Andreas Hval

norsk prest og politikar

Andreas Henriksen Hval (15. mai 184824. mai 1910) var ein norsk prest og politikar for Høgre frå Norderhov i Buskerud.

Andreas Hval

Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. mai 1848
Haugsbygda
Død

24. mai 1910 (62 år)
Trondheim

Yrke politikar, prest
Språk norsk
Politisk parti Høgre
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Andreas Hval på Commons

Hval var son til ein gardbrukar. Sjølv vart han student i 1867 frå Nissens skole i Kristiania, tok deretter teologisk embetseksamen i 1873. Han var lærar ved Ringerikes Realskole 1869–72 og ved Aars og Voss skole i hovudstaden 1873–75. Sidan var han tilsett ved Hartvig Nissen sin jenteskule 1875–76, stiftskapellan i Hamar stift 1876–77, residerande kapellan i Sør-Odal 1877–80. Frå 1880 til han døydde var Hval fengselsprest ved Trondhjems Straffeanstalt.

Hval høyrde til den generasjonen av yngre embetsmenn i Trondheim som tok leiinga i den konservative Grundlovsforeningen i 1880-åra. Han var 2. vararepresentant til Stortinget frå krinsen Trondhjem og Levanger 1889–91, då han møtte heile 1890-sesjonen og fram til 9. mars 1891 i staden for Jacob Aall Bonnevie. Stortingsperioden 1892–94 hadde han fast plass. 1890-91 var han medlem av konstitusjonskomiteen, medan han 1892-94 var sekretær i kyrkjekomiteen. Hval skal ha vore relativt moderat i byrjinga av sitt stortingsliv, men fylgde etterkvart partiet Høgre si linje.

Åra 1900-10 var Hval aktiv i foreiningslivet, mellom anna som sekretær og forretningsførar i Den norske kirkes presteforening.

Kjelder endre