndra

Liste (1995) Plassering
Australia[17] 3
Austerrike[18] 1
Belgia (Vl)[19] 2
Belgia (Wa)[20] 2
Canada[21] 18
Nederland[22] 1
Finland[23] 1
Frankrike[24] 2
Tyskland[25] 1
Italia[26] 1
Japan[27] 10
New Zealand[28] 1
Noreg[29] 2
Sverige[30] 1
Sveits[31] 1
UK Albums Chart[32] 1
U.S. Billboard 200[33] 58

ÅrslisterEndra

Liste (1995) Plassering
Australia[34] 42
Austerrike[35] 13
Frankrike[36] 10
Italia[26] 8
UK Albums Chart[37] 7
Liste (1996) Plassering
Austerrike[38] 10
Frankrike[39] 32
Japan[40] 92
Sveits[41] 18
UK Albums Chart[42] 68

SalstroféEndra

Region Salstrofé Salstal
Austerrike (IFPI Austerrike)[43] 2× Platina 100 000x
Canada (Music Canada)[44] Platina 100 000^
Finland (Musiikkituottajat)[45] Platina 50,668[45]
Frankrike (SNEP)[46] 2× Platina 686,300[47]
Tyskland (BVMI)[48] 3× Platina 1 500 000^
Japan (RIAJ)[49] Platina 336,782[50]
Nederland (NVPI)[51] 2× Platina 200 000^
Noreg(IFPI Noreg)[52] Platina 50 000*
Polen(ZPAV)[53]
Utgåve på Agora SA frå 2008
Platina 20 000*
Spania(PROMUSICAE)[54] 2× Platina 200 000^
Sveits(IFPI Switzerland)[55] 3× Platina 150 000x
Storbritannia (BPI)[56] 4× Platina 1 200 000^
USA (RIAA)[57] Gull 500 000^
Oppsummering
Europa (IFPI)[58] 5× Platina 5 000 000*

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

KjelderEndra

  1. Mojo, January 2014, s. 16
  2. «Made In Heaven». Ultimatequeen.co.uk. Henta 13. desember 2010. 
  3. Queen Online – History – Diskografi: Made in Heaven Henta 30. juli 2016
  4. http://brianmay.com/queen/queennews/queennewsdec13a.html#05
  5. I Was Born To Love You (2004 video) på Youtube.
  6. Purvis, Georg (2007) Queen: Complete Works s.375. Reynolds & Hearn, 2007
  7. Queen Promo Videos: Heaven For Everyone Ultimate Queen. Henta 30. juli 2016
  8. 8,0 8,1 Billboard 21 Jun 1997 Billboard Henta 18. mai 2016
  9. Pavarotti and Friends 2003; Press and News Henta 30. juli 2016
  10. Ruhlmann, William (7. november 1995). «Made in Heaven - Queen». AllMusic. Henta 30. juli 2016. 
  11. «Queen Interviews - Queen - 11-04-1995 - Made in Heaven - The Times - Queen Archives: Freddie Mercury, Brian May, Roger Taylor, John Deacon, Interviews, Articles, Reviews». Queen Archives. Henta 30. juli 2016. 
  12. «Queen Interviews - Queen - XX-XX-1995 - Made in Heaven - magasinet Q - Queen Archives: Freddie Mercury, Brian May, Roger Taylor, John Deacon, Interviews, Articles, Reviews». Queen Archives. Henta 30. juli 2016. 
  13. «Queen Interviews - Queen - 11-07-1995 - Made in Heaven - Jerusalem Post - Queen Archives: Freddie Mercury, Brian May, Roger Taylor, John Deacon, Interviews, Articles, Reviews». Queen Archives. Henta 30. juli 2016. 
  14. «Queen Interviews - Queen - 11-10-1995 - Made in Heaven - The Guardian - Queen Archives: Freddie Mercury, Brian May, Roger Taylor, John Deacon, Interviews, Articles, Reviews». Queen Archives. Henta 30. juli 2016. 
  15. «Queen Interviews - Queen - 11-26-1995 - Made in Heaven - The Sunday Times - Queen Archives: Freddie Mercury, Brian May, Roger Taylor, John Deacon, Interviews, Articles, Reviews». Queen Archives. 26. november 1995. Henta 30. juli 2016. 
  16. «Queen Interviews - Queen - 11-10-1995 - Made in Heaven - Entertainment Weekly - Queen Archives: Freddie Mercury, Brian May, Roger Taylor, John Deacon, Interviews, Articles, Reviews». Queen Archives. Henta 30. juli 2016. 
  17. Steffen Hung. «Queen - Made In Heaven». australian-charts.com. Henta 30. juli 2016. 
  18. Steffen Hung. «Queen - Made In Heaven». austriancharts.at. Henta 30. juli 2016. 
  19. «Queen - Made In Heaven». ultratop.be. Henta 30. juli 2016. 
  20. «Queen - Made In Heaven». ultratop.be. Henta 30. juli 2016. 
  21. «Results - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 30. juli 2016. 
  22. Steffen Hung. «Queen - Made In Heaven». dutchcharts.nl. Henta 30. juli 2016. 
  23. Steffen Hung. «Queen - Made In Heaven». finnishcharts.com. Henta 30. juli 2016. 
  24. «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste» (på fransk). infodisc.fr. Henta 30. juli 2016. 
  25. «charts.de». charts.de. 26. mars 2010. Henta 30. juli 2016. 
  26. 26,0 26,1 «Hit Parade Italia – Gli album più venduti del 1995» (på italiensk). hitparadeitalia.it. Henta 3. oktober 2011. 
  27. «クイーン-リリース-ORICON STYLE-ミュージック [Highest position and charting weeks of Innuendo by Queen]». oricon.co.jp. Oricon Style (på japansk). Henta 10. juni 2016. 
  28. Steffen Hung. «Queen - Made In Heaven». charts.org.nz. Henta 30. juli 2016. 
  29. Steffen Hung. «Queen - Made In Heaven». norwegiancharts.com. Henta 30. juli 2016. 
  30. Steffen Hung. «Queen - Made In Heaven». swedishcharts.com. Henta 30. juli 2016. 
  31. Steffen Hung. «Queen - Made In Heaven». hitparade.ch. Henta 30. juli 2016. 
  32. http://www.officialcharts.com/artist/21275/queen/
  33. «Queen Album & Song Chart History». Billboard.com. Henta 30. juli 2016. 
  34. «End Of Year Charts – Top 50 Albums 1995». ARIA Charts. Australian Recording Industry Association. Henta 30. juli 2016. 
  35. «Austerrikencharts.at – Jahreshitparade 1995». Hung Medien. Henta 1. august 2010. 
  36. «Classement Albums – année 1995» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. Henta 30. juli 2016. 
  37. «Chart Archive – 1990s Albums». Henta 30. juli 2016. 
  38. «Austerrikencharts.at – Jahreshitparade 1996». Hung Medien. Henta 1. august 2010. 
  39. «Classement Albums – année 1996» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. Henta 30. juli 2016. 
  40. «1996年 アルバム年間TOP100». Oricon Year-end Albums Chart of 1995 (på japansk). Henta 30. juli 2016. 
  41. «Hitparade.ch – Schweizer Jahreshitparade 1996». Hung Medien. Henta 26. juli 2016. 
  42. «UNITED KINGDOM (CIN) BEST ALBUMS OF 1996». Henta 30. juli 2016. 
  43. «Austrian album salstrofé – Queen – Made in Heaven» (på tysk). IFPI Austerrike.  Enter Queen in the field Interpret. Enter Made in Heaven in the field Titel. Select album in the field Format. Click Suchen
  44. «Canadian album salstrofé – Queen – Made in Heaven». Music Canada. 
  45. 45,0 45,1 The first web page presents the sales figures, the second presents the certification limits:
  46. «French album salstrofé – Queen – Made in Heaven» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. 
  47. «Les Albums Double Platine». infodisc.fr (på fransk). SNEP. Henta 10. juni 2016. 
  48. «Gold-/Platin-Datenbank (Queen; 'Made in Heaven')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. 
  49. «RIAJ > The Record > March 1996 > Certified Awards (January 1996)» (PDF). Recording Industry Association of Japan (på japansk). Henta 2. august 2013. 
  50. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4871310779. 
  51. «Dutch album salstrofé – Queen – Made in Heaven» (på nederlandsk). Nederlandse Vereniging van Producenten en Importeurs van beeld- en geluidsdragers. 
  52. «Norwegian album salstrofé – Queen – Made in Heaven» (på norsk). IFPI Norway. 
  53. «Polish album salstrofé – Queen – Made in Heaven» (på polsk). Polish Producers of Audio and Video (ZPAV). 
  54. «Solo Exitos 1959-2002 Ano A Ano: Certificados > 1995-1999». Iberautor Promociones Culturales. ISBN 8480486392. 
  55. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Queen; 'Made in Heaven')». Hung Medien. 
  56. «British album salstrofé – Queen – Made in Heaven». British Phonographic Industry.  Enter Made in Heaven in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  57. «American album salstrofé – Queen – Made in Heaven». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  58. «IFPI Platinum Europe Awards – 1997». International Federation of the Phonographic Industry. 

BakgrunnsstoffEndra