As-Suwayda guvernement
As-Suwayda guvernement (arabisk السويداء, romanisert Muḥāfaẓat as-Suwaydā’ ) er det sørlegaste av dei fjorten guvernementa i Syria. Det har eit areal på 5 550 km² og dannar ein del av den historiske regionen Hawran. Hovudstaden og den største byen er as-Suwayda.
As-Suwayda | |||
السويداء | |||
guvernement | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Mintaqah | 3 | ||
Hovudstad | As-Suwayda | ||
Areal | 5 550,0 km² | ||
Folketal | 566 493 (2013) | ||
Språk | arabisk | ||
ISO 3166-2 kode | SY-SU | ||
as-Suwayda guvernement 32°48′N 36°48′E / 32.8°N 36.8°E | |||
Kart over Syria med As-Suwayda avmerkt.
| |||
Wikimedia Commons: As-Suwayda Governorate |
Geografisk omfattar guvernementet nesten heile Jabal al-Druze, den austlege delen av Lejah, og ein del av den tørre, austlege steppa Harrat Ash Shamah.
Demografi og folkesetnad
endreI 2013 hadde guvernementet ein folkesetnad på kring 566 000 innbyggjarar. Det er det einaste guvernementet i Syria som har ein drusar-majoritet.[1] Her bur òg ein større austleg-ortodoks minoritet, og eit lite muslimsk samfunn.
Dei fleste innbyggjarane bur vest i guvernementet, særleg vest i Jabal ad-Duruz. Berre dei nomadiske beduin-stammenen lever i det ufruktbare området i Harrat Ash Shamah.
Inndelingar
endreGuvernementet er delt inn i 3 distrikt (manatiq):
Desse er vidare delt inn i ni underdistrikt (nawahi).
Byar og landsbyar
endreGuvernementet inneheld tre byar, 124 landsbyar og 36 grender.[2]
Byar
endreLandsbyar
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «As-Suwayda Governorate» frå Wikipedia på engelsk, den 4. april 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Country Data Page on Syria
- ↑ Statistikk frå http://www.cbssyr.org/aindex.htm Arkivert 2007-03-29 ved Wayback Machine.