Karaganda oblast

(Omdirigert frå Karagandy oblast)

Karaganda (kasakhisk Қарағанды облысы) er eit oblast i Kasakhstan. Hovudstaden er Karaganda, som har 437 000 innbyggjarar og sjølve oblastet har om lag 1,37 millionar innbyggjarar. Med eit areal på 118 600 km² er han eit av dei minste oblasta i landet.

Karaganda
Қарағанды
oblast
Flagg
Symbol
Land  Kasakhstan
Hovudstad Karagandy
Areal 427 982 km²
Folketal 1 371 974 (2022)
Tidssone UTC +6
Postnummer 100000
Kart
Karaganda oblast
48°N 71°E / 48°N 71°E / 48; 71
Wikimedia Commons: Karaganda Region

Karagandavart ofte nytta som poenget i ein populær spøk i det tidlegare Sovjetunionen. Byen Kargandy ligg forholdsvis isolert på ei enorm og elles folketom steppe, og vert rekna som «midten av ingenplass».

Historie

endre

Det vart gjort intens gruvedrift i oblastet under Sovjetunionen og hadde òg fleire arbeidsleirar (gulagar). Etter den andre verdskrigen til Josef Stalin, leiaren av Sovjetunionen, flytta mange etniske tyskarar til området.

Geografi

endre
 
Karkaralinsk naturpark

Med eit areal på 428 000 km² er Karaganda oblast det største oblastet, men rører ikkje landegrensene. Av andre oblast grenser Karaganda til Aktobe oblast i vest, Kostanaj oblast i nordvest, Akmola oblast i nord, Pavlodar oblast i nordaust, Aust-Kasakhstan oblast i aust, Almaty oblast i søraust, Zjambyl oblast og Sør-Kasakhstan oblast i sør og Kyzylorda oblast i sørvest. Elva Isjim, ei sideelv til Irtysj, spring ut frå Karagandy oblast.

Området er tørt og flatt med enorme sletter og åsar her og der. Karkaralinsk naturpark, som dekkjer eit areal på 903 km², ligg i oblastet.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Karaganda oblast