Anda fyr er eit fyr i Øksnes kommune i Nordland. Fyret ligg på den vesle øya Anda, ca. 5 km nord for nordspissen av Langøya og vest for Andøya. Fyret vart bygt i åra 1931–1933, og tent første gong hausten 1932. Det vart automatisert og avfolka i 1987. Den bemanna fyrstasjonen på fyret var den siste som vart oppretta i Noreg.

Anda fyr

FylkeNordland
KommuneØksnes
FunksjonKystfyr
Fyrtårn
FormFirkantet
Status
Nedlagt-
Automatisert1987
VernestatusFreda etter lov om kulturminner
Kart
Anda fyr
69°03′59″N 15°10′12″E / 69.066433°N 15.170134°E / 69.066433; 15.170134

Anda er eit viktig hekkeområde for lundefugl. I tillegg hekkar òg krykkje, alke, toppskarv, gråmåke, svartbak og teist på Anda. Det er òg ein stor selkoloni ved øya.

Anda naturreservat vart oppretta i 2002, og vart Ramsarområde i 2013.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre