Anders Paulsen eller Anders Poulsen (samisk Poala-Ánde; fødd ca. 1600 i Torne lappmark, død 11. februar 1692 i Vadsø) var ein samisk noaide som blei drepen under hekseprosessane i Finnmark. Soga om Paulsen er interessant som ei kjelde til kunnskap om tradisjonell samisk religion og om den rituelle bruken av runebomma. Fordi hans runebomme er bevart, og fordi han sjølv forklarte tydinga av symbola under rettssaka mot han. Anders Paulsen blei ført for retten i Vadsø den 9. og 10. februar 1692, skulda for å ha brukt eit instrument kalla 'Runnebomen' og for å ha utøvd slem og ugudeleg trolldomskunst. Tromma hans var blitt teken tatt frå han av styresmaktene i desember 1691. Rettsreferatet er den beste historiske kjelda ein har til denne saka.[2] Det er tatt vare på i Sorenskriveren i Finnmarks arkiv ved Statsarkivet i Tromsø. Under forhøyret i rettssalen forklarte han dei 25 symbola på runebomma.[3] Fem av desse symbola er knytte til storm, tore, vill rein, sol og måne. Dei andre symbola er forklarte ut frå kristne omgrep: treeining, kyrkje, bibelske skikkelsar og djevelen. Anders Paulsen si forklaring under rettssaka må derfor vurderast med atterhald når det gjeld kunnskap om samisk sjamanisme. Å bli skulda i ei trolldomssak var særs alvorleg, og forhøyrssituasjonen kan ha påverka utlegginga hans av symbola på tromma.[4] I tillegg til rettsdokumenta er saka kjend gjennom amtmann HansH. Lilienskiold si bok Finmarchens beskrifuelsis.

Anders Paulsen
Fødd 1600
Torne lappmark
Død

11. februar 1692 (91 år)
Vadsø kommune

Anders Paulsen på Commons
Kopi av Anders Paulsen si runebomme, utstilt ved Kulturhistorisk museum i Oslo. Runebomma blei konfiskert ved tinget i Vadsø i 1691. I 1694 blei ho overført til Det kongelige kunstkammer i København. Sidan 1979 har originalen vore ved De samiske samlinger i Karasjok.[1]

Hausten 2021 bad Sametinget om at det samiske samfunnet måtte få tilbake eigarskapen til Anders Paulsen si sjamantromme, eller runebomme. Tromma blei tilbakeført frå Nasjonalmuseet i København til De samiske samlinger i Karasjok i januar 2022

Livet og døden til Anders Paulsen endre

Anders var reineigar, og var truleg fødd i Torneområdet. Han vandra truleg med reinen mellom Utsjok og Varangerhalvøya i løpet av året.[5] Han var gift, og fire av dei mange barna hans følgde rettssaka mot han. Rettssaka var kanskje motivert av at han var uønskt eller utstøytt frå samfunnet av andre, kanskje nykristna samar i Varangerregionen.[5] Den ytre årsaka til rettssaka var at Anders eigde ei tromme, eller runebomme.[6]

Anders gav ulike, motstridande forklaringar om rolla si som noaide under rettsforhøyret.[7] Dels hadde han lært noaidekunstene av mora, dels av den eldre samen Anders Persson. Motivasjonen for å tileigna seg trolldomsevna var framfor alt å kunna gjera gode gjerningar og hjelpa andre. Den guddommelege krafta i tromma gav han òg moglegheit til å sjå inn i framtida, eller sjå kva som skjedde andre stader.[5] Hagen konkluderer med at «Poulsen var en noaidi eller sjaman som spilte på sin runebomme uten å falle i transe for å foreta sjelereiser i underverden. For ham var trommen primært et divinatorisk hjelpemiddel.»[7] «Selv om vi ikke finner spor av transetilstander, er det allikevel tydelig at Poulsen har brukt sin tromme til å kommunisere med hjelpende ånder fra det hinsidige. Hans evner minner mye om de egenskaper som blir tillagt de ungarske magikyndige Táltos […], slik deres evner er oppsummert av den ungarske etnologen Éva Pócs: oppspore tyvgods og gjenglemte gjenstander, Helbredelse, Behersker spådomskunst […]»[7]

Ettertida har vurdert Anders Paulsen si forklaring ulikt; gjenspegla ho ein kristen påverknad, eller var forklaringa taktisk motivert? Både når det gjaldt bruken av tromma, og tydinga av symbola på ho, legg han seg nær ei kristen forståing av motiva. Han set «runebommens kosmologi inn i en kristen kontekst, trolig både fordi samisk religion lenge hadde vært under kristen påvirkning og fordi forhørssituasjonen betinget det».[8] Andre meiner at forklaringa gjenspeglar ein reell kristen påverknad: «hans utsagn utvilsomt gjenspeiler de religiøse forhold som preget samtiden. Hans vitneutsagn er for eksempel preget av en utstrakt bruk av både kristen og førkristen terminologi når han skal redegjøre for sin bruk av tromma.»[9] Liv Helene Willumsen nyanserer forklaringa: «Noen fortolkninger av runebommens symboler er knyttet til den gamle samiske religion og forklarer trommens potensial til å gi svar på spørsmål knyttet til blant annet værforhold og reinsdyrdrift. Disse er helt klart pålitelige ut fra trommens gamle bruk. Andre fortolkninger er knyttet til den protestantiske kristne religion […] Disse er problematiske ut fra trommens opprinnelige bruk knyttet til samisk naturreligion.»[10] Anders Paulsen sine svar gir derfor ikkje nødvendigvis eit komplett bilde av den innsikta ein erfaren sjaman hadde.[6]

Alt i alt var ein femdel av dei som blei hekseforfølgde i Nord-Noreg av samisk herkomst; i alt 37 personar som utgjer 21 % av prosessane.[5] Dei fleste skulda for trolldom i Finnmark var norske kystkvinner som var busette på kysten. Mange av dei var komne reisande nordover til Finnmark frå område lenger sør for å søka arbeid.[5] Samiske menn var likevel «godt» representert: det er fleire samiske menn enn norske menn blant dei hekseforfølgde.[11] Den første trolldoms-dommen mot ein same var bøtelegginga av Olof Mårthensson frå Utsjok i 1593; den fyrste dødsdommen fall mot Morten Olsen frå Varanger i 1601. Den siste som blei skulda for trolldom i Finnmark var Anders Paulsen i 1692. Domsavseiinga blei rekna som vanskeleg. På slutten av 1600-talet var det dessutan påkravd at dødsdommar i trolldomssaker skulle ankast til ein høgare rettsinstans. Det blei derfor ikkje kunngjort nokon dom over Anders Poulsen på tinget i Vadsø. Saka blei send til dei øvste juridiske styresmaktene i København for avgjerd. I vente på svar skulle Anders Poulsen haldast i forvaring i Vadsø. Han blei drepen med øks av ein sinnsforvirra person den 11. februar 1692, dagen etter siste rettsmøte, derfor veit ein ikkje kva dommen ville vorte. Drapsmannen var amtmannsdrengen Villum Gundersen.[8]

Tromma til Anders Paulsen endre

 
Figurane på Anders Paulsen si tromme, skjematisk attgjevne. Dette er den einaste kjente, bevarte tromma med fem horisontale nivå, tilsvarande tre gudeverder, éi menneskeverd og eit underjordisk dødsrike.[12] Utsnitt frå trommemotiva blei attgjeven på eit norsk frimerke i 2006, i ei serieutgjeving om nordisk mytologi.[13]

Tromma som blei beslaglagd då ein pågreip Anders 7. desember 1691 var ei skåltromme utført av ei rirkule; ho måler på det meste 44 x 34 cm. Saman med tromma blei det beslaglagt to runebommehammarar av reinhorn, og ein visar av messing.[5] Som vedheng hadde han to reveøyre, eit revetryne og ei reveklo.[6]

Etter at Anders Paulsen døydde blei tromma teken til København. Ho var eigd av det danske Nationalmuseet. Frå 1979 blei tromma utlånt til RiddoDuottarMuseat si avdeling i Karasjok, De samiske samlinger. Hausten 2021 skreiv sametingspresident Aili Keskitalo til den danske dronninga Margrethe II og bad om at eigarskapen til tromma måtte bli repatriert til Sápmi.[14][15][16]

I januar 2022 blei tromma tilbakeført frå Nasjonalmuseet i København til De samiske samlinger.

Anders beskreiv seks ulike bruksområde for tromma:[5]

  1. om nokon hadde sett gand i eit anna menneske, kunne Anders med hjelp ffjerna den vonde trolldommen med hjelp frå tromma
  2. han kunne oppspora tjuvar og skaffa tjuvegods tilbake
  3. han kunne skaffa reinlykke og hindra at reinen blei drepen av rovdyr
  4. han kunne lindra smerte hjå fødande kvinner
  5. han kunne konsultera tromma for å få kunnskap om det som skjedde andre stader
  6. han kunne samtala med tromma når han heldt henne i vêret, og få svar frå henne

Nokre av motiva på tromma er forklarte av Anders tilknytta natur og samisk levevis, som vêr og forhold knytte til fangst av villrein. Desse gjev eit innblikk i verksemda til ein samisk sjaman.[17] Andre motiv er forklart ut frå ei kristen fortolkingsramme, noko som reduserer truverdet til Anders Paulsen si forklaring under rettssaka med omsyn til kunnskap om samisk sjamanisme.[18]

  1. rad: Ilmaris, som kan skapa eller stoppa storm og uvêr; Diermis, ein liknande vêrgud som kan skapa regn og tore, mellom anna til skade for båtar; Govdde, ein villreinfigur som gir reinlykke
  2. rad: Beaivi, Sola; Jumal-barn, kristusfigur som tar bort synd; Jumal-Etiem, Gud Fader sjølv, som straffar syndarar; Dom Kirch (Duopmogirku), ei kyrkje som gir sjelefred og kristeleg kvile i døden; Engil, Den heilage anden
  3. rad: St. Anna, Marias søster, som bistår barselkvinner; Maria (Jumal Enne eller Jumal Ache), Jesu mor og Guds kvinne, hjelper barselkvinner; Tre bilde kalla Julle Peive, Gugt Julle Herr og Gvolme Jul peive herr, førestiller dei heilage tre juledagane, eller juleherrane. Hjelpar den som heilagheld juledagane, og straffar den som bryt julefreden
  4. rad: Manna (Mánnu), månen, som blir tilbeden for godt og klart nattvêr; to menn kalla Olmoug Mane Kirche, menneske på veg til kyrkja; ei kyrkje, her ofra Anders både vokslys, pengar og anna; skikkelsen til ein mann. Han står på andre sida av kyrkja og skal vera ein som vil gå inn i ho.
  5. rad: «Den bundne Djevels kvinne», Anders hadde ikkje noko namn på henne; ein menneskeskikkelse som står litt nedanfor den første, skal vera ein djevel som drep folk og blir kalla sjukdom; eit anna menneske som er den Djevelen som herskar i Helvete og som svevar rundt i verda; (tre opprette tenner) Helvit Tol, Helvetes eld der sjelene til menneska blir brunne; (ring) Helvit tarve Geidm, Helvetes kjele som koker sjelene; (rektangel) Hilvet Haufd, Helvetes grav - dit blir alle som trur på Satan kasta; Hvenaales Gvolisis, den bundne djevelen i lenker

Kjelder endre

  1. Eva D. Johansen Hva skjedde med Poala-Ánde?; museumsbloggen Felles løft for Finnmark, 21. mai 2013
  2. Willumsen, Liv Helene (2017). «14». Kilder til trolldomsprosessene i Finnmark. Modernisert språklig utgave. Skald forlag. s. 241-249. ISBN 978-82-7959-259-4. 
  3. Willumsen, Liv Helene (2013). Trolldomsprosessene i Finnmark. Et kildeskrift. Orkana. s. 377-404. ISBN 978-80-7959-151-1 Check |isbn= value: checksum (hjelp). 
  4. Liv Helene Willumsen (2016). «Trolldomssak mot en samisk noaide - Anders Poulsen, Vadsø, 1692» (PDF). Heimen 53 (2): 203–225. «s. 206-217» 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 Hagen 2005
  6. 6,0 6,1 6,2 Willumsen 2013
  7. 7,0 7,1 7,2 Hagen 2002
  8. 8,0 8,1 Niemi
  9. Sverre Dag Mogstad mfl. Evaluering av Trosopplæringsreformen. Samisk trosopplæring; Delrapport 6. Utgitt av Arbeidsfellesskapet, 2008. (pdf)
  10. Willumsen 2013
  11. Hagen 2005 oppgir trolldomsprosesser mot 120 norske kvinner, 14 norske menn, 11 samiske kvinner og 26 samiske menn.
  12. Se Fragmenter i Lappska Mythologien for en nærmere redegjørelse om et samisk verdensbilde med fem nivåer.
  13. Bl29; frimerkehuset.no
  14. Brev til H.M. Dronning Margrethe om repatriering av samisk tromme til RiddoDuottarMuseat; sametinget.no, 29.9.2021
  15. Krav til Danmarks dronning: Gi oss trommen dere tok etter bestialsk sjamandrap for 300 år siden; vg.no, 9.10.2021
  16. Sámi people ask Danish queen to return sacred witchcraft trial drum; The Guardian, 13.10.2021
  17. Anders Paulsens tromme Arkivert 2015-09-24 ved Wayback Machine.; nettutstillingen «Samisk tro og mytologi»
  18. Liv Helene Willumsen (2020). «Anders Poulsen - Sámi Shaman Accused of Witchcraft, 1692». Folklore 131 (2): 135–158. «s. 153-154» 

Litteratur endre

  • Rune Blix Hagen. «Harmløs dissenter eller djevelsk trollmann? Trolldomsprosessen mot samen Anders Poulsen i 1692» I: Historisk tidsskrift; 2002; nr 2/3 (pdf)
  • Rune Blix Hagen. Samer er trollmenn i norsk historie : trolldomsforfølgelsene av samer. ČálliidLágádus forlag, 2005. ISBN 82-92044-28-0
  • Hans H. Lilienskiold (1998). Trolldom og ugudelighet i 1600-tallets Finnmark. Tromsø: Universitetsbiblioteket i Tromsø. ISBN 8291378193
  • Einar Niemi. Anders Paulsen i Norsk biografisk leksikon
  • Liv Helene Willumsen. "Anders Poulsen - Sámi Shaman Accused of Witchcraft". I Folklore, vol. 131, nr. 2, s. 135-138
  • Liv Helene Willumsen. "Trolldomssak mot en samisk noaide - Anders Poulsen, Vadsø, 1692". I Heimen, 2016; vol. 53, nr. 2, s. 203-225
  • Liv Helene Willumsen. Dømt til ild og bål, trolldomsprosessene i Skottland og Finnmark. Orkana forlag, 2013. ISBN 978-82-8104-203-2. Kapitlet om Anders Paulsen s. 336-353
  • Liv Helene Willumsen, Kilder til trolldomsprosessene i Finnmark. Modernisert språklig utgave. Skald forlag, Leikanger, 2017, kap. 14, s. 241-249
  • Liv Helene Willumsen, Trolldomsprosessene i Finnmark. Et kildeskrift. Skald forlag, Bergen, 2010