Anita Márton (fødd 15. januar 1989) er ein ungarsk friidrettsutøvar frå Szeged som vann kulestøyt ved innandørs-EM 2015 og 2017, samt innandørs-VM 2018. Ved dei store internasjonale meisterskapane utandørs har ho vunne sølv i VM 2017 og EM 2016, bronse i OL 2016 og EM 2014.

Anita Márton


Statsborgarskap Ungarn
Fødd 15. januar 1989 (35 år)
Szeged
Idrett friidrett
Tok del i

friidrett under Sommer-OL 2020 – kulestøt kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2012 – Kulestøt damer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – Kulestøt kvinner

Aktiv endre

Márton fekk bronsemedaljen i kulestøyt då ho ved EM 2014 i Zürich gjorde personbeste med 19,04 m. Tidleg våren 2015 vann ho øvinga ved innandørs-EM 2015 i Praha med eit støyt på 19,23 m. Under verdsmeisterskapen i Beijing fem månader etter forbetra Márton sitt personbeste til 19,48 meter og vart nummer fem.

Ved EM 2016 tok ho sølvmedaljen, trass i moderate 18,72 m. To månader seinare presterte Márton sitt livs beste kulestøyt i finalen under Sommar-OL 2016, kula landa på 19,87 meter og gav henne bronsemedaljen. I mars 2017 forsvarte ho meistertittelen i innandørs-EM i [[]], med 19,28 m nådde ho nærare meteren lenger enn nummer to. Under London-EM same året sikra Márton seg sølvmedaljen med eit støyt på 19,49 m. Ved hall-VM 2018 i Birmingham støytte Márton 19,62 m og sigra framom sterke utøvarar som Danniel Thomas-Dodd frå Jamaica og Gong Lijiao frå Kina.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre