Alpehorn er eit blåseinstrument som stammar frå 1300-talet og som opphavleg vart nytta av gjetarar i Alpane til å kommunisera over lange avstanadar. Det er mest utbreidd i Sveits, men ein finn òg alpehorn i Frankrike, Austerrike, Oilen og Romania. Alpehorn vart òg kalla «Waldhorn» (skogshorn) «Wurzelhorn» (rothorn) og «Stockbüschel» (stavbunt).[1]

Alpehorn

KlassifiseringLangt, bøygt treblåseinstrument med munnstykke på enden, naturhorn
Hornbostel-Sachs klassifisering423.121.12, 423.121.22
Alpehornkonzert i Vals GR.
D' Dieß'ner alpheornspelarar.

Oppbygging endre

Lyden vert generert av ei svingande luftsøyle, så alpehorn er eit aerofoninstrument. Alpehorn har korkje tunge, ventilar eller klaffar, så blåsaren må generera dei ulike tonane med munnen. Lyden inneheld grunntonen som blåsaren genererer og overharmoniske frekvensar.

Hornet fungerer som ein akustisk transformator, som aukar strålingsimpedansen i halsen på hornet til ein mykje høgare verdi enn i munningen. Dette fører til at verkningsgraden aukar og utstråla akustisk effekt aukar. Den nedre grensefrekvensen til eit horn er invers proporsjonal med kor snøgt arealet på bølgjefronten utvidar seg.[2] For å få ein låg nedre grensefrekvens må difor arealet av tverrsnittet til hornet utvida seg sakte, noko som fører til at det vert langt. Til lågare frekvens lyden har til større avstand kan den høyrast på. Etter som alpehorna vart nytta for å kommunisera over store avstandar må dei spela låge tonar og vert difor lange. Ei vanleg lengd er 3,5 m, men det finst mykje lengre alpehorn. Rekorden er på 47 m.[3]

Når hornet vert spela ved eit vatn vil lydbølgjene fylja vassflata og høyrast på avstandar opp til 10 km. Naturformasjonar som tronge dalar med fjell på sidene kan òg føra til at lyden kan høyrast på stor avstand.

Alpehorn vert som oftast laga av gran, men furu vert òg nytta. Den tradisjonelle måten var å nytta ei gran med ein krok ved rota, som ein helst finn i skråningar. Treet vart så delt i to på langs, uthola, og sett saman att. For å få ein lufttett skøyt vert det nytta voks eller harpiks. Tidlegare vart dei to delane heldt saman med røter, noko som har gjeve opphav til nemninga «Wurzelhorn» (rothorn).

For å få meir rasjonell produksjon vert dei fleste moderne alpehorna laga av tre delar. Den rette delen vert framleis kløyvd i to, fresa ut maskinelt, og lima saman med moderne lim. Den krumme munningsdelen vert laga separat og sett på i etterkant.

Opphav endre

Det tykkjest vara semje om at alpehornet er svært gamalt[1] og truleg har det utvikla seg gradvis over ein lang tidsbolk. Eit altarbilete i eit kapell i Oberstdorf i Bayern syner alpehornspelarar i bakgrunnen.[4] På eit av måleria til den tyske målaren Martin Schongauer (1445/50–1491) er det to gjetarar med kvart sitt alpehorn.[1]

Utbreiing og bruk endre

I tidlegare tider var alpehorn i bruk fleire fjellbygder, der det vart nytta for å kommunisera over store avstandar[5][6] og for å kalla heim kyrne.[7] Etter som moderne kommunikasjonsmiddel tok over vart det slutt på å nytta alpehorn og på mage stadar kom det heilt bort. I seinare tid har interressa for å ta vare på alpehornet og tradisjonane rundt det auka og entusiastar har teke til å spela alpehorm på nytt.[4]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Hassler, H., Alphorn im Wandel der Zeit Arkivert 2005-03-06 ved Wayback Machine., Allgaeuseite.de. (vitja 16/3-2008)
  2. Kinsler, L.E., Frey, A.R., Coopers, A.B. og Sanders, J.V., Fundamentals of acoustics, John Wiley & Sons, 1982.
  3. Das Alpenhorn - Traditionelles Schweizer Blasinstrument (vitja 16/3-2008)
  4. 4,0 4,1 Hirteninstrument - Vor 50 Jahren kehrte das Alphorn ins Allgäu zurück, Welt Online, 9/3-2008
  5. Das Allgäuer Alphorn und seine Geschichte, Holderberger Alp-Traum-Bläser. (vitja 16/3-2008)
  6. Alphorn gehört in die Berge und nicht auf große Bühnen Arkivert 2009-04-01 ved Wayback Machine., all-in.de. (vitja 16/3-2008)
  7. Nendaz, La capitale du cor des Alpes[daud lenkje], Festival International 7-8 août - Stages d'initiation - Atelier de fabrication

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Alpehorn