Sir Andrzej Panufnik (24. september 191427. oktober 1991) var ein polsk komponist, pianist og dirigent. Musikken hans var prega av eit fritonalt tonespråk, men med inspirasjon frå polske folketonar. Han var busett i Storbritannia frå 1954.

Andrzej Panufnik

Statsborgarskap Storbritannia, Polen
Fødd 24. september 1914
Warszawa
Død

27. oktober 1991 (77 år)
Twickenham

Yrke dirigent, komponist, pianist, filmmusikkomponist
Språk engelsk, polsk
Medlem av Polens komponistforbund
Far Tomasz Panufnik
Ektefelle Camilla Jessel
Nettstad http://panufnik.com
Andrzej Panufnik på Commons

Biografi endre

Unge år endre

Andrzej Panufnik vart fødd i Warszawa. Mor hans var ein dyktig fiolinist, og far hans var fiolinmakar. Andrzej Panufnik var tidleg musikkinteressert, men også i flymekanikk frå oppveksten. Han fekk noko pianoundervisning med bestemora, men med varierande resultat. I byrjinga var faren imot at guten skulle ta musikalsk utdanning, men gav til slutt etter. Andrzej Panufnik søkte så på konservatoriet i Warsawa som pianostudent, men kom derimot inn som perkusjoniststudent. Etter å ha kome inn, forlét han raskt perkusjonsundervisninga og fordjupa seg i komposisjon og direksjon. Han vart uteksaminert frå konservatoriet i 1936.

Etter planen ville Panufnik reisa til Wien for å studera under austerrikaren Felix Weingartner. I staden vart han kalla inn til sesjon. Ifylgje Panufnik sjølv høyrte han den eldgamle polske salmen «Bogurodzica» på radio, og vart så fengsla av songen at han sat oppe heile natta og drakk mykje svart kaffi. På grunn av dette vart han ikkje godteken ved legekontrollen og ikkje teken inn i militærtenesta. Panufnik reiste ikkje til Austerrike det året, men brukte året til å tena pengar og komponera filmmusikk.

I 1937 kom Panufnik endeleg til Wien for å studera under Weingartner. Han studerte også musikken til komponistane av den andre wienerskulen (Anton Webern, Alban Berg m.fl.), men mislika tolvtonemusikken til Arnold Schönberg og læresveinane hans. Panufnik reiste tilbake til Polen før han opphavleg hadde tenkt. Kort etter vart Weingartner nøydd til å forlata musikkakademiet i Wien grunna Nazi-Tyskland si annektering av Austerrike. I nokre månader budde Panufnik òg i Paris og i London, og komponerte sin fyrste symfoni i denne tida. I London skal han ha treft Weingartner att, som rådde han til å bli i byen grunna uroa på kontinentet. Panufnik fòr likevel attende til Polen rett ved oppstarten av storkrigen.

Under den tyske okkupasjonen av Polen under andre verdskrigen danna Andrzej Panufnik ein pianoduo med Witold Lutosławski. Dei to opptredde saman i kaféar rundt om i Warszawa. Panufnik komponerte også motstandssongar mot det tyske regimet, som vart populære blant mange polakkar i motstandsrørsla. I tillegg komponerte han ein Tragic Ouverture og ein ny symfoni. I 1944 flykta han frå Warszawa saman med den sjuklege mor si, rett før Warszawaoppstanden. Våren 1945 vendte han attende til eit Warszawa i ruinar for å gravleggja bror sin. Då han oppsøkte den gamle bustaden sin, fann han at alle komposisjonane som var i bustaden hans hadde blitt brukt som brennstoff på bål.

Etterkrigstida i Polen endre

Andrzej Panufnik flytte no til Krakow, der han komponerte filmmusikk for polske militærfilmar, ofte propaganda. Seinare vart han sjefdirigent for Krakow filharmoniske orkester. Han forsøkte òg å rekonstruera dei oppbrente songane hans, mellom anna Tragic Ouverture, ein pianotrio og nokre polske bondesongar. Han måtte gje opp å rekonstruera den fyrste symfonien sin, og bestemte seg deretter for å komponera nytt stoff. Snart kom ein ny symfoni, Sinfonia Rustica, og ein voggesong for strykarorkester og to harper.

Grunna dei strenge kåra komponistane i Sovjetunionen hadde på denne tida, vart polske komponistar pressa til å fylgja ei sosialrealistisk linje. Panufnik, og fleire med han, kjende seg dårleg til rette med dette, men freista å komponera i tråd med det styresmaktene ynskte. Han vart snart tildelt den høgaste ærestittelen for komponistar i Polen. I 1950 vitja han Sovjetunionen med ein polsk delegasjon for å læra om sovjetiske undervisningsmetodar, der han møtte komponistane Dmitrij Sjostakovitsj og Aram Khatsjaturjan. Etter å ha uttrykt ynskje om å komponera ein ny «Fredssymfoni», vart han plassert i eit stille område i Polen for å arbeida med verket. Det vart likevel ingen suksess.

Medan han komponerte på «Fredssymfonien» sin, møtte han ei irsk kvinne, Marie Elizabeth O'Mahoney. O'Mahoney, som også leid av epilepsi, var i Polen på bryllaupsreise med sin tredje ektemann. Trass i dette byrja Panufnik og O'Mahoney eit forhold. Dei to gifte seg i 1951, og fekk snart dottera Oonagh. Andrzej Panufnik tok no til å komponera filmmusikk att for å forsørgja familien sin. Samtidig komponerte han eigne verk, m.a. Concerto in modo antico og Heroic Ouverture, som skildra den polske motstandsrørsla under krigen. Denne ouverturen vann ei musikktevling i Helsingfors i forkant av Sommar-OL 1952, sjølv om han vart stempla som formalistisk heime i Polen.

 
Andrzej Panufnik (t.v.) møter Witold Lutosławski igjen i 1990.

Under ein Kina-turné med kammerorkesteret i Warszawa våren 1953, fekk Panufnik høyra at dottera Oonagh hadde drukna. Ulukka hadde skjedd medan mora skulle bada henne og fekk eit epileptisk åtak. Ekteparet heldt likevel saman etter dette. Tilbake i Warszawa kjende Panufnik seg ikkje lenger heime i Polen og austblokka, og reiste til Storbritannia. Der ville han retta søkjeljoset mot dei strenge tilhøva polske kunstnarar måtte jobba under. Ved hjelp av vêrfaren, som budde i Storbritannia, fekk Panufnik med naud og neppe kome til landet via Sveits. I Storbritannia vart han raskt gjeven politisk asyl, medan han i Polen vart stempla som forrædar og vart gjort til ein «ikkje-person». Det vil seia at det vart forbode å framføra verka hans, eller i det heile å nemna namnet hans i landet etter dette. Forbodet vart ikkje oppheva før i 1977.

I Vesten endre

Andrzej Panufnik var svært fattig den fyrste tida i vesten, og mottok pengestønad frå m.a. Ralph Vaughan Williams og Arthur Benjamin. Kona hans freista å skriva ei bok om livet til Panufnik i Polen og korleis han kom seg til Vesten, men Andrzej meinte ho var for unøyaktig. Etter å ha framført «Fredssymfonien» sin USA, bestemte Panufnik seg for å kvitta seg med verket. I 1957 vart den økonomiske situasjonen hans betra då han vart tilsett som dirigent for symfoniorkesteret i Birmingham. Men då han flytte til Birmingham i 1957 for å ta stillinga, gjekk ekteskapet hans i oppløysing. Han dirigerte symfoniorkesteret frå 1957 til 1959.

I 1961 vart Panufnik britisk statsborgar, og i 1963 gifte han seg opp att med Camilla Jessel. Dei slo seg ned i ein forstad til London, og Panufnik vart ein ettertrakta dirigent og komponist dei siste tiåra han levde. Ekteparet Panufnik fekk også barn saman. I 1984 vart han æresmedlem i Royal Academy of Music, og i 1987 vart han på nytt gjeven medlemskap i det polske komponistforbundet.

Andrzej Panufnik vendte ikkje attende til Polen før i 1990. I 1991 vart han slått til riddar av dronning Elizabeth II av Storbritannia. Han døydde i oktober same året, og var aktiv som komponist heilt til det siste. Posthumt vart han tildelt ordenen Polonia Restituta av Lech Walesa. Dottera til Andrzej og Camilla Panufnik, Roxanna Panufnik (f. 1968) er også komponist.

Verkliste endre

Dette er ei liste over nokre av verka som har overlevd etter Panufnik. Alt han komponerte før 1944 vart øydelagt under krigen, sjølv om han greidde å rekonstruera noko i ettertid.

Symfoniar endre

  • Sinfonia Rustica (1948)
  • Sinfonia Elegiaca 1957)
  • Sinfonia Sacra (1963)
  • Sinfonia Concertante (1973) for fløyte, harpe og lite strykarorkester
  • Sinfonia di Sfere (1974–75)
  • Sinfonia Mistica (1977)
  • Metasinfonia (1978) for solo-orgel, timpani og strykarorkester
  • Sinfonia Votiva (1981)
  • Symfoni nr. 9, Sinfonia di Speranza (1986)
  • Symfoni nr. 10 (1988)

Orkesterverk endre

  • Tragic Ouverture (rekonstruert 1945)
  • Lullaby (1947)
  • Nocturne (1947)
  • Heroic Ouverture (1952)
  • Concerto in modo antico (1951), for solotrompet, to harper, cembalo og strykarorkester
  • Piano Concerto (1962)
  • Hommage à Chopin (1966), for fløyte og lite strykarorkester
  • Violin Concerto (1971)
  • Bassoon Concerto (1985)
  • Cello Concerto (1991)

Ballett endre

  • Cain and Abel (1968)
  • Miss Julie (1970)

Kjelder endre

«Andrzej_Panufnik» i Store norske leksikon, snl.no., 28. mars 2012.