Amapá

delstat i Brasil

Amapá er ein delstat lengst nord i Brasil, som grensar mot Fransk Guyana og Surinam. I aust ligg Atlanterhavet, og i sør og vest går grensa mot delstaten Pará.

Amapá
delstat
Flagg
Symbol
Land  Brasil
Del av Norte
Hovudstad Macapá
Areal 142 814,6 km²
Folketal 797 722 (1. juli 2017)[1]
Kart
Amapá
1°23′00″N 51°48′00″W / 1.3833333333333°N 51.8°W / 1.3833333333333; -51.8
Wikimedia Commons: Amapá

Geografi endre

Amapá ligg ved munningen av Amazonaselva, og om lag 2/3 av delstaten er dekt med regnskog. Delstaten er ein stor produsent og eksportør av palmeolje, dessutan mineral som mangan, krom, gull og kaolin.

Historie endre

Området der Amapá ligg i dag, blei registrert som spansk territorium i 1494. I 1637 oppretta Portugal eit «capitania», slik at territoriet blei ein del av kolonien Brasil. Både Frankrike, England og Holland gjorde krav på Amapá frå 1700-talet til 1900-talet. Først i 1900 blei regionen godteke som brasiliansk territorium. Det var først ein del av delstaten Pará, men blei skilt ut som eit føderalt territorium i 1943. Amapá blei eigen delstat i samband med den nye grunnlova som blei innført i 1988.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Amapá