Alveugle

fugleart
Alveugle
Alveugle
Alveugle
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av alveugle
Utbreiinga av alveugle
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Ugler Strigiformes
Familie: Uglefamilien Strigidae
Slekt: Micrathene
Art: Alveugle M. whitneyi
Vitskapleg namn
Micrathene whitneyi

Alveugle (Micrathene whitneyi) er ei lita gråbrun sporvestor ugle som er talrik i det tørre utbreiingsområdet sitt i det sørvestlege USA, sentrale Mexico og Californiahalvøya. Ho har bleikgule auge, framheva av tynne, kvite augebrynstriper og nebbet er grått med ein hornfarga spiss. Alveugla held seg ofte i hakkespetthol i kjempekaktus; ho hekkar òg i naturlege treholrom. Ho er nattaktiv og lever hovudsakleg av insekt.

TaksonomiEndra

Alveugla vart formelt skildra i 1861 av den amerikanske naturforskaren James Graham Cooper frå eit eksemplar samla i Arizona. Han namnsette arten med det binomiale namnet Athene whitneyi, og valde det spesifikke epitetet for å heidre geologen Josiah Whitney. Ugla er no den einaste arten plassert i slekta Micrathene. Den amerikanske ornitologen Elliott Coues introduserte slektsnamnet i 1866 spesifikt for alveugla.[1] Slektsnamnet kombinerer det antikke greske mikros som betyr «lita» og det tidlegare slektsnamnet Athene av Friedrich Boie frå 1822.[2]

Ein molekylær fylogenetisk studie av uglene publisert i 2019 fann at alveugla er ein systerart til den søramerikanske kinnskjeggugla (Xenoglaux loweryi) som først vart skildra i 1977.[3]

Det finst fire anerkjente underartar av alveugle:[1]

  • M. w. whitneyi (Cooper, JG, 1861) - sørvest i USA og nordvest i Mexico
  • M. w. idonea (Ridgway, 1914) - Sør-Texas til sentrale Mexico
  • M. w. sanfordi (Ridgway, 1914) - sørlege Baja California i Mexico
  • M. w. graysoni Ridgway, 1886 - Socorro-øya utanfor Vest-Mexico, utdøydd

SkildringEndra

 
Bilete frå Madera Canyon, Arizona.
Foto: Dominic Sherony

Alveugla er verdas lettaste, òg rekna som verdas minste ugle, sjølv om kinnskjeggugle og tamaulipasugle (Glaucidium sanchezi) har ei tilsvarande kroppslengde.[4] Den gjennomsnittlege kroppsvekta til denne arten er ca. 40 gram. Desse bittesmå uglene er 12,5 til 14,2 cm lange og har eit vengespenn på omtrent 27 cm.[1] Primærfjørene strekker seg nesten forbi halen deira. Dei har ganske lange bein og verkar ofte hjulbeinte.

Dei finst ofte i chaparral-heilandskap, og er lette å observere i hekkesesongen. Fuglane er mest aktive i skumringa og rett før daggry, dei kan ofte høyrast rope til kvarandre like etter skumringa eller ved solnedgang i ein høglydt sutring eller latter. Desse songane består ofte av 5–7 tonar som blir gjentatte med kort varigheit, lik lyden til ein ung kvalp. Den karakteristiske vokaliseringa til alveugler varierer etter kjønn, med hannar som viser eit større repertoar av komplekse tonar i motsetning til hoer av same arten. Hannane har to primære klassifikasjonar av songar, som kvar delar liknande eigenskapar for struktur og funksjon. Dei fleste fuglobservatørar refererer til «klasse A»-songar for å skildre dei som varierer i lengde, vanlegvis 5–15 tonar, og blir brukte både som territoriell proklamasjon og for å varsle tilkomma av hannar til hoer i området. Medan klasse A-toner reflekterer endringar i miljøfaktorar - vind, nedbør, måneskin og temperatur - har klasse B-songar monaleg mindre variasjon mellom individ. Klasse B fungerer som det primære paringskallet, stimulerer hoer og oppmuntrar dei til å akseptere tilnærmingar frå hannfuglar. Etter kvart som sesongen går og paringa byrjar, observerer ein klasse A-songar med lågare frekvens enn klasse B. Det er òg ei handfull stadeigne, «arge», og territoriale songar som tilhøyrar både hann- og hofuglar.[1]

Utbreiing og habitatEndra

Alveugla er kjent for å trekke i store grupper, med migrasjonsmønster som varierer avhengig av flokk og habitatplassering. Nokre ungfuglar trekker til det sørvestlege USA; California, Arizona, New Mexico og Texas, om våren og sommaren for hekking. Om vinteren finn ein desse i sentrale og sørlege Mexico. Trekkfuglar av alveugler kjem tilbake nordover i midten av april til byrjinga av mai. Somme stader i det sørlege sentrale Mexico og langs Californiahalvøya finst det isolerte bestandar som er standfuglar.

Arten er først og fremst rekna som ein ørkenart, hekkehabitata inkluderer elvebreidder.

Åtferd og økologiEndra

Alveugler speler daude om dei blir fanga, ei tilpassing som oppmuntrar ein predator til å slappe av i grepet slik at ugla kan rømme. Alveugler er òg notorisk territoriale. Territorium er etablerte av hannen og blir verna av begge kjønn, og hannane har òg ein tendens til å sjå på den valde maken sin som eit territorium som skal hevdast.[5] Ofte forsvarar hannen territoriet sitt med bruk av song. I hekkesesongen er alveugler monogame og lever parvis, men kan finnast i små grupper under trekk og ved mobbing av rovdyr. Vaksne så vel som unge kan bli utsette for predasjon av andre rovfuglar som skrikjer, haukar og ugler.

HekkingEndra

 
Alveugle i kjempekaktus

Alveugler vel vanlegvis forlatne hakkespetthòl i kjempekaktusar og lauvtre for å oppdra ungane sine. Medan nokon holromshekkarar bruker vegetasjon som hekkesubstrat, kan alveugler fjerne denne vegetasjonen og føretrekker eit bert holrom. Jamvel om dei først og fremst brukar naturlege strukturar for å hekke, kan dei òg hekke i menneskeskapte strukturar som telefonstolpar og fuglekassar i urbane område.

Medan tre egg er ein veldig vanleg storleik på eit kull, kan hoene legge alt frå eitt til fem egg om våren, slutten av mars til byrjinga av mai. Dei litt ovale, kvite egga blir ruga av hoa i ca. 24 dagar før ungane blir klekte.[5] Ugleungane flyg etter rundt 10 veker. Klekking skjer vanlegvis i midten av juni eller byrjinga av juli. I slutten av juli er ungane nesten alltid flygedyktige og klare til å setje ut.

Paret har eitt ungekull i året.

Føde og beitingEndra

Jakt blir utført for det meste i nattetimar. Rettlinjeflyging blir ofte brukt til dette formålet, men dei vil bruke ei bogeflukt når dei er i nærleiken av reiret og for å fly til og frå greiner. Dei lever i kaktusar og brukar skuggen og klimaet kaktusane gir.

Alveugler lever hovudsakleg av leddyr som møll, sirissar, tusenbein og biller. Blomar av agave og lyngplanten Fouquieria splendens er ideelle stader for næring, sidan møll og andre insekt blir tiltrekte av blomstrane deira. I urbane område kan dei sjåast ved å bruke utandørslys som tiltrekker insekt som område for insektjakt. Dei blir ofte sett jaging etter flygande insekt, med ei flukt som liknar på ein tyrannflugesnappar.

Dei lever òg av skorpionar. Når ugler har drepe skorpion, kan dei observerast fjerne stikkaren før dei et han. Alveuglene ser ut til å ikkje vere plaga av skorpionstikk. Dei vil òg livnære seg på små pattedyr, krypdyr og nokon gongar fuglar.[5]

Vern og statusEndra

 
Kikkande alveugle

Populasjonar av alveugler har framleis å søkke dei siste åra på grunn av eit framleis tap av innfødde habitat, spesielt dei i ørkenområda i California. Menneskelege aktivitetar, som aukande vassavleiing og bustadbygging, har desimert desse ørken- og elvebreiddene, så vel som stadig fleire invasive artar, som tamarisk. Øydelegginga av habitat gjer at mange alveugler ikkje klarer å hekke, jakte og reprodusere seg i område som California, Arizona og andre stader.

Til dags dato blir alveugle ikkje rekna som ein globalt truga art, men dei er oppførte i kategorien «truga» i California på grunn av ein populasjon på færre enn 150 000 individ i USA. California har sett iverk eit avlsprogram i fangenskap i eit forsøk på å auke dette talet.

I 2019 blei den globale populasjonen estimert til 72 000 modne individ og var minkande.[6]

I naturen er vanleg levetid frå 3 til 6 år; i fangenskap kan dei leve opptil 10 år.[7] Predasjon, eksponering og konkurranse mellom artar er vanlege årsaker til at dei mister livet.[8]

I skjønnlitteraturEndra

Ei alveugle med namnet Gylfie er ein hovudperson i bokserien Guardians of Gav'Hoole av Kathryn Lasky, og i filmatiseringa frå 2010. Ei alveugle spelar ei stor rolle i teknotrilleren The Elf Owl and Imagined Amenities, av Sam Biondo.

KjelderEndra

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Henry, S. G., F. R. Gehlbach, D. Molfetto, og P. Howard (2020). Elf Owl (Micrathene whitneyi), version 1.0. I Birds of the World (S. M. Billerman, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.elfowl.01
  2. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 253. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  3. Salter, J.F.; Oliveros, C.H.; Hosner, P.A.; Manthey, J.D.; Robbins, M.B.; Moyle, R.G.; Brumfield, R.T.; Faircloth, B.C. (2019). «Extensive paraphyly in the typical owl family (Strigidae)». The Auk 137 (ukz070). doi:10.1093/auk/ukz070. 
  4. «Elf Owl – Micrathene whitneyi». Owling.com. Henta 2. oktober 2022. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Ligon, J. David (February 27, 1968). «The Biology of the Elf Owl, Micrathene whitneyi» (PDF). Miscellaneous Publications Museum of Zoology, University of Michigan Press 136: 76 – via JSTO. 
  6. BirdLife International (2022) Species factsheet: Micrathene whitneyi. Henta frå //www.birdlife.org 2. oktober 2022
  7. «Elf Owl Fact Sheet». Arizona-Sonora Desert Museum. Henta 2. oktober 2022. 
  8. «Micrathene whitneyi (elf owl)». Animal Diversity Web (på engelsk). 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Alveugle