Albumet That'll Be the Day

That'll Be the Day
Studioalbum av Buddy Holly
Språk engelsk
Utgjeve April 1958
Innspelt 26. januar, 22. juli og 15. november 1956
Sjanger
Lengd 25:06
Selskap Decca
Produsent Owen Bradley
Buddy Holly-kronologi 
Buddy Holly
(1958)
That'll Be the Day The Buddy Holly Story
(1959)
Singlar frå That'll Be the Day
  1. «Love Me» / «Blue Days - Black Nights»
    Utgjeve: 16. april 1956
  2. «Modern Don Juan» / «You Are My One Desire»
    Utgjeve: 24. desember 1956
  3. «That'll Be the Day» / «Rock Around With Ollie Vee»
    Utgjeve: 12. august 1957
  4. «Love Me» / «You Are My One Desire»
    Utgjeve: 6. januar 1958
  5. «Girl On My Mind» / «Ting-A-Ling»
    Utgjeve: 23. juni 1958

That'll Be The Day er det siste studioalbumet til Buddy Holly. Decca var det første store plateselskapet til Holly, men han klarte ikkje å skape ein hitsingel med dei tidlege innspelingane sine. Etter at han slo igjennom med innspelingar for Brunswick og Coral gav Decca ut desse innspelingane. Dette er det siste albumet som kom ut før han omkom i ein flystyrt 3. februar 1959, og er sjeldan blant samlarar..[2]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[1]

Bakgrunn endre

Innspelingane vart gjort under tre forskjellige innspelingar, som typisk varte rundt tre timar, i januar, juli og november 1956 i Bradley Film and Recording Studios i Nashville i Tennessee.[3] Frå desse innspelingane vart det gjeven ut ein singel den 16. april 1956, «Blue Days, Black Nights» med «Love Me». Ein annan singel, «Modern Don Juan» med «You Are My One Desire» (D 30166) kom ut 24. desember 1956. Begge singlane selde dårleg, så Decca la resten av innspelingane på hylla.

Då Buddy Holy slo gjennom med ei ny innspeling av «That'll Be the Day» med banet sitt The Crickets, byrja Decca å gje ut desse tidlege innspelingane til Holly på singlar og kulminerte med eit heilt album og ein tilhøyrande EP.

Innspelingane til Decca frå Nashville i 1956 vart gjevne ut fleire gonger seinare med ny innpakning.[4] Instrument og korvokal vart lagt til på seinare utgåver så seint som i 1984. Den britiske utgåva The Nashville Sessions frå midten av 1970-åra er den beste vinylutgåva i følgje Allmusic.[5]

Albumet nådde femteplassen på den britiske albumlista då det kom ut på ny i 1961.[6] I 1967 vart albumet gjeve ut på ny med tittelen The Great Buddy Holly.

Innhald endre

Side 1
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«You Are My One Desire»Don Guess2:23
2.«Blue Days, Black Nights»Ben Hall2:04
3.«Modern Don Juan»Don Guess, Jack Neal2:39
4.«Rock Around With Ollie Vee» (with the Three Tunes)Sonny Curtis2:18
5.«Ting a Ling» (with the Three Tunes)Ahmet Ertegun2:41
6.«Girl on My Mind» (med The Three Tunes)Don Guess2:18
Side 2
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«That'll Be the Day» (med The Three Tunes) (Decca-versjonen frå 22. juli 1956)Buddy Holly, Jerry Allison2:30
2.«Love Me»Buddy Holly, Sue Parrish2:07
3.«I’m Changing All Those Changes» (med The Three Tunes)Buddy Holly2:14
4.«Don’t Come Back Knockin’»Buddy Holly, Sue Parrish2:14
5.«Midnight Shift»Earl Lee, Jimmie Ainsworth2:10
Bonusspor på 1999-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Rock Around With Ollie Vee (No.2)»Sonny Curtis2:14
2.«Changing All Those Changes» (Demo)Buddy Holly1:39

Medverkane endre

* besetninga for 22. juli vart kalla The Three Tunes. I følgje buddyhollycenter.org var gruppenamnet Buddy and the Two Tones (Buddy Holly med Don Guess og Sonny Curtis).

  • Owen Bradley produserte innspelingane.
  • The Picks song harmonivokal.

Salslister endre

Album endre

Lister (1961) Plassering
UK Album Chart 5[7]

Kjelder endre

  1. Bruce Eder. «That'll Be the Day - Buddy Holly | Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 11. februar 2018. 
  2. Album artist 211 - Buddy Holly. tsort.org.
  3. «City of Lubbock - Buddy Holly Center - Home». Buddy Holly Center. Henta 11. februar 2018. 
  4. That'll Be the Day. Discogs.
  5. Bruce Eder. "That'll Be the Day - Buddy Holly | Songs, Reviews, Credits, Awards". AllMusic.
  6. Album artist 211 - Buddy Holly. tsort.org.
  7. «Buddy Holly - Full Official Chart History». Official Charts Company. Official Charts Company. Henta 25 March 2017. 

Bakgrunnsstoff endre