Opna hovudmenyen
Алматы облысы
Almaty oblast
Våpen Plassering
Våpenet til Almaty oblast Plasseringa til Almaty oblast i Kasakhstan
Koordinatar 45°0′0″N 78°0′0″EKoordinatar: 45°0′0″N 78°0′0″E
Tidssone UTC+6
Administrasjon
Land Flag of Kazakhstan.svg Kasakhstan
Hovudstad Taldykorgan
Akim Umbetov Serik
Inndeling
 – Raionar 16
 – Byar 25
Statistikk
Areal [1] 224 000 km²
Folketal 1 603 700 (01/2006)[1]
 - Folketettleik 7 /km²
Anna informasjon
Postnummer 040000
Retningsnummer +7 (727), +7 (728)
Bilnummer B
Nettside http://www.almaty-reg.kz

Almaty (kasakhisk Алматы облысы) er eit oblast i Kasakhstan. Hovudstaden er Taldykorgan, som har 118 400 innbyggjarar og sjølve oblastet har om lag 1,6 millionar innbyggjarar.

GeografiEndra

Almaty oblast ligg rundt sjølve byen Almaty, som ikkje høyrer til oblastet. Oblastet grensar til Kirgisistan og regionen Xinjiang (Aust-Turkestan) i Folkerepublikken Kina, i tillegg til Zjambyl oblast i vest, Karagandy oblast i nordvest og Aust-Kasakhstan oblast i nord. Oblastet dekkjer eit areal på 224 000 kvadratkilometer.

Balkhasjsjøen tar opp ein god del av områda nordvest i oblastet. Transili-Alatau er ei fjellkjede i Tian Shan som strekkjer seg frå Kina og Kirgisistan og inn i Almaty oblast langs grensa til Kirgisistan.

Tsjarynravinen, Ili, Bartogai og Kaptsjagaj, Kaindy og Kolsajsjøane og Issyk ligg alle i området.

KjeldeEndra