Anders Platou Wyller
- Denne artikkelen handlar om litteraturforskaren. For musikaren, sjå Anders Wyller.
Anders Platou Wyller (fødd 24. april 1903 i Stavanger, død 2. oktober 1940 i Stockholm) var ein norsk litteraturforskar og humanist. Han var gift med Anne-Marie Strindberg, dotter av forfattaren August Strindberg og Harriet Bosse.
Anders Platou Wyller | |||
| |||
Fødd | 24. april 1903 Stavanger kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 2. oktober 1940 Stockholm | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | filolog, journalist, lektor | ||
Institusjonar | Universitetet i Paris | ||
Ektefelle | Anne-Marie Hagelin | ||
Barn | Arne Wyller |
Wyller var leiar av Det Norske Studentersamfund i 1925. Han budde lenge i Frankrike og var norsk lektor ved Sorbonne. Han vart dr. philos. i 1936 med avhandlinga Paul Claudel. En kristen diktar og dramaene hans. Han stifta Nansenskolen saman med Kristian Schjelderup og Henriette Bie Lorentzen i 1937.
Ved invasjonen 9. april 1940 melde Wyller seg til teneste og vart sendt til Nord-Noreg der han hovudsakleg jobba for NRK. Då kryssaren HMS «Devonshire» 7. juni forlét Tromsø med kurs for England var Wyller ombord saman med Kongen, Kronprinsen og fleire regjeringsmedlemmar. Han jobba ei kort tid for BBC i London før han vart diagnostisert med kreft. Han vart sendt med fly til Sverige der han fekk treffe familien før han døydde 2. oktober.
I boka Kjempande humanisme, som kom ut etter han døydde, presenterer han visjonane sine om menneskeverd og kristen humanisme.
Verk
endre- Kjempende humanisme: artikler og taler. Aschehoug, Oslo (1947)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Anders Platou Wyller» frå Wikipedia på bokmål, den 8. november 2010.
Bakgrunnsstoff
endre- (sv) Helsingborgs bibliotek[daud lenkje] - Kataloginformasjon