Froskemunnfamilien
Froskemunnfamilien (Podargidae) er ein biologisk familie av 16 nattaktive fugleartar plassert i sin eigen orden Podargiformes. Dei lever i området frå India gjennom det sørlege Asia til Australia.
Froskemunnar | |
Dulitfroskemunn, Batrachostomus harterti | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Froskemunnar Podargiformes |
Familie: | Froskemunnar Podargidae |
Namnet froskemunn kjem av det store, flate nebbet og det froskeliknande gapet, som dei brukar til å snappe insekt med. Dei er svake flygarar.
Om dagen kviler froskemunnar stille på ei grein og liter på at den kamuflerande fjørdrakta gjer han umerkeleg. Hoa legg opptil tre kvite egg i kullet i gaffelen på ei grein, og hoa rugar om natta medan hannen tar ruginga på dagen.
Artane i slekta Podargus er store froskemunnar med leveområde i Australia og Ny-Guinea, dei har massive flate, breie nebb. Podargus er kjente for å ta større byttedyr som frosk, mus, osv., som dei nokon gonger slår mot ein stein før dei svelgjer byttet.[1] Dei ni Batrachostomus-froskemunnane finst i tropisk Asia. Dei har mindre og meir avrunda nebb og er i det store insektetarar. Både Podargus og Batrachostomus har bustar rundt nebbrota, og Batrachostomus har andre, lengre bustar som kan ha ein funksjon som vern mot insekt.[1]
I april 2007 vart det skildra ei ny slekt av froskemunnar på Salomonøyane. Slekta fekk vitskapleg namn Rigidipenna, ho har ein art og norsk artsnamn er salomonfroskemunn.[2]
Artsliste
endreFroskemunnar i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2019[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]
Slekt Podargus
- Uglefroskemunn, P. strigoides, Tawny Frogmouth, Latham, 1801, (LC)
- Marmorfroskemunn, P. ocellatus, Marbled Frogmouth, Quoy & Gaimard, 1832, (LC)
- Kjempefroskemunn, P. papuensis, Papuan Frogmouth, Quoy & Gaimard, 1832, (LC)
Slekt Rigidipenna
- Salomonfroskemunn, Rigidipenna inexpectata, Solomons Frogmouth, Hartert, 1901, (NT)
Slekt Batrachostomus
- Kurrefroskemunn, B. auritus, Large Frogmouth, Gray, 1829, (NT)
- Dulitfroskemunn, B. harterti, Dulit Frogmouth, Sharpe, 1892, (NT)
- Bandolærfroskemunn, B. septimus, Philippine Frogmouth, Tweeddale, 1877, (LC)
- Stjernefroskemunn, B. stellatus, Gould's Frogmouth, Gould, 1837, (NT)
- Singalesarfroskemunn, B. moniliger, Sri Lanka Frogmouth, Blyth, 1846, (LC)
- Burmafroskemunn, B. hodgsoni, Hodgson's Frogmouth, Gray, 1859, (LC)
- Sumatrafroskemunn, B. poliolophus, Sumatran Frogmouth, Hartert, 1892, (NT)
- Borneofroskemunn, B. mixtus, Bornean Frogmouth, Sharpe, 1892, (NT)
- Javafroskemunn, B. javensis, Javan Frogmouth, Horsfield, 1821, (LC)
- Malayfroskemunn, B. affinis, Blyth's Frogmouth, Blyth, 1847
- Palawanfroskemunn, B. chaseni, Palawan Frogmouth, Stresemann, 1937
- Sundafroskemunn, B. cornutus, Sunda Frogmouth, Temminck, 1822, (LC)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Frogmouth» frå Wikipedia på engelsk, den 7. mars 2010.
Fotnotar
endre- ↑ 1,0 1,1 Perrins, Christopher (2003). Firefly Encyclopedia of Birds. Firefly Books. s. 342. ISBN 1-55297-777-3.
- ↑ 2,0 2,1 Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; S. M. Billerman; B. L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks. (august 2019), eBird/Clements Checklist v2019 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 19. oktober 2020
- ↑ Syvertsen, P. O., Bergan, M., Hansen, O. B., Kvam, H., Ree, V. & Syvertsen, Ø. 2020. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening https://www.birdlife.no/fuglekunnskap/navn/
Bakgrunnsstoff
endre- UF vitskapsfolk oppdagar ei ny fugleslekt av froskemunnar på Salomonøyane Arkivert 2010-06-09 ved Wayback Machine.
- Videoar med froskemunnar frå the Internet Bird Collection