Opna hovudmenyen
Uglesvaler


Nettuglesvale (Aegotheles bennettii)
Nettuglesvale (Aegotheles bennettii)

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Caprimulgiformes
Familie: Aegothelidae

Uglesvaler (Aegothelidae) er ein familie av små nattaktive fuglar med slektskap til natteramnar og froskemunnar. Slekta Aegotheles samlar alle dei ni artane i familien. Dei fleste uglesvaler lever på Ny-Guinea, men nokre artar finst òg i Australia, Molukkane og Ny-Caledonia. Dette er ein monotypisk familie med slekta Aegotheles som samlar dei ni artane.

Uglesvaler er insektetarar som jaktar mest i lufta, men nokre gonger på bakken. Fjørdrakta er mjuk i kamuflerande farger i brunt med lysare nyansar. Dei har ganske små, svake føter, men større og sterkare enn hos froskemunnar og natteramnar. Nebbet er lite, men opnar seg usedvanleg breitt, og er omgjeve av framståande bustar. Vengene er korte, med 10 primære svingfjører og ca. 11 sekundære svingfjører; halen lang og avrunda.

ArtslisteEndra

Uglesvaler i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

  • Sotuglesvale, Aegotheles savesi, New Caledonian Owlet-nightjar, Layard, EL & Layard, ELC, 1881, (CR)
  • Storuglesvale, Aegotheles insignis, Feline Owlet-nightjar, Salvadori, 1876, (LC)
  • Prikkuglesvale, Aegotheles tatei, Starry Owlet-nightjar, Rand, 1941, (DD)
  • Vatreuglesvale, Aegotheles wallacii, Wallace's Owlet-nightjar, Gray, GR, 1859, (LC)
  • Småuglesvale, Aegotheles archboldi, Archbold's Owlet-nightjar, Rand, 1941, (LC)
  • Berguglesvale, Aegotheles albertisi, Mountain Owlet-nightjar, Sclater, PL, 1874, (LC)
  • Molukkuglesvale, Aegotheles crinifrons, Moluccan Owlet-nightjar, Bonaparte, 1850, (LC)
  • Australuglesvale, Aegotheles cristatus, Australian Owlet-nightjar, Shaw, 1790, (LC)
  • Arfakuglesvale, Aegotheles affinis, Vogelkop Owlet-nightjar, Salvadori, 1876, (DD)
  • Nettuglesvale, Aegotheles bennettii, Barred Owlet-nightjar, Salvadori & D'Albertis, 1875, (LC)

KjelderEndra

ReferansarEndra

  1. Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 14. april 2019 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

BakgrunnsstoffEndra