Opna hovudmenyen

Christian Adolph Diriks

medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll, stortingsrepresentant og statsråd

Christian Adolph Diriks (11. november 177516. desember 1837) var ein dansk-norsk jurist som var utsending til riksforsamlingaEidsvoll i 1814.

Christian Adolph Diriks
Christian Adolph Diriks malt av Ragna Hennig-Larsen etter silhuett - Eidsvoll 1814 - EM.03071 - crop.jpg
Christian Adolph Diriks på eit måleri av Ragna Hennig-Larsen som tilhøyrer Eidsvoll 1814
Fødd11. november 1775
København
Død16. desember 1837 (62 år)
Christiania
Statsborgar avNoreg
Partisjølvstendepartiet
YrkeJurist
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Utdanna vedKøbenhavns Universitet
BarnCarl Fredrik Diriks, Christian Ludvig Diriks
MedlemDet Kongelige Norske Videnskabers Selskab
VervMedlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll
VervStortingsrepresentant Stortinget i 1814
VervStatsråd, sjef for Politidepartementet, Justisdepartementet og Kyrkjedepartementet 1814–1836

Diriks var fødd i København. Han byrja sturdere i 1790, og stod til cand. jur. i 1795. Frå 1799 arbeidde han ved hoff- og stadsretten i København. År 1806 vart han tilsett assessor i Kristiansands stiftsoverrett. 1809 var han prisekommissær for den engelske konvoien som vart innteken til Kristiansand. Han var byfut og sorenskrivar i Laurvig frå 1812.

Dei 24 stemmerettsføre i Larvik valde Diriks til representant på riksforsamlinga under eit møte i kyrkja den 4. mars 1814. På Eidsvoll høyrde han til sjølvstendepartiet, og sat i reglementskomitéen og konstitusjonskomitéen. Han var såleis ein av dei som redigerte utkasta til Grunnlova, og han hadde stor innverknad på dette arbeidet.

Diriks var også med på det overordentlege stortinget 1814, men då som representant frå Kristiania. 18. november 1814 vart han statsråd i den nydanna regjeringa, som sjef for politidepartementet (seinare kalla justis- og politidepartementet). Dette embetet hadde han fram til 1825. Han vart då flytta over i kyrkje- og undervisingsdepartementet. Dette departementet var han sjef for fram til 1836, då han under ei politisk krise vart tvinga til å søke avskjed.

På sine eldste dagar gjekk Diriks mot feiringa av grunnlovsdagen 17. mai, då han meinte det var ein provokasjon mot Sverige.

Christian Adolph Diriks var far til fyrdirektøren og teiknaren Carl Fredrik Diriks. Han døydde i Kristiania.

KjeldeEndra

BakgrunnsstoffEndra