Al-Harra i Syria
Al-Harra (arabisk الحارة, òg skrive al-Harrah eller Khirbet al-Harra; tyder: «den heite») er ein by som administrativt høyrer til al-Sanamayn-distriktet i Daraa guvernement sør i Syria. Han ligg på Hauransletta, 37 km nord for Daraa, like vest for Beer Ajam og Golanhøgdene, nordvest for Jassem, vest for al-Sanamayn og sørvest for Kafr Shams. I 2004 talde Statistisk sentralbyrå i Syria eit folketal på 17 172 i al-Harra.[1]
al-Harra | |||
الحارة | |||
landsby | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Daraa guvernement | ||
Distrikt | Al-Sanamayn-distriktet | ||
Nahiyah | Al-Sanamayn | ||
Høgd | 950 moh. | ||
Koordinatar | 33°3′N 36°0′E / 33.050°N 36.000°E | ||
Folketal | 17 172 (2004)[1] | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
Al-Harra i Syria 33°03′N 36°00′E / 33.05°N 36°E | |||
Kart som viser Al-Harra i Syria.
|
Historie
endreI 1870-åra vitja Palestine Exploration Fund al-Harra og rapporterte at utanom om to små Damaskus-fødde arabiske kristne-familiar, var dei 500 innbyggjarane i byen muslimar. Innbyggjarane var fellahin, opphavleg frå dei nærliggande byane Jasim og Zimrin som slo seg ned blant dei nomadiske beduinane i området. Mange av beduinane heldt fram å drive beite på markene i al-Harra. Dei 126 bygga i landsbyen var hovudsakleg små steinhus. Sjølve landsbyen var bygd kring den austlege delen av eit lite vulkankrater, ved den søraustlege foten til Harrat ash-Shamah (Tell al-Harra). På denne tida var al-Harra eigd av Selim Freige frå Beirut og jordbrukslandet vart styrt av Yusuf Effendi Mansur Hatim på vegner av Freige. PEF fann ruinar av gamle bygningssteinar som likna andre bysantinske lekamar i Hauran-området, like utanfor moskéen i byen.[2]
Den syriske borgarkrigen
endreSomme av innbyggjarane i al-Harra deltok i demonstrasjonane mot regjeringa til Bashar al-Assad under den syriske borgarkrigen. National Organisation for Human Rights i Syria, som støttar opposisjonen, rapporterte at 13 menneske vart drepne av den syriske hæren under eit bombeåtak frå stridsvogner i al-Harra den 12. mai 2011.[3] Seinare, den 30. august, vart tre demonstrantar, mellom anna ein 13 år gammal gut, drepen av dei statlege styrkane i al-Harra, då dei slo ned på demonstrasjonen, i følgje Local Coordination Committees of Syria.[4]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Al-Harra, Syria» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juli 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Palestine Exploration Fund (1897). Quarterly statement. Published at the Fund's Office.
- ↑ 1,0 1,1 Folketeljing 2004[daud lenkje]. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Daraa guvernement. (arabisk)
- ↑ Palestine Exploration Fund, 1897, s.190-191.
- ↑ Deaths reported as tanks shell Syrian cities. Al Jazeera English. 2011-05-12.
- ↑ Syrian troops 'fire on demonstrators'. BBC. 2011-08-30.