Kjevelause fiskar

(Omdirigert frå Agnatha)
Kjevelause fiskar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Kjevelause fiskar Agnatha
Cope, 1889

Kjevelause fiskar (Agnatha/Cyclostomata) er ei gruppe virveldyr som består av rundt 72 artar niauge (Cephalaspidomorphi) og slimålar (Myxini). Gruppa vert òg kalla rundmunnar, og er den mest primitive gruppa virveldyr. Dei lever i kjølig vatn i heile verda, og i Noreg finst fem artar.

Elveniauge

Dei kjevelause fiskane er ikkje lenger rekna som ei monofyletisk gruppe, sidan ein reknar med at niauge er nærare i slekt med virveldyr med kjevar enn dei er med slimålane. Dette kan ein sjå mellom anna på at slimålane manglar ryggvirvlar og teknisk sett ikkje er virveldyr. Mange forskarar snakkar difor om kraniatar eller «kraniedyr» i staden for vertebratar.

Skildring endre

Kjevelause fiskar er avlange, åleliknande fiskar som i tråd med namnet sitt manglar kjevar. I staden har dei runde munnar med ru tunger, men utan tenner. Skjelettet er svakt og i brusk, men nokre utdøydde artar hadde eit heildekkande kroppspanser. Dei færraste artane har finnar, og dei få som har det har berre på ryggen. Derimot har dei høgt utvikla respirasjonsapparat; ei rekke gjellekammer ligg attmed tarmen og har direkte samband med fisken si overflate. I motsetnad til dei fleste andre fiskane manglar dei skjel, og er i staden dekt med slim.

Immunforsvar endre

Til skilnad frå ryggradsdyr med kjevar har ikkje kjevelause fiskar immunoglobulin. I staden nyttar dei variable lymfocyttreseptorar. Variable lymfocyttreseptorar er dei eldste kjende reseptorane frå eit adaptivt immunsforsvar og dei einaste kjende antigenreseptorane som ikkje baserer seg på immunoglobulin.[1]

Utvikling endre

Kjevelause fiskar var dei første ekte vertebratane som oppstod, allereie for over 500 millionar år sidan. Ein reknar med at alle virveldyr stammar frå den vesle fisken Haikouichthys, som sannsynlegvis var i nær slekt med niauga og levde i kambriumtida.

I ordovicium og silur eksisterte det eit stort utval pansra rundmunnar i alle verdshava. Desse utvikla seg til bruskfisk og beinfisk, vart utkonkurrerte og døydde ut i devontida. Sidan då har kjevelause fiskar hovudsakleg vore åleliknande åtseletarar og parasittar.

Systematikk endre

Artar i Noreg endre

Kjelder endre

  1. Mariuzza, Roy A; Velikovsky, C. Alejandro; Deng, Lu; Xu, Gang; Pancer, Zeev (2010). «Structural insights into the evolution of the adaptive immune system: The variable lymphocyte receptors of jawless vertebrates». Biological Chemistry 391 (7). doi:10.1515/bc.2010.091.