Daktyli

(Omdirigert frå Anisodaktyl)

Daktyli, daktyl- eller daktylo- (frå gresk δακτυλος, daktylos, 'finger')[1] er eit vitskapleg omgrep for noko som har med fingrar og tær å gjera.[2][3]

Daktylogi tyder til dømes fingerspråk, medan daktyloskopi er ei nemning for studiet av fingeravtrykk. Elles kan daktyli visa til talet på, eller stillinga til, tær eller fingrar hjå menneske og dyr.

Tal på tær og fingrar endre

 
Tofingra dovendyr

Monodaktyli endre

Monodaktyli (av gresk monos-, 'ein') viser til ein tilstand der ein har ei enkelt tå på ein lem, som hjå moderne hestar. Desse høyrer til gruppa Perissodactyla.

Didaktyli endre

Didaktyli (av gresk di-, 'to') eller bidaktyli viser til ein tilstand der ein har to fingrar eller tær på kvar lem, som hjå tofingra dovendyr (Choloepus) og hovdyrgruppa Hypertragulidae. Partåa hovdyr som hjort, sau og storfe (Artiodactyla) har berre to tær på kvar fot. Det same gjeld strutsar.

Tridaktyli endre

Tridaktyli (av gresk tri-, 'tre') viser til ein tilstand der ein har tre fingrar eller tær på ein lem, som hjå nashorn og hesteforfedrar som Protohippus og Hipparion. Desse høyrer alle til gruppa Perissodactyla. Nokre fuglar har også tre tær, som emuar, trappar og vaktlar.

Tetradaktyli endre

Tetradaktyli (av gresk tetra-, 'fire') viser til ein tilstand der ein har fire fingrar eller tær på ein lem, som hjå mange amfibiar, fuglar og dinosaurgruppa theropodar. Nokre pattedyr har også tetradaktyli, til dømes hundar og kattar på bakføtene.

Pentadaktyli endre

Pentadaktyli (av gresk pénte, 'fem') viser til ein tilstand der ein har fem fingrar eller tær på kvar lem. Ein finn mellom anna pentadaktyli hjå menneske og reptilar. Ein utbreidd teori hevdar at alle tetrapodar eller firbeinte virveldyr stammar frå eit dyr med fem fingrar/tær på kvar lem, og at dei som har færre har mista dei gjennom evolusjon. Stephen Jay Gould la fram ein annan teori i artikkelen «Eight (Or Fewer) Little Piggies» i 1991.[4]

Tåstilling endre

 
Diagram av høgrefoten til fire typar fuglar.

Anisodaktyli endre

Anisodaktyli er den vanlegaste stillinga for tærne til fuglar, med tre tær som peikar framover og ei som peikar bakover. Dette er vanleg hjå sporvefuglar, duefuglar, hønsefuglar og hjå rovfuglar som ørner, haukar og falkar.

Syndaktyli endre

Syndaktyli hjå fuglar liknar anisodaktyli, bortsett frå at den tredje og fjerde tåa (dei ytste og mellomste frampeikande tærne), eller tre tær, er samanvoksne. Dette førekjem hjå råkefuglar (Coraciiformes), som omfattar isfuglar, motmotar, råkar og bietarar.

Zygodaktyli endre

 
Grønvengara (Ara chloropterus) med høgre fot løfta

Zygodaktyli (frå gresk ζυγος, 'para') er ei tåstilling der to tær (nummer 2 og 3) peikar framover og to andre (nummer 1 og 4) peikar bakover. Dette er vanleg hjå skoglevande dyr som klatrar på stammar eller gjennom bladverk. Ein finn det hjå fuglar som papegøyar, hakkespettar, gaukar og nokre ugler. I tillegg førekjem ei liknande stilling hjå kameleonar. Alle papegøyefuglar, heile gaukefamilien og dei fleste spettefuglar og fiskeørna er zygodaktyle. Det er funne zygodaktyle fotspor frå 120–110 millionar år sidan, 50 millionar år før ein har funne dei eldste identifiserte zygodaktyle fossila.[5]

Heterodaktyli endre

Heterodaktyli liknar zygodaktyli, bortsett frå at tå nummer 3 og 4 peikar framover medan tå nummer 1 og 2 peikar bakover. Dette førekjem berre hjå trogonar.[6]

Pamprodaktyli endre

Pamprodaktyli er ei stilling der alle fire tærne peikar framover. Ofte kan ytre tær (nummer 1 og av og til nummer 4) fleksible og kan snuast bakover. Denne stillinga finn ein hjå seglarar (Apodidae) og musfuglar (Coliiformes).

Uventa tal og misdanningar endre

Fullstendig fråvær av tær eller fingrar der dei er forventa blir kalla adaktyli.[7]Oligodaktyli viser til det å ha færre tær eller fingrar enn forventa. Ektrodaktyli er ei form for oligodaktyli der ei eller fleire av dei midtre tærne eller fingrane manglar. Syndaktyli som misdanning viser til at tær eller fingrar har vokse saman under fosterutviklinga. Polydaktyli viser til det å ha fleire tær eller fingrar enn det som er vanleg.

Kjelder endre

  1. «daktyl» i Nynorskordboka og Bokmålsordboka.
  2. «daktyli - A-Å - NEL - Nevrologiske prosedyrer». NEL - Nevrologiske prosedyrer. 
  3. Kåss, Erik (20. februar 2018). «daktyl-». Store medisinske leksikon (på norsk). 
  4. Stephen Jay Gould. «Stephen Jay Gould 'Eight (or Fewer) Little Piggies' 1991». Arkivert frå originalen 5. august 2011. Henta 2. oktober 2015. 
  5. «Earliest zygodactyl bird feet: evidence from Early Cretaceous roadrunner-like tracks». Naturwissenschaften 94: 657–665. 2007. Bibcode:2007NW.....94..657L. doi:10.1007/s00114-007-0239-x. [daud lenkje]
  6. Botelho, João Francisco; Smith-Paredes, Daniel; Nuñez-Leon, Daniel; Soto-Acuña, Sergio; Vargas, Alexander O. (7. august 2014). «The developmental origin of zygodactyl feet and its possible loss in the evolution of Passeriformes». Proceedings of the Royal Society of London B: Biological Sciences (på engelsk) 281 (1788): 20140765. ISSN 0962-8452. PMC 4083792. PMID 24966313. doi:10.1098/rspb.2014.0765. 
  7. József Zákány; Catherine Fromental-Ramain; Xavier Warot & Denis Duboule (1997). «Regulation of number and size of digits by posterior Hox genes: A dose-dependent mechanism with potential evolutionary implications». PNAS 94: 13695–13700. Bibcode:1997PNAS...9413695Z. PMC 28368. PMID 9391088. doi:10.1073/pnas.94.25.13695.