Amanoreke

Amanoreke


Yamatonuma-Garnele Caridina japonica 060311.jpg

Systematikk
Rekkje: Arthropoda
Underrekkje: Crustacea
Klasse: Malacostraca
Orden: Decapoda
Underorden: Pleocyemata
Infraorden: Caridea
Familie: Atyidae
Slekt: Caridina
Vitskapleg namn
Caridina multidentata

Amanoreke (Caridina multidentata, tidlegare kjend som Caridinia japonica) er ein rekeart som finst i området rundt den japanske elva Yamato. I Noreg er dei mest kjend som gode algeetarar til bruk i ferskvassakvarium.

Populærnamnet sitt har arten fått av den japanske akvaristen Takashi Amano, som populariserte bruken av dei som akvariedyr.

KjenneteiknEndra

Amanoreker har raudbrune prikkar på ein nesten gjennomsiktig bakgrunn, med ei kvit stripe langs ryggen. Augo er svarte. Hoa er større enn hannen, og har prikkane til ein viss grad organisert i linjer nedst på kroppen. Maksimal storleik er på rundt 5 cm.

Amanoreker i akvariumEndra

Amanoreker er i utgangspunktet altetarar, men i akvarium klarar dei seg ofte med alger og rester etter fiskefor. Stundom et dei òg ekskrement frå fisk, og bidreg såleis til å halda akvariet reint. Skal ein halda amanoreker bør ein helst ha dei i grupper, både for å få meir effektiv algereinsking og for å unngå stress hjå dyra. Dei er ikkje aggressive mot fisk eller andre reker, men kan verta jakta på av større rovfisk.

Formeiring er vanskeleg, sidan larvane lever planktonisk og såleis står i fare for å bli etne av fisk eller vaksne reker.

BakgrunnsstoffEndra