Hofuf

(Omdirigert frå Al-Hofuf)

Al-Hofuf (òg Hofuf , Hofof' eller Hufuf, òg kalla Al-Hasa og Al-Ahsa[1], arabisk الهفوف, al-Hufūf) er eit stort bysenter i Al-Ahsa-oasen i Austprovinsen i Saudi-Arabia. Området er kjent som ein av dei største daddel-produsentane i verda, og for dei gamle marknadane og slotta som ligg her.

Hofuf
by
Land  Saudi-Arabia
Region Hofuf
Koordinatar 25°23′N 49°35′E / 25.383°N 49.583°E / 25.383; 49.583
Folketal 1 500 000  (2014)
Borgarmeister Bin Jalawi
Provinsguvernør Saud bin Naif
Retningsnummer +966-13
Kart
Hofuf
25°21′39″N 49°35′59″E / 25.3608°N 49.5997°E / 25.3608; 49.5997
Wikimedia Commons: Hofuf

Oversyn endre

Byen ligg i innlandet, sørvest for Abqaiq og DhahranDammamAl-Khobar storbyområde langs vegen sørover til Haradh. Han er den mest nærliggande byen til det kjende Ghawar-feltet, eit av dei største landbaserte oljefelta i verda.

Hofuf er eit av dei store kultursentera i Saudi-Arabia, og mange kjende familiar bur her. Fakulteta for jordbruk, veterinærmedisin og dyreressursar under Kong Faisal universitet ligg i byen (resten ligg i Dammam).

I følgje segna er staden gravplassen til Laila og Majnoon frå ei av dei mest populære kjærleikssogene i den arabiske og muslimske verda. Dronninga av Saba skal òg ha vitja byen frå kongedømet sitt i Jemen.

Økonomi endre

Historisk sett var Hofuf kjend for tekstilar av ull, silke og bomull. I 1920 var byen kjend for kaffikanner av sølv og messing.[2]

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Hofuf» frå Wikipedia på engelsk, den 25. mai 2016.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
  1. «Al-Hofuf Travel Information and Travel Guide - Saudi-Arabia». Lonely Planet. Arkivert frå originalen 1. juli 2012. Henta June 2013. 
  2. Prothero, G.W. (1920). Arabia. London: H.M. Stationery Office. s. 99. 

Bakgrunnsstoff endre