Ili
Ili (russisk Или; kinesisk 伊犁河, Yili He) er ei elv nordvest i Kina og søraust i Kasakhstan.
Ili | |||
elv | |||
Ili
| |||
Land | Kasakhstan, Kina | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 140 000 km² | ||
Lengd | 1 439 km | ||
Kjelde | Elva Tekes og Kunges | ||
Munning | Balkhasjsjøen | ||
Ili 45°24′00″N 74°08′00″E / 45.4°N 74.133333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Ili River |
Ho er 1 439 km lang der 815 km av ho ligg i Kasakhstan. Elva har kjelda si aust i Tian Shan-fjella der elvane Tekes og Kunges renn saman. Ili drenerer nedslagsfeltet mellom Tian Shan og Borohorofjella i nord.
Ho munnar ut i Balkhasjsjøen og dannar her eit omfattande elvedelta med store våtmarksområde med innsjøar, myrer og jungelliknande vegetasjon.
Ili i Kina
endreByen Yining (Kulja) ligg på nordsida av elva, om lag 100 km før ho kryssar grensa. På sørsida, enno nærare grensa, ligg det autonome området Qapqal Xibe, der mange av xibe-folket i Kina held til.
Ili i Kasakhstan
endreOmrådet som i Kasakhstan som vert drenert av Ili og sideelvane hennar vert på kasakhisk kalla Zjetysu («Sju elvar») eller på russisk Semiretsjije (med same tydinga).
Vasskraftverket Kaptsjagaj vart bygd frå 1965 til 1980 midt i Ili og Kaptsjagajreservoaret vart danna. Tamgaly ligg 20 km nedanfor med helleristingar. Namnet «Tamgaly» tyder «måla» eller «merka stad» på kasakhisk.
-
Ili
-
Buddhistiske helleristingar ved Ili
-
Ili
Sideelvar
endreHistorie
endreIli gav namn til Ilitraktaten i 638, som formaliserte ei inndeling av Det tyrkiske kagnatet (552-638) i Det vestlege og Det austlege tyrkiske kagnatet, og grensa mellom dei to gjekk langs Ili.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ili River» frå Wikipedia på engelsk, den 13. januar 2008.
Fotnotar
endre- ↑ Zuev Yu.L., The strongest tribe, s. 55-56, Almaty, 2004