Afghansk historie

Afghansk historie er historia til området som i dag utgjer Afghanistan og tilstøytande område. Den moderne staten byggjer mellom anna på Hotaki-riket, som blei oppretta i 1709, og Durrani-riket som blei oppretta i 1747. Eit kongerike kalla Afghanistan blei først oppretta i 1926. Afghanistan har også vore underlagt ei mengd andre rike, som Persarriket, Makedonia, Kushan, Maurya, Timuridane, Mogulriket og Det britiske imperiet.[1]

Handelskaravane «på Khyber-vegen». Afghanistan har ei lang historie som rute mellom aust og vest.

Ordet «afghan» kan kanskje førast tilbake til 200-året under Sasanide-dynastiet, då ein brukte ordet «abgan».[2] Den skriftlege historia til Afghanistan kan førast tilbake til rundt 500 f.Kr. under Akamenide-dynastiet.[3] Arkeologiske funn på si side tyder på at det kan ha vore bykulturar her sidan 2000-talet f.Kr.[4] Det har budd menneske i området sidan eldre steinalder for rundt 100 000 år sidan.[2] Det ser ut til å tidleg ha hatt sterke handels- og kulturelle band til naboregionar i nord, aust og vest.[5]

Steinalder endre

Dei eldste spora etter menneskeleg aktivitet er frå Darra-i-Kur-hola i Badakhshan, og er 30 000 år gamle. Ved Aq Kupruk er det funne leivningar etter husdyrbruk frå yngre steinalder, ca. 9000–6000 f.Kr.[2]

 
Baktrisk gullfigur frå det hørste hundreåtet, funne i Tillya Tepe.

Persarriket endre

Kyros den store av det perisske Akamenide-dynastiet tok kontroll over området på 500-talet f.Kr. Sonen hans Dareios grunnla fleire satrapi, eller provinsar, i området.[2] På 300-talet f.Kr. blei dei fleste av desse erobra av den makedonske herskaren Aleksander den store.[2]

Etter at Aleksander døydde blei satrapia raskt tekne av Selevkideriket. Området sør for Hindukush blei teke over av det indiske Mauryariket rundt 304 f.Kr. Om lag 250 f.Kr. skipa Diodotus eit gresk-baktrisk rike som blei utvida til dagens Kabul og Panjab. I Sistan og Kandahar skapte partarane eit rike som var sjølvstendig fra Selevkidane.[2]

Kusjan endre

 
Buddhistisk kuppel laga i Bamiyan på 500-talet.

Om lag 135 f.Kr. danna fem nomadestammar fra Sentral-Asia eit forbund som etterkvart blei til Kusjanriket. Under kong Kanisjka (ca. 78–144) dekte riket eit område frå Kina i nord til Mathura i India. Det var ein del av Silkevegen, og i tillegg til varer blei idear som buddhismen spreidde hit og vidare. Vakker gandharakunst blei laga her, mellom anna kjempemessige buddhastatuar i Bamiyan. Andre viktige byområde var Bagram, Ghazna, Hadda, Kondoz og Shotorak.[2]

Då Kusjanriket veikna blei delar av Afghanistan overtekne av det persiske Sasanide-dynastiet ca. 241. På 400-talet blei området erobra av sentralasiatiske nomadar att. Dei blei fordrivne på 500-talet av Sasanidane og vest-tyrkarar. På denne tida fekk området fleire hinduimpulsar frå India, og det blei laga hindutempel og -statuar.[2]

Islam endre

 
Utbreiinga til Ghuridedynastiet.
 
Minaret i Ghazni frå 1100-talet.

Sasanideriket blei nedkjempa av muslimske styrkar i 642. Desse tok også Afghanistan-området, men klarte ikkje halda det. Fleire smårike blei muslimske frå 800-talet, til dømes Ṭahiridane i Khorasan. I nord hadde det sentralasiatiske Samanide-dynastiet overherredøme frå 872 og på heile 900-talet.[2]

På midten av 900-talet grunnla Alptigin, ein tidlegare tyrkisk slave, eit herskardynati i Ghazna. Riket blei utvida til Kabul og Indus, og under Mahmud av Ghazna utvida det makta si til Panjab, Multan og andre område i India. Ghazna og den andre hovudstaden Bust (Lashkar Gah) voks seg store og storslåtte.[2]

Ghuridedynastiet stamma frå fjellområdet Ghur i sentrale Afghanistan. Det blei grunnlagd av Ala al-Din Husayn i 1150. Nevøen hans, Muhammad av Ghur, invaderte India i 1175 og la grunnlaget for det indiske Delhi-sultanatet.[2]

Mongolar endre

Mongolske invasjonar byrja med Dsjenghis khan i 1219. Etter ein afghansk siger mot mongolane storma Dsjenghis Bamiyan og gav ordre om å øydeleggja byen og drepa alt som levde.[2] Dei mongolske øydeleggingane gjekk også ut over irrigasjonssystemet som grøde og rikdom i landet var avhengig av.[6]

Mongolane blei overherrar over store delar av landet, medan mindre fyrstedøme var meir eller mindre sjølvstendige. Timur Lenk erobra det meste av Afghanistan og la grunnlaget for Timuridedynastiet seint på 1300-talet. Dette dynastiet hadde Herat som hovudstad. Afghanistan fekk no ei fredeleg tid med økonomisk og kulturell vekst.[2]

Tidleg på 1500-talet voks makta til sentralasiatiske usbekarar, og Muhammada Shaybani erobra Herat i 1507. Shaybani blei så overvunnen av den persiske safavidekongen Ismail I i 1510. I mellomtida var Mogulriket i ferd med å bli etablert med Kabul som base. Stormogul Babur erobra Kandahar i 1522 og Delhi i 1526. Mogulriket utvida seg til å omfatta store delar av dagens India, Pakistan, Bangladesh og Afghanistan. Mogulane og safavidane var i konflikt om området, og kjempa særleg om Kandahar.[2]

Lokalt sjølvstyre endre

 
Durraniriket på sitt største.

Mir Vays Khan, ein leiar for ein hotakistamma, gjorde opprør mot den persiske guvernøren i Kandahar i 1709. Sonen hans erobra seinare Isfahan. Etter press frå Tsar-Russland og Det osmanske riket blei hotakiane nedkjempa av stammeleiaren Nadr Qoli Beg, seinare sjah av Persia, i 1732. Etter sigrar i Kandahar, Ghazna, Kabul og Delhi blei Nadir sjah snikmyrda i 1747. Dette gav rom for eit nytt afghansk rike til å veksa fram.[2]

Ahmad Khan Abdali var ein tidlegare hærleiar for Nadir sjah som blei vald til sjah av stammerådet i Kandahar. Han tok tittelen Durr-i Duran ('perle av perler). Under han blei Durraniriket det nest største muslimske riket på 1700-talet, etter Det osmanske riket.[2] Under sjah Durrani blei den noverande grensa mot Pakistan fastsett.[7]

I 1776 blei hovudstaden flytta frå Kandahar til Kabul, då durraniane fekk mindre støtte i Kandahar. I åra som følgde blei Afghanistan i aukande grad sett på som eit bufferområde mellom britisk og russisk imperialisme.[7]

Sjølvstende og borgarkrig endre

 
Hamid Karzai teken i eid som president i 2004.

Etter å ha vore eit emirat underlagd Det britiske imperiet oppnådde Afghanistan nasjonalt sjølvstende den 19. august 1919. Landet var formelt eit monarki fram til 1978, då den demokratiske republikken Afghanistan blei skipa.[7] Den siste kongen, Mohammad Zahir Shah, blei avsett i ved eit statskupp i 1973. Skarpe indre motsetningar og borgarkrig blei følgd av den sovjetiske invasjonen av Afghanistan i 1979. Motstand mot invasjonen blei mellom anna utført av mujahedin, islamistiske styrkar med støtte frå Pakistan, Saudi-Arabia og USA. Etter nær 10 år med okkupasjon trekte dei sovjetiske styrkane seg ut. Afghanistan blei sitjande igjen med militære og sivile tap, materielle øydeleggingar og ein borgarkrig som fotrtsette.[7]

I dei kaotiske åra vaks den islamistiske Taliban-militsen fram som ein garantist for ro og orden. Frå 1996 hadde gruppa kontroll over det meste av landet. Dei gav ly til terroristorganisasjonen al-Qaida. Få veker etter at al-Qaida hadde gjennomført eit åtak i USA den 11. september 2001 blei Afghanistan invadert av ein internasjonal allianse under amerikansk leing, som raskt nedkjempa Taliban-styret.[7] Landet blei likevel ikkje roleg, og både militære og sivile blei drepne i kamp, terroråtak og flyåtak.[8]

1 600 utsendingar frå alle provinsane i Afghanistan deltok på ei rådsforsamling i Kabul (Loya Jirga) i juni 2002. Her blei Hamid Karzai vald til midlertidig president. I 2004 fekk Afghanistan ny grunnlov.[8] I 2010-åra byrja internasjonale styrkar å trekka seg ut frå landet. Karzai blei gjenvald i 2004 og 2009. Då Karzai nådde enden av dei moglege presidentperiodane sine blei Ashraf Ghani vald til ny president i 2014. Dette var første gongen makta i Afghanistan blei demokratisk overført.[9]

Kjelder endre

  1. «Kingdoms of South Asia – Afghanistan (Southern Khorasan / Arachosia)». The History Files. Henta 16. august 2010. 
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 2,10 2,11 2,12 2,13 2,14 2,15 «Afghanistan». Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite. Chicago: Encyclopædia Britannica, 2011.
  3. «Country Profile: Afghanistan» (PDF). United States: Library of Congress Country Studies] on Afghanistan. August 2008. Henta 16. august 2010. 
  4. «Afghanistan: The Pre-Islamic Period». United States. 1997. Henta 16. august 2010. 
  5. Dupree, Nancy Hatch (1977). An Historical Guide To Afghanistan (Chapter 3: Sites in Perspective) (2 utg.). United States: Afghan Air Authority, Afghan Tourist Organization. s. 492. Henta 22. august 2010. 
  6. Tvedt, Knut Are & Holmboe, Haakon & Johannessen, Bjørn. «Afghanistans historie» (19. desember 2014), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 29. desember 2014
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 Johannessen, Bjørn. Afghanistan (17. desember 2014), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 29. desember 2014.
  8. 8,0 8,1 Johannessen, Bjørn. «Krigen I Afghanistan» (16. desember 2014), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 29. desember 2014.
  9. «Afghanistan votes in historic presidential election». BBC. 5 April 2014. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Afghansk historie