Abelisaurus
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Krypdyr Reptilia
Orden: Saurischia
Underorden: Theropodar Theropoda
Infraorden: Ceratosauria
Overfamilie: Abelisauroidea
Familie: Abelisauridae
Slekt: Abelisaurus
Bonaparte & Novas, 1985

Abelisaurus var ein stor, kjøtetande dinosaur, ein theropod, av same storleik som allosaurus. Han var truleg 7 til 9 meter lang, men dette er uvisst sidan han berre er kjend frå ein fragmentarisk skalle. Han hadde lange kjevar, men ingen horn eller andre utvekstar over augo.

Rekonstruksjon.

Dinosauren er funnen i avsetningar frå sein krit i Argentina. Han kan ha vore ein slektning av carnotaurus som er funne frå same tid på same stad.

Han er kalla opp etter Roberto Abel som var direktør for Museo Provinciale de Cipolleti i Argentina.

Rekonstruksjon av skallen til Abelisaurus med originale bein.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Abelisaurus