Angela Burdett-Coutts

Angela Georgina Burdett-Coutts, Baroness Burdett-Coutts (21. april 181430. desember 1906), fødd Angela Georgina Burdett, var ein engelsk velgjerar og ei av dei rikaste kvinnene i Storbritannia i viktoriatida. Gjennom eit langt liv støtta ho ei rekkje veldedige føremål innan utdanning, helsevesen, økonomisk utvikling og religion, gav hjelp til fattige og naudstilte og reiste fleire bygningar og minnesmerke.

Angela Burdett-Coutts

Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 21. april 1814
London
Død

30. desember 1906 (92 år)
London

Yrke velgjerar
Språk engelsk
Far Francis Burdett
Mor Sophia, Lady Burdett
Ektefelle William Burdett-Coutts
Angela Burdett-Coutts på Commons
Angela Burdett-Coutts måla av William Ross.

Bakgrunn endre

Angela Burdett var dotter av sir Francis Burdett (5. baronett) og Sophia, fødd Coutts, dotter av den styrtrike bankieren Thomas Coutts. Ho voks opp på landeigedommane til foreldra i Ramsbury i Wiltshire og Foremark i Derbyshire, og vitja fleire gonger Bath. Seinare budde ho mest i faren sitt hus ved St. James's Place i London.

23 år gammal blei ho ei av dei rikaste kvinnene i England då ho arva formuen til bestefaren sin, og eigarinteressene hans i Coutts-banken, gjennom testamentet til enkja hans, hertuginne Harriot Mellon av St. Albans. Testamentet til stebestemora hadde fleire vilkår, mellom anna at ho skulle ta bestefaren sitt namn, og at ho ikkje kunne gifta seg med ein utlending. Angela slo saman namna til faren og bestefaren med kongeleg løyve, til Burdett-Coutts. Innhaldet i testamentet var ukjend for alle, også familien, fram til Mellon døydde i 1837. Angela blei då kjend som «den rikaste arvingen i England,» og ved kroninga av dronning Viktoria året etter vekka ho stor merksemd.

Etter at ho blei myndig var ho sjølvstendig, og tok seg personleg av formuen sin og eigedelane sine i Coutts-banken.[1] Burdett-Coutts fekk ei rekkje tilbod om ekteskap, «No young man of good family is said to have abstained from a proposal, »[1] men blei verande ugift heilt til alderdommen.[2] Ho skal ha fridd til hertugen av Wellington, Arthur Wellesley, då ho var 32 og han var 77, men han sa nei.[3][4]

Burdett-Coutts flytta til herskapshuset ho hadde arva i Strattton Street i London i 1837, og budde stort sett her. Som kompanjong i store delar av livet hadde ho Hannah Brown, fødd Meredith, som var guvernante for henne i ungdommen. Begge foreldra til Burdett-Coutts døydde i januar 1844, og ho arva middel også frå dei.[1]

Angela Burdett-Coutts støtta ei rekkje gode føremål, både aktivt som leiar og gjennom gåver. For dette fekk ho mange takkseiingar, og blei mellom anna utnemnd til baronesse av Highgate og Brookfield av dronning Viktoria - den første kvinna i Storbritannia som hadde fått ein slik tittel i kraft av sitt eige virke.[1]

 
Karikatur av Burdett-Coutts frå Vanity Fair.
 
«The Baroness husband». Karikatur av William Burdett-Coutts frå Vanity Fair.

Gjennom faren hadde Burdett-Coutts knytt band til politiske og litterære vener av han, som Benjamin Disraeli, Thomas Moore og Samuel Rogers. Gjennom mora sin bankierfamilie hadde ho også band til europeisk adel og kongelege. Ho var vener med mellom anna politikarane Robert Peel og William Gladstone og biskopen Samuel Wilberforce, den engelske kronprinsfamilien, særleg Mary av Teck (seinare dronning Mary), og franske keisar Napoleon III og keisarinne Eugenie.[1]

På sine eldre dagar gifta ho seg med den yngre, amerikanskfødde William Lehman Ashmead-Bartlett, som også tok namnet Burdett-Coutts. Med dette skapte ho skandale og tapte arva etter bestefaren til ei av systrene sine, Clara Money.[3] Dei to fortsette likevel det veldedige arbeidet, og Ashrnead-Bartlett blei britisk parlamentsmedlem i 1885.

Virke endre

Formuen sin på rundt tre millionar pund brukte Burdett-Coutts til å «endra verda.»[5] Fleire av gåvene hennar var anonyme, slik at ikkje alt ho støtta er kjend.[6] Ho engasjerte seg likevel personleg i mange hjelpeprosjekt. Mykje av støtta hennar gjekk til sjølvhjelpsprosjekt som var meint å skapa varige forbetringar heller enn å vera flyktig naudhjelp.[1]

Burdett-Coutts gav fleire bidrag til forbetringar i den utfattige austsida av London, mellom anna til bygging av husvære, som ei gruppe blokker i Columbia Square[2] og ein drikkefontene i Hackney. Ho bidrog til fattigskular og kveldsskular som kunne bidra til å utdanna barn bort frå barnearbeid[6] og arbeidslause bort frå naud, prostitusjon og lovbrot. Ho støtta også utvandring for vevarar frå London og Ayrshire som var blitt arbeidsledige på grunn av utanlandsk konkurranse.

Eit av dei tidlege prosjekta hennar var Urania Cottage, ein bustad for heimlause kvinner, som var eit samarbeid med forfattaren og venen Charles Dickens.[2] Ho danna også Flower Girls' Brigade for blomeseljarar og gav fattige gutar hjelp til å gå inn i marinen og handelsmarinen. Gateseljarar i Bethnal Green fekk stallplassar til esela sine, og blei oppmuntra til å behandla dyra sine godt gjennom oppvisingar og prisar. Den innebygde marknaden hennar Columbia Market i Bethnal Green blei derimot ingen suksess. Marknaden møtte sterk motstand frå eldre marknader med monopol, og frå gateseljarar som føretrekte å selja varene sine ute.[2]

 
St Stephen's with St John, kyrkja bygd av Burdett-Coutt og senter for mykje av det veldedige arbeidet hennar.

Burdett-Coutts bidrog til å oppretta eit nytt kyrkjesokn, St Stephen's, i slumområdet Rochester Row i Westminster. Der reiste ho ei kyrkje i nygotisk stil til minne om far sin, som hadde vore parlamentsmedlem for Westminster. Tilknytt kyrkja byrja ho ein skule, Burdett-Coutts & Townshend Foundation Church of England Primary School, som testamentetfullbyrdar for diktarpresten Chauncy Hare Townshend,[2][7][8] fleire klubbar og kurs og eit suppekjøkken. Ho påkosta også ei anna kyrkje vigd til den heilage Stefan i Carlisle, restaurerte kyrkja i Ramsbury som ho hadde arva ansvaret for etter faren, og overtok også nabosoknet Baydon, der ho forbetra kyrkja og presteembetet knytt til henne, og fleire landsbyhus. Ho betalte også for opprettingar av anglikanske bispedøme i det britiske imperiet, som Cape Town og Adelaide i 1847 og Britisk Columbia i 1857.

Under den store hungersnauda i Irland bidrog Burdett-Coutts med naudhjelpsenter, utdanning og utstyr for fiskarar, prøvde å få irske produkt selde i England, og hjelpte naudstilte til å utvandra. Ho betalte også for forsking på potetsjukdom, som hadde vore den utløysande årsaka til hungersnauda.[2] Ved å tilby dei britiske styresmaktene pengar til nye settepoteter pressa ho dei til å betala for dette sjølve.[1]

Av arbeid for trengande utanfor dei britiske øyane kan nemnast opprettinga av «Turkish Compassionate Fund» for tyrkiske bønder og flyktningar frå krigen mellom Russland og Det osmanske riket.[2] Ho sende støtte til dayakfolk i venen James Brooke sitt Sarawak-kongedømeBorneo og urfolk i Australia. Då ho høyrde at innfødde i Abeokuta sør i Nigeria mangla tekstilmaskineri, betalte ho for dette, til auke for produksjon og handel der.[2]

Ho støtta noko av den tidlegaste kreftforskinga, og bidrog til opprettinga av det første dedikerte kreftsjukehuset Brompton Cancer Hospital (no Royal Marsden Hospital) i 1851. Ho gav også bidrag til helsetenester for prostituerte og soldatar i Zulukrigane og Krimkrigen. Under sistnemnde sende ho til Florence Nightingale spesiallaga tørkeutstyr for sengeklede ved sjukehuset som ho sjølv hadde utforma.[6]

Life, whether in man or beast, is sacred.

Angela Burdett-Coutts[2]
 

Angela Burdett-Coutts hadde leiarverv i ei rekkje organisasjonar, som Destitute Children's Dinner Society og London Society for the Prevention of Cruelty to Children, forløparen til den nasjonale barnevernorganisasjonen Society for the Prevention of Cruelty to Children. Ho hadde også leiande roller i dyrevelferdsorganisasjonen Royal Society for the Prevention of Cruelty to Animals (RSPCA), som ho organiserte konkurransar og heldt talar for, birøktarlaget British Beekeepers Association og var den første adelege støttespelaren til geitehaldarlaget British Goat Society.[5] I den siste rolla kom fleire av interessene hennar saman: Ho oppmuntra fattige til å halda geiter, og heldt sjølv geiter som gjorde det godt på fesjå. Mjølka deira fekk ho send til sjukehus.[1] Ho betalte for minst to redningsbåtar til den nye redningstenesta i England, Royal National Lifeboat Institution,[6] og for livreddingsfartøy i Bretagne.[2]

Burdett-Coutts var også interessert i vitskapleg og teknologisk utvikling, og støtta Charles Babbage med utviklinga av hans reknemaskin (ein forløpar for moderne datamaskinar), British Horological Institute. Ho finansierte den første landmålinga av Jerusalem i 1864, og prøvde fåfengt å bidra til å restaurera akveduktane der for å forbetra sanitasjonen i byen.[2] Ho støtta David Livingstone sin utforskingsekspedisjon til Afrika og Henry Morton Stanley sine leiteekspedisjonar etter Livingstone og Emin Pasha.[2] Ho kjøpte over hundre gamle greske manuskript frå Janina (Epirus), fekk dei frakta til England og husa i Highgate; dei var ei gåve til Roger Cholmeley sin skule.

Stebestemora som hadde skjenka henne arva hadde vore skodespelar, og Burdett-Coutts tok imot skodespelarar som William Macready og dramatikarar som Henry Irving og brukte det sosiale nettverket sitt til å framheva dei. Då skodespelaren og teaterdirektøren Mary Warner døydde fattig tok Burdett-Coutts vare på dotter hennar.[9]

Angela Burdett-Coutts bidrog med fleire stipend, prisar og kjøp frå samtidige kunstnarar som Marshall Claxton, James John Hill, Anna Mary Howitt, Mary Ann Criddle, Rebecca Soloman og John James Masquerier. Ho kjøpte også ulike kunstverk og gjenstander til si eiga samling.[4] I eit hjørne av eigedommen sin Holly Lodge Estate i Highgate, som då låg i utkanten av London, bygde ho bustadprosjektet Holly Village med ein portal der ho sjølv og Hannah Brown er avbilda som statuar.[10][11]

Mindre byggverk og minnesmerke reiste av Burdett-Coutts er ein påkosta innebygd fontene i Victoria Park i London[12] og ein fontene ved Greyfriars Kirkyard i Edinburgh med ein statue av den trufaste hunden Greyfriars Bobby.[13] Ved Gamle St. Pancras kyrkje anla ho ein park og reiste eit stort solur som minnesmerke over dei gravlagde som var blitt flytta frå gravene sine gjennom bygginga av jernbanen.[14] Leivningane etter Pascal Paoli, korsikansk flyktning som var gravlagd her, sende ho tilbake til heimstaden til glede for korsikanarane. I 1877 bidrog ho til å kjøpa nye kyrkjeklokker til St. Pauls katedral i London.[1]

 
Angela Burdett-Coutts seinare i livet.

Død, ærestilvisingar og ettermæle endre

Angela Burdett-Coutts blei 92 år gammal. Ho døydde heime i Stratton Street i Piccadilly av akutt bronkitt. Under likskodet vitja rundt 30 000 heimen hennar for å visa henne ei siste ære.[15] Burdett-Coutts blei gravlagd 5. januar 1907 nær vestdøra i skipet av Westminster Abbey.[15] Ettersom ho ikkje hadde etterkomarar enda baroniet med henne.[2]

I tillegg til baronessetittelen som Burdett-Coutts blei gjeven i 1871 blei ho den første kvinna til å bli gjeven «freedom of the city» i London i 1872,[2] og fekk den same æra i Edinburgh i 1874.[16]

Ho blei tildelt den osmanske Mecidi-ordenen for hjelpen sin til flyktningar under den russisk-tyrkiske krigen i 1877.

Namnet hennar blei også minna i cockneyrimslang som synonym for «støvlar», fordi det rimar med «boots».[2]

Charles Dickens dedikerte romanen Martin Chuzzlewit til Burdett-Coutts.[2] Kong Edvard VII skal ha kalla henne «den merkverdigaste kvinna i kongeriket» nest etter mor hans, dronning Viktoria.[17][2] Ho er nemnd i ein ballade i Ingoldsby Legends (1837) av Richard Harris Barham som «Miss Anjaley Coutts».[18] Ho var truleg utgangspunktet for «the greatest heiress in England», Adriana, i Endymion av vennen Benjamin Disraeli.[2]

I romanen Flashman's Lady (1977) av George MacDonald Fraser har ho eit forhold til James Brooke. Terry Pratchett nemner Burdett-Coutts som ein av fleire historiske personar i sin roman Dodger (2012).

Verk endre

  • Women's mission: a series of congress papers on the philanthropic work of women by eminent writers. (red.), for verdsutstillinga i Chicago i 1893

Sjå også endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 John Parker Anderson, Burdett-Coutts, Angela Georgina, Dictionary of National Biography, 1912 supplement
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 2,10 2,11 2,12 2,13 2,14 2,15 2,16 2,17 Healey, Edna (Jan 2012). «Coutts, Angela Georgina Burdett-, suo jure Baroness Burdett-Coutts (1814–1906)». Oxford Dictionary of National Biography, online edn (subscription required). Oxford University Press. Henta 21 April 2014. 
  3. 3,0 3,1 Baroness Angela Georgina Burdett-Coutts, London Remembers
  4. 4,0 4,1 Lot 127Y Robert Thorburn, ARA HRSA (British, 1818-1885) Field Marshal Arthur Wellesley, 1st Duke of Wellington, KG, GCB, GCH, PC, FRS (1769-1852), wearing blue coat, white waistcoat, chemise and stock, Bonhams.com
  5. 5,0 5,1 Anglicans Online
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 «Angela Burdett-Coutts», Coutts.com
  7. Joseph Jackson Howard (editor), Miscellanea Genealogica et Heraldica, New Series, London, 1884, vol. IV: 130
  8. «Burdett-Coutts & Townshend Foundation CE Primary School», arkivert frå originalen 17. mai 2014, henta 17. mai 2014 
  9. John Joseph Knight, «Warner, Mary Amelia», Dictionary of National Biography, 1885-1900, Volume 59
  10. Holly Village, Victorian Web
  11. «Gates: Holly Village», londonremembers.com
  12. Fountain: Burdett-Coutts - Victoria Park, arkivert frå originalen 17. mai 2014, henta 17. mai 2014 
  13. Man's Best Friend – Greyfriars Bobby at Historic UK
  14. Monument: Burdett-Coutts Memorial Sundial
  15. 15,0 15,1 Angela Burdett-Coutts, The Dean and Chapter of Westminster
  16. The Right Honourable ANGELA-GEORGINA, BARONESS BURDETT-COUTTS. Given the Freedom of the City of Edinburgh: 15th January, 1874 Arkivert 2012-02-27 ved Wayback Machine., edinburgh.org.uk
  17. «After my mother, the most remarkable woman in the kingdom.»
  18. «The Ingoldsby Legends by "Thomas Ingoldsby" (Rev. Richard H. Barham)»

Bakgrunnsstoff endre

  • Owen Rutter, editor. Rajah Brooke & Baroness Burdett Coutts: Consisting of the Letters from Sir James Brooke to Miss Angela, afterwards Baroness, Burdett Coutts. 1935.
  • Professor Jenny Hartley. Charles Dickens and The House of Fallen Women. Methuen, 2009. Charts the history of Urania Cottage.
  • Diana Orton. Made of Gold. Hamish Hamilton, 1980.
  • Edna Healey. Lady Unknown: The Life of Angela Burdett Coutts. Sidgewick & Jackson, 1978.
  • Baroness Angela Georgina Burdett-Coutts ved London Remembers. Kort livssoge og lenkje til byggverk ho reiste i London.
  • Angela Georgina Burdett-Coutts ved Victorian Web
  • Article on Angela Burdett-Coutts ved Anglicans Online