Opna hovudmenyen
Bekkeniauga

Status i verda: LC Livskraftig


Systematikk
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
overklasse: Agnatha
Klasse: Cephalaspidomorphi
Orden: Petromyzontiformes
Familie: Petromyzontidae
Slekt: Lampetra
Art: L. planeri
Vitskapleg namn
Lampetra planeri

Bekkeniauga er ein kjevelaus fisk i niaugefamilien. Det er den einaste reine ferskvassarten niauga i norske farvatn, og er elles utbreidd i mesteparten av vest-Europa frå den franske middelhavskysten i sør til Finland i nord.

Bekkeniauga
Namn på andre språk
EngelskBrook lamprey
TyskBachneunauge
FranskLamproie de Planer
SpanskLamprea de arroyo

KjenneteiknEndra

Bekkeniauga er som vaksen rundt 20 cm lang og har kontakt mellom dei to ryggfinnane. Det er blågrønt på ryggen med gule sider og kvit buk, og skil seg frå elveniauga med å mangla mørke prikkar på buken. Bakerst på sugeskiva har det 7-10 spisse tenner.

LevesettEndra

Bekkeniauga lever heile livet i ferskvatn, og føretek få eller ingen vandringar. Larvane driv stundom noko med straumen før dei botnslår og lever filtrerande av mikroalgar og detritus. Dei lever nedgravne i elvebotnen i 3-7 år, før dei vert kjønnsmogne.

Dei vaksne individa kjem opp or botnen og sym oppstrøms til gyteplassen om natta seint på våren. Gytegropa vert graven på sand- eller grusbotn på grunt vatn i rennande vatn (0,2-3 m vassføring i sekundet), og dei gyt i grupper på 2-30 individ. Som oftast vert egga til ei ho befrukta av 2-3 hannar. Alle døyr etter gytinga. Egga klekker etter ei knapp veke.

KjelderEndra

  • Jonsson, Bror: «Niøyer» i Norges dyr - fiskene 1 Cappelen 1992
  • FishBase