Amrit Kaur
Amrit Pernille Kaur Sandhu (fødd 25. september 2003) er ein norsk politikar for Raud Ungdom.
Amrit Kaur | |||
Fødd | 25. september 2003 (21 år) | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Raudt | ||
Yrke | politikar, aktivist | ||
Utdanna ved | Åssiden videregående skole Universitetet i Søraust-Noreg | ||
Sambuar | Sondre Alvestad |
Politisk karriere
endreKaur hadde eit verv i hovudutvalet i oppvekst og utdanning i Drammen kommune frå oktober 2023 til mai 2024.[1][2]
Leiar i RU
endreAmrit Kaur vart valt til leiar i Raud Ungdom (RU) i april 2024 – eit val som var omstridd. I tida før valet vart fem medlemer suspenderte frå RU, deriblant Amrit Kaur, som fylgje av somme fråsegner på ei internettplattform. Landsmøtet oppheva likevel suspensjonen før valet skulle gjennomførast. I ettertid har mellom anna den avsette tidlegare leiaren i RU, Liv Smith-Sivertsen, hevda at valet vart kuppa ved at ei kommunistisk eining som «infiltrerte» organisasjonen.[3]
Den 6. mai 2024 skreiv Kaur på Facebook at ho trekte seg frå dei lokalpolitiske verva sine i Drammen.[2] Dagen etter var det ifylgje Kommunal Rapport kommunestyremøte i Drammen, med fleire fritakssøknader på sakslista, men ingen søknad frå Kaur i dei publiserte sakspapira.[4]
Kontroversar
endreVåren 2024 fekk Kaur stor omtale i norske medium som fylgje av nokre kontroversielle fråsegner. Mellom anna hadde ho uttala at ho var kommunist[5] og motstandar av norsk våpenstøtte til Ukraina.[6] Vidare ynskte ho ikkje å klassifisera Hamas som ein terrororganisasjon, noko dei fleste andre norske politikarar hadde gjort.[7]
I mai 2024 skapa ho kontroversar då ho i ein video på TikTok uttala at Joe Biden, Jonas Gahr Støre, Jens Stoltenberg og Nicolai Tangen var terroristar, ettersom ho var usamd i korso Regjeringa og Oljefondet hadde handtert situasjonen på Gazastripa.[8] Ved å kalla norske politikarar for terroristar meinte mange at ho var med på å veikja tydinga av det ein terrorist faktisk er. Etter omfattande klander, mellom anna frå politikarar i moderpartiet Raudt, orsaka ho fråsegnene sine og avpubliserte videoen.[9][8][10] AUF sin generalsekretær Jan Halvor Vaag Endrerud meinte unnskuldingane «ikke har vært reelle».[11] Somme dagar seinare møttest Kaur og AUF-leiar Astrid Hoem i Politisk kvarter, der Kaur orsaka seg nok ein gong.[12]
Fleire medlemer, blant dei to tidlegare leiarar i RU, Alberte Bekkhus og Liv Smith-Sivertsen, melde seg or partiet etter desse fråsegnene frå Kaur.[11]
Kjelder
endre- ↑ Jansen, Alexander (12. oktober 2023). «Disse politikerne sitter i formannskap og hovedutvalg». Drammen Live24 (på norsk). Henta 7. mai 2024. «Hovedutvalget for oppvekst og utdanning: […] Amrit Pernille Kaur Sandhu (Rødt)»
- ↑ 2,0 2,1 Sveen, Silje Lien (7. mai 2024). «RU-leder Amrit Kaur trekker seg fra lokalpolitisk verv». VG Nett (på norsk). «Amrit Kaur skriver på Facebook at hun trekker seg fra vervet i hovedutvalget for oppvekst og utdanning i kommunen fordi hun har «sprengt kapasitet».»
- ↑ Johansen, Eskild (17. april 2024). «Legger frem dokumentasjon som skal vise kommunistisk kupp i Rød Ungdom». NRK (på norsk). Henta 4. mai 2024.
- ↑ Wien, Hanne (7. mai 2024). «RU-lederen vil ut av lokalpolitikken». Kommunal Rapport (på norsk). «Avgangen begrunnes i sprengt kapasitet etter at hun tok over som leder for ungdomspartiet, skriver NRK.»
- ↑ Havnaas, Torun (20. april 2024). «– Jeg er stolt av å være kommunist». Drammens Tidende (på norsk).
- ↑ «Nyvalgt RU-leder vil ikke kalle Hamas en terrororganisasjon». VG (på norsk) (NTB). 16. april 2024. «Hun sier nei til all våpenstøtte til Ukraina. Hun vil at Rødt fortsatt skal kalle seg et kommunistisk parti, og hun vil ikke ta avstand fra Hamas eller definere bevegelsen som en terrororganisasjon.»
- ↑ Strømmen, Kjersti (11. oktober 2023). «Støre: – Hamas er en terrororganisasjon». NRK (på norsk).
- ↑ 8,0 8,1 Rotbakken-Gundersen, Amund (4. mai 2024). «Lederen i Rød Ungdom beklager: – En avsporing å kalle noen terrorist». NRK (på norsk).
- ↑ Horsinek, Åsmund Clausen, Jesper (4. mai 2024). «Mimir Kristjánsson knallhardt ut mot ungdomspartiet: – Jeg er rasende». Nettavisen (på norsk).
- ↑ Medby, Marius; Eberhard-Gran, Louise; Breivik, Espen Moe (4. mai 2024). «RU-lederen slettet terrorist-video: – Veldig dumt av meg». VG (på norsk).
- ↑ 11,0 11,1 «Terrorist-utspillet: AUF-lederen skal møte Rød Ungdoms leder» (Press release).
- ↑ Farah, Fathia Mahmoud; Rønning, Ida Kristin; Grønli, Håvard; Knežević, Milana (6. mai 2024). «Kaur og Hoem møttest for fyrste gong: – Det var gale». NRK (på norsk).
- Denne artikkelen bygger på «Amrit Kaur» frå Wikipedia på bokmål, den 6. september 2024.