Ambra er eit sekret som vert utskild i tarmen til spermasettkvalen. Det var tidlegare nytta til parfyme, men sekretet vert i dag framstilt kunstig.

Ambra

Det er eit solid, voksaktig, brennbar substans med grå eller svartaktig farge. Han har ein særskild søtleg, jordaktig lukt. Det er i dag stort sett erstatta med syntetiske stoff, men vert framleis til ein viss grad nytta i produksjon av parfyme som fiksering av dufta. Ambra vart òg forma, tørka, dekorert og bore som smykker, særskild i renessansen. Det vart ofte forma til kuler.

Ambra oppstår som ein galleaktig sekresjon i meltingssystemet hos spermasettkvalen og finst flytande på havet, eller i sand nær kysten. Ambra kan finnast i Atlanterhavet, ved kysten av Brasil og Madagaskar, òg ved kysten av Afrika, ved Austindia, fastlands-Kina, Japan, India, Australia, New Zealand og Molukkane. Det meste av kommersielt produsert ambra kjem derimot frå Bahamas og New Providence.

Siden nebba til kjempeblekksprutar har blitt funnen i ambraklumpar, har forskarar teoretisert at kvalen produserer stoffet for å verne innvolane mot harde, skarpe lekamar han har fått i seg. Nokre gonger finn ein det òg i magen til kvalar.

Da svartedauden herja i Europa, var det ein førestilling hos folk at det hjelpte mot smitten å bere med seg ein klump ambra. Grunnen var at lukta frå ambraen maskerte lukta frå pesten. Ein trudde feilaktig at lukt var ein smitteberar av pesten.

Fysiske eigenskapar endre

Ambra finst i klumpar med forskjellig form og storleik, frå 14 gram til 45 kg eller meir. Når han først vert støytt ut eller fjerna frå kvalen, er stoffet bleikt kvitt på farge (nokre gonger med svarte årer), mjukt og med ein sterk lukt av avføring.

Etter månader eller år med fotodegradering og oksidering i havet, blir substansen gradvis hardare, og får ein mørkegrå eller svart farge, og ei lukt som kan skildrast som søt, jord, hav og dyr. Lukta har blitt skildra som ein mykje rikare og fyldigare versjon av isopropanol, uten den stikkende strame lukta. I denne tilstanden har amber ei eigenvekt på mellom 0,780 og 0,926. Han smeltar ved ca. 62 °C til ein feit, gul, tjøreaktig væske, og ved 100 °C blir han til ein kvit damp. Han er oppløyseleg i eter og oljer. Han reagerer relativt lite på syrer. Kvite krystallar av ein substans kalla amberin, som liknar på kolesterol, kan skiljast frå ambraen ved at ein varmar opp rå ambra i alkohol, og deretter lar løysinga avkjølast.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre